I eit stort forskingsprosjekt er kystøkosystema i Norden vorte vurderte. Eitt av områda som vart sett under lupa var kystmiljøet på Helgeland, her illustrert med Lovund og Træna sett fra Hestmona i Lurøy. (Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix)

Helgelandskysten er ein biologisk og kulturell skatt

Livet i havet og ved kysten av Helgeland er i god stand og har stor verdi, ifølgje ein omfattande rapport. Myndigheiter må nytte denne kunnskapen til å balansere godt mellom utvikling og bevaring av kysten, meiner forskar.

Naturen kan ikkje tale si eiga sak i politiske prosessar, og det er lett å oversjå mange av nytteverdiane naturen har for mennesket når vedtak skal fattast.

I eit nytt forskingsprosjekt er kystøkosystema i Norden vorte vurderte, etter ein modell frå FN sitt naturpanel. Biologisk mangfald, økosystemtenester og trugslar for økosystemet er sett i samanheng.

Eitt av områda som vart sett under lupa var kystmiljøet på Helgeland.

– Kystmiljøet på Helgeland er verdifullt på mange måtar. Det dannar grunnlaget for økonomisk inntekt frå hausting av råvarer, og den relativt urørte naturen er sjølve varemerket for reiselivet. Tilstanden til det biologiske mangfaldet er til og med aukande, men også på Helgeland finst det menneskelege trugslar for økosystemet, seier marinbiolog Kasper Hancke ved Norsk institutt for vassforsking (NIVA), som hadde ansvaret for vurderinga av kystmiljøet på Helgeland.

Havet bind Norden saman

I tillegg til felles kultur deler dei nordiske landa eit felles hav, og dette var bakgrunnen for det fellesnordiske arbeidet.

Marinbiolog Kasper Hancke ved Norsk institutt for vassforsking (NIVA) hadde ansvaret for vurderinga av kystmiljøet på Helgeland. (Foto: NIVA)

Forskarane skulle undersøkje kystøkosystema i Norden – men sidan hundre tusen kilometer med kyst ikkje er undersøkt i ein fei, valde forskarane ut elleve område fordelt på Grønland, Island, Færøyane, Noreg, Sverige, Danmark og Finland.

Resultatet er to tjukke rapportar til Nordisk ministerråd. Dei identifiserer biologisk mangfald, økosystemtenester og trugslar mot økosystema, saman med råd til styresmaktene om korleis dei skal handle for å ta vare på økosystema langs kystområda i Norden.

Urørt på Helgeland

Helgelandskysten i Noreg var eit av dei utvalde områda.

– Vi valde Helgeland fordi området skil seg ut ved å vere urørt, og fordi det har ein fleire tusen år gammal kultur, seier Hancke.

Etter å ha studert bortimot 60 vitskaplege publikasjonar om kystmiljøet på Helgeland, kunne Hancke og kollegaene hans slå fast at forventinga deira om eit urørt kystmiljø stemde ganske godt.

88 prosent av vassmassane på Helgeland har god eller veldig god samla økologisk tilstand, og det er berre inst i fjordane ein finn teikn på algevekst som fylgje av avrenning av næringssalt.

Fakta om Helgeland

Helgelandskysten strekk seg 200 kilometer frå Nord-Trøndelag i sør til Salten i nord.

Her finn du om lag 10.000 store og små øyar, kvite strender, eit yrande dyre- og fugleliv og bratte fjelltoppar som stig rett opp av havet. (Kilde: UT, DNT)

Tilstanden for det biologiske mangfaldet i Midt-Noreg har dessutan vorte stabilt betre dei siste 25 åra.

– Naturleg påfyll

«Finne tilbake til deg selv? Puste fritt og rolig i et stort og åpent landskap. Tenke klart. Se litt lenger.»

Slik freistar NordNorsk reiseliv AS stressa menneske med å kome seg bort frå tronge forhold i byane og ut til Helgeland – for å få «kropp og sjel til å henge sammen».

Gjennom mangfaldige generasjonar har kulturen og identiteten til det nordiske folket vorte forma av den årlege syklusen av stadeigne vêrforhold og tilgjengelege ressursar.

– Folk i Norden verdsett tilgangen på natur, og dette var ein av konklusjonane i den fellesnordiske rapporten. Til forskjell frå dei fleste andre stader i verda har vi i Norden allemannsretten, og dermed tilgang til mest alle kystområde og strandliner. Difor er vi ikkje like avhengige av verna område for å oppleve natur som dei er i mange andre i-land, seier Hancke.

Tenester frå naturen

Den kulturelle verdien av kystøkosystema i Norden vart nemleg òg lagt til grunn for den totale vurderinga.

Årsaka er at synet vårt på naturen så smått er i ferd med å endre seg: Frå å berre vere ein stad vi haustar råvarer og ressursar frå, er naturen vorte ein type aktør som yter ulike tenester for menneske; tenester som er forsynande, regulerande, støttande eller kulturelle.

For eit menneske er naturen altså mykje meir enn berre mangfaldet av plantar og dyr som lever der og som vi forsyner oss av.

Eit intakt økosystem driv vassreinsing, luftreinsing og flaumvern, og sørgjer for at dei grunnleggjande pumpene i systemet fungerer; dei som resirkulerer næringsstoff og driv primærproduksjonen.

Naturen har òg gjennom generasjonane vorte avgjerande for identitet, kultur og psykisk helse for menneske.

– Verdien av økosystemtenestene er vanskelege å taksere - men han er svært høg, og det er viktig å kommunisere denne verdien til dei som bestemmer og fattar vedtak, seier Hancke.

Tareskog som karbonlager

På 1970-tallet var tareskogane langs Norskekysten utsette for kraftig beitepress frå kråkebollar, og 2000 kvadratkilometer med tareskog frå Møre til russergrensa forsvann.

Tareskogane, som danna livsgrunnlaget for ein myriade av algar, blautdyr, krepsdyr, fisk, fugl og sjøpattedyr, er no på veg attende, også til Helgelandskysten, etter å ha vore borte i fleire tiår.

Årsakene til at desse er komne attende er samansette, men har truleg å gjere med at havet har vorte for varmt for kråkebollane, slik at kråkebollane flyttar lenger nordover.

Tilveksten av tareskog kan ha ein positiv effekt på klimaet.

– Tare er truleg svært viktig for karbonfangst og -lagring, og spesielt no som tareskogane kjem attende til kysten, seier han.

Tareskogane, som danna livsgrunnlaget for ein myriade av algar, blautdyr, krepsdyr, fisk, fugl og sjøpattedyr, er no på veg attende, også til Helgelandskysten, etter å ha vore borte i fleire tiår. (Foto: NIVA)

Marinbiologen meiner at ein må forske meir på verdas tareskogar, då desse kan ha potensial for ein CO2-fangst som er minst like stor som i regnskogane.

– Ein trur nemleg at store mengder tare hamnar på havdjupet og vert liggjande der praktisk talt permanent. Dette er altså tare som vert røska laus frå kysten av storm og uvêr. Det er truleg ei viktig kjelde til permanent karbonlagring, seier Kasper Hancke.

Gjev næring til heile Norskehavet

Utanom bidrag til karbonfangst, kunne forskarane frå NIVA identifisere ei rekkje andre økosystemtenester på Helgelandskysten som vi menneske har god nytte av:

Blåskjel, tare og sjøgras som reinsar sjøvatnet; tareskogen som dempar bølgjeslag; og fisk, reker og krabbar som gjev økonomisk inntekt, for å nemna noko.

Og fellesnemnaren til alle økosystemtenestene er at dei er avhengige av at heile økosystemet er intakt for at dei skal levere.

Dei positive effektane av økosystemtenestene når òg langt utanføre Helgelandskysten, for primærproduksjonen langs Helgeland gjev næring til økosystem i heile Norskehavet.

Negativ trend for sild, torsk og sjøfugl

Likevel peiker ikkje alle piler oppover. Hancke ramsar opp dyra som har vist nedgang dei siste åra: Sild, torsk og dei fleste av sjøfuglane, særleg ærfugl, krykkje og sildemåke.

I økosystemet har sild ei viktig rolle som matkjelde vidare opp i næringskjeda for større fisk og sjøpattedyr, medan kysttorsken spelar ei viktig rolle i balansen mellom tare og kråkebolle.

Kysttorsken er no nær ei kritisk grense, og forskarane trur det er manglande rekruttering som er årsaka.

Naturlege og menneskeskapte drivarar

I vurderinga såg forskarane òg på kva for drivarar som i størst grad påverkar kystøkosystema i Norden.

Ulikt resten av Europa er det naturlege forhold som har størst påverknad på kystmiljøet i Helgeland. Vêr, solinnstråling, samspel mellom rovdyr og byttedyr og annan naturleg aktivitet tel meir enn menneskeskapte drivarar .

Likevel er lista lang over negative menneskelege påverknadar: Konstruksjonar, kystutvikling, forureining, framande artar, klimaendringar og turisme.

– Den politiske utfordringa på Helgeland er å balansere politiske mål om kystutvikling, industriell utvikling, jordbruk, akvakultur og turisme opp mot trongen til å bevare kystmiljøet, seier Kasper Hancke, og avsluttar:

– I den debatten kan tilnærminga til naturen som ein tenesteytande aktør vere nykelen til å forstå dei samfunnsmessige verdiane av eit intakt kystmiljø, og dermed til å sikre ei kunnskapsbasert og berekraftig utvikling av kystøkosystema.

Referanse:

Andrea Belgrano m.fl: Biodiversity and ecosystem services in Nordic coastal ecosystems: an IPBES-like assessment. Naturvårdsverket. 2018. ISBN 978-91-620-8799-9

Prosjektet vart finansiert av Nordisk ministerråd.

Powered by Labrador CMS