Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.

Det kan vera vanskeleg å få barn til å ta medisinar som smakar vondt.

Nanopartiklar kan få deg til å ta medisin som smaker vondt

Legemiddel som er festa med en tynn film til innsida av kinnet, vert teken raskare opp. Kan medisinen forsvinne inn i blodbana før den ekle smaken rekk fram til smakslaukane?

Kroppen kan tilførast legemiddel på fleire ulike måtar. Nokre vi kjenner godt til, er tablettar, salvar, stikkpiller, sprayar og så vidare. Desse måtane kallar farmasøytane legemiddelformer, og dei har ulike fordelar og ulemper.

Ei legemiddelform som ikkje er så utbreidd endå, er medisin på ein liten, firkanta film som vert kleba til innsida av kinnet.

Gjennom slimhinna vert verkestoffa tekne rett opp i blodbanen. Dermed unngår dei å gå via mage og tarm, som i tillegg til å vera ein omveg òg kan påverka og delvis bryta dei ned.

– Vi treng ikkje gje like høge dosar, og vi får ofte ein raskare effekt. Nitroglyserin, som vert lagt under tunga ved hjartekrampar, fungerer på denne måten, fortel Ingunn Tho, professor i galenisk farmasi ved Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo.

Ein slik filmbit kan festast til innsida av kinnet.

Som brekkmiddel

Ho leiar eit prosjekt som skal finna formuleringar for medisin i film som skal utvida bruken. Formuleringa vil vera nyttig for pasientar som av ulike årsaker har vanskar med å svelgja tablettar.

– Det kan vera små barn, slagpasientar, eldre, psykiatriske pasientar eller ved fyrstehjelp for bevisstlause personar, forklarar Tho.

Men enno er det mange medisinar som har ein eigenskap som gjer at dagens løysing på film er ueigna for dei: Dei smakar vondt. Nokre er så ille at pakningsvedlegget uttrykkjeleg seier at ein ikkje må tyggja dei, men svelgja tablettane heile.

– Dei verste kunne nok like gjerne blitt brukt som brekkmiddel, ja, smiler Tho.

Forskarane har brukt ei elektronisk tunge til å måla intensiteten i den vonde smaken.

Forsvinn inn i blodbanen

– Derfor er det vanleg å kamuflera smaken ved å gje tablettar der verkestoffa er omgjevne av ei meir smaksnøytral innpakning. Til barn lagar ein kanskje miksturar med sterk søtsmak av til dømes banan, men å overdøyva ein vond smak er ei dårleg løysing, og barna likar ikkje miksturane heller.

Tho er rettleiar for Julia Alopeus, som tek doktorgraden ved instituttet. Ho har nyleg publisert ein vitskapeleg artikkel der ho har brukt ei elektronisk tunge til å måla intensiteten i den vonde smaken.

– Vi pakkar verkestoffa inn eit stoff som bind eller legg seg rundt lenge nok til at det vert teke opp og forsvinn inn i blodbanen før smaken kjem i kontakt med smakslaukane og vert for vond for pasienten, fortel Alopeus.

Barn er vare for bitre smakar

– Samstundes må innpakninga vera akkurat så laust knytt til verkestoffet at dei skil lag når dei er komne inn i blodet, elles vil ho hindra den ynskte effekten av legemiddelet.

Den elektroniske tunga er eit instrument som er i stand til å måla intensiteten i dei ulike smakstypane hjå menneske. Det er bitterheita ho er mest interessert i å måla.

– Det er kor bittert eit verkestoff er, som har mest å seia for pasienten, spesielt er barn vare for bitre smakar. Eit verkestoff som smakar søtt, vil nok derimot dei fleste akseptera. Ikkje minst barna, seier Alopeus.

Frå venstre: Ingunn Tho, Julia Alopaeus og Martina Tzanova.

Festa seg til slimhinna

Martina Tzanova er ein annan av stipendiatane som har bidrege til prosjektet. I masterprosjektet sitt studerte ho faste, lipidbaserte nanopartiklar som kan brukast i filmformuleringa.

Dei bidrar til smaksmaskeringa og består av eit stoff som finst naturleg i cellemembranane i kroppen vår. I tillegg har nanopartiklane ein annan fordel:

– Mange nye verkestoff som vert utvikla, let seg vanskeleg løysa i vatn. Det er utfordrande når dei skal brukast i legemiddel. Med denne typen nanopartiklar kan vi løysa dette. I tillegg beskyttar nanopartiklane verkestoffet utanfor kroppen, altså frå legemiddelet vert produsert og fram til pasienten tek det, seier ho.

– Nanopartiklane kan òg festa seg til slimhinna når filmen løyser seg opp og styra kor fort verkestoffet vert teke opp. Dermed kan løysinga vår òg brukast til depotpreparat, altså at verkestoffet gradvis vert teke opp over lengre tid.

Referansar:

Martina M. Tzanova mfl.: Solid lipid nanoparticle-loaded mucoadhesive buccal films – Critical quality attributes and in vitro safety & efficacy. International Journal of Pharmaceutics, 2020. Doi.org/10.1016/j.ijpharm.2020.120100

Julia F. Alopaeus mfl.: Investigation of hydroxypropyl-β-cyclodextrin inclusion complexation of two poorly soluble model drugs and their taste-sensation - Effect of electrolytes, freeze-drying and incorporation into oral film formulations. Journal of Drug Delivery Science and Technology, 2020. Doi.org/10.1016/j.jddst.2020.102245


Powered by Labrador CMS