Djuphavet - bør det utforskast?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Med moderne teknologi kan vi menneske nå stadig djupare og bli stadig lengre under vatn. Forskarar kan ta prøver og utføre eksperiment i havområde på fleire tusen meters djup, i økosystem som aldri har vore i kontakt med menneske eller mekanikk. Vi har no moglegheit til å utforske det som verkeleg er «verdas siste villmark». Spørsmålet er: er det etisk forsvarleg?

Unike økosystem

Over halvparten av jorda er dekt av djuphav, havområde på meir enn 200 meters djup. Dette er det største levelege området på planeten. Med eit gjennomsnittsdjup på 3800 meter vatn er det kanskje vanskeleg å førestille seg omfanget av «det store blå». Sollys når ikkje djupare enn 200 meter, og det einaste lyset vi finn i djuphavet er bioluminescens, korte lysglimt mange djuphavsdyr sjølv kan lage.

Det typiske biletet vi har av djuphavet er flate sandsletter med lite dyreliv. Men dette er langt frå heile sanninga: Undersjøiske fjell er vanlege, dei tilbyr hard botn der korallrev eller svampsamfunn kan etablere seg. Kval-kadaver eller trestammer frå overflata kan skape midlertidige oasar av liv. Og på 70- og 80-talet oppdaga forskarar nokre heilt spesielt: hydrotermiske ventilar. Slike ventilar blir danna i område med høg tektonisk aktivitet, der sprekker over kjelder av magma skil ut varme og mineral. Her fins spesielle bakteriar som utnyttar dei kjemiske stoffa frå ventilane til å skape energi (kjemosyntese), nett som plantar på landjorda og algar i havoverflata utnyttar sollys (fotosyntese). Bakteriane skaper grunnlaget for unike økosystem, fullstendig uavhengige av sollys.

Vern mot menneske

Biologar talar gjerne varmt om å verne unike og verdifulle økosystem. Samtidig meiner dei fleste at medan fiskeri, industri og kanskje turisme bør haldast på avstand skal vi, forskarar, få tilgang til å ta prøver og utføre eksperiment. Men dei fleste er einige i at som biolog i felt er det tilnærma umogleg å ikkje ha ein viss innverknad på systemet vi studerer: som den austerrikske fysikaren Erwin Schrödinger skal ha sagt: «Observing a system changes that system». For å få god kunnskap om økosystem i djuphava treng vi både å ta prøver som undersøkast på land og observere området der nede, til dømes ved hjelp av fjernstyrte filmapparat eller bemanna ubåtar. Men korleis blir økosystemet påverka av dette?

Utstyr som blir brukt til å ta prøver av havbotnen (til dømes trål eller borr) kan permanent øydelegge delar av habitatet, i tillegg til at individ av potensielt sjeldne dyreartar blir fjerna frå sitt naturlege habitat (og sannsynligvis stryk med på veg til overflata). Og det er lett å førestille seg at forskingsfartøy med mykje lys og lyd kan skape midlertidig stress. Ein studie frå ein hydrotermisk ventil publisert i Nature i 1999 (doi:10.1038/18142) viste faktisk at reker kunne ha blitt blinde av lys frå undersjøiske fartøy! Kanskje det er på tide å innsjå at vi menneske ikkje treng å ha oversikt over all natur? At vi kan la «den siste villmarka» ligge urørt?

Det minste av mange onder

Ulike studie som har samanlikna effekten av menneskelege aktivitetar på djuphavsbotnen understreker at den relative utstrekninga av forskingsaktivitet er forsvinnande liten samanlikna med til dømes fiskeri. Medan effekten av forsking er liten og lokal, har djuphavsfiske høg påvirking over eit større område. I tillegg til oljeindustri og fiskeri vil andre aktivitetar i framtida kunne ha ein stor negativ effekt over større djuphavsområde, som mineralutvinning og CO2-lagring.

Å drive med forsking kan forsvarast med at vi treng kunnskap om korleis slike system fungerer både for å forsvarleg forvalte ressursane i desse områda, som allereie er under press, og for å kunne grunne eventuelle vernetiltak med vitskapleg kunnskap. Vi treng meir god forsking for å forstå kva som finnast i det store blå, og som allereie kan vere sterkt truga. Det er ikkje auka kunnskap som trugar djuphavet.

Ein utvida versjon av dette blogginnlegget har vore publisert på heimesida vår, http://blog.marinbiologene.no/. Her kan du sjå på fleire bilete fra djuphavet  og lese andre spennande innlegg om marinbiologi.

Powered by Labrador CMS