Fersk forskning om sjamanisme

Sjaman Ailo Gaup (1944-2014) – den fyrste samiske sjaman i Noreg. (Foto: Linda Bournane Engelberth).
Bilete viser tromma til sjaman Ronald Kvernmo. (Foto: Ronald Kvernmo)

(Bilete viser tromma til sjaman Ronald Kvernmo. (Foto: Ronald Kvernmo). 

Skrevet av Trude Fonneland, professor ved Tromsø Museum - Universitetsmuseet 

Om du er interessert i samtidsreligion så er det no komen ei ny bok om ein av dei raskast vaksande religionane i det moderne vestlege samfunnet.

I år 2000 deltok eg i mitt fyrste feltarbeid blant utøvarar av sjamanisme i Noreg på sjamankurset «En hyllest til den store ånd». Det eg opplevde på dette kurset utløyste ei nyfikne som snakka direkte mitt folkloristiske hjarta. Feltarbeidet skapte grunnlaget for eit ynskje om ei djupare forståing for utøvarar av sjamanisme, for deira verdsbilete, verdiar og haldningar, deira tolkingar av kvardagen, aktivitetar, erfaringar, identitetar og strategiar.

I september i år vart forskinga mi om sjamanisme i Noreg tilgjengeleg for eit internasjonalt publikum gjennom publikasjonen Contemporary Shamanism in Norway: Religion, Entreprenurship and Politics (Oxford University Press 2017). Sjamanisme reknast som ein av dei raskast vaksande religionane i det moderne vestlege samfunnet. I Noreg speglast denne veksten mellom anna i dei mange alternativmessene som vert arrangert i byar over heile landet. På disse messene marknadsfører sjamanar og andre New Age-entreprenører sine varer og tenester, og publikum si interesse og frammøte aukar årleg.

Sjaman Eirik Myrhaug som utfører eit offer ved seiden Rikkagallo. (Foto: Trude Fonneland).

Eit samisk sjamanistisk miljø er også i stadig utvikling. Eit aukande antal samiske sjamanar tilbyr sine tenester via kurs, bøker, messer og på eigne heimesider på Internett. Ein samisk sjamanistisk festival, Isogaisa, såg dagens lys i 2010 og her møtest årleg menneske med interesse for det sjamanistiske feltet til kunnskapsutveksling og feiring. Opprettinga av Sjamanistisk Forbund kan løftast fram som eit siste tilfang til denne utviklinga og veksten. Forbundet fekk status som trudomssamfunn av Fylkesmannen i Troms 13. mars 2012, noko som inneber ein rett til å tilby og utføra livsfaseritar som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferder og i tillegg økonomisk, statleg stønad relatert til medlemstalet.  Om opprettinga av forbundet uttrykkjer sjaman og forbundsleiar Lone Ebeltoft til avisa Nordlys: «De kaller oss en ny religion, men faktisk er vi den eldste».

I boka Contemporary Shamanisms in Norway: Religion, Entrepreneurship, and Politics (Fonneland 2017) diskuterer eg nettopp denne framveksten og utviklinga av samisk sjamanisme i Noreg. Boka viser at sjamanisme fram til tusenårsskiftet skilte seg i lita grad frå kjernesjamanistiske praksisar utvikla i USA av Michael Harner, som reknast som ein pioner innanfor dette feltet.

Sidan den gong har ein samisk versjon av sjamanisme vorte etablert, saman med eit nytt fokus på det unike ved vår Arktiske natur og kultur. I miljøet har det vakse fram eit fokus på at sjamanisme utgjer tradisjonar som korresponderer til vår natur, vårt landskap, våre forfedre, historie og tankesett. Endringane kjem til uttrykk på New Age kurs og arrangement, men like fullt i meir sekulære felt som i turisme, merkevarebygging, i underhaldningsindustrien og siste men ikkje minst i samiske nasjonsbyggingsprosessar.

Tema som løftast fram i boka sine sju kapittel er, i tillegg til prosessar knytt til utviklinga av feltet sjamanisme, naturrelasjonar, kjønn, sjamanfestivalen Isogaisa, etableringa av Sjamanistisk Forbund som eit eige trudomssamfunn og sjamanisme som eit ledd i merkevarebygging i turistindustrien i Noreg.

Ein av boka sine målsettingar er å visa at sjamanisme i Noreg ikkje er ei einskapleg organisert rørsle, men eit lappeteppe av skiftande og elastiske nettverk, som strekkjer seg over både regionale og nasjonale grenser. Studiet av framveksten av sjamanisme i Noreg opnar for eit sjeldan innsyn i religiøse innovasjonsprosessar i samtida. Det speglar grunnlaget for korleis nye religiøse tradisjonar vert produsert og får feste og seier noko om tradisjonar sin natur i seinmoderne samfunn.

Powered by Labrador CMS