Demokrati i det små

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette første blogg-notatet skal handle om demokrati i det små. Etter å ha forska på lokaldemokrati og kommunal verksemd i snart 35 år er eg stadig overtydd om at kommunen som institusjon er ei genial oppfinning, og at den må vi som samfunnsengasjerte borgarar ta vare på og utvikle vidare.

Men i dei daglege avisoppslaga får vi ikkje utan vidare noko positivt inntrykk av kommunen. Det er skolar som skal leggast ned, eldre som ikkje får plass på institusjon, rådmenn og ordførarar med sparekniv og forsvar av eigne, gode lønningar som pregar nyhetsbildet – iallfall i desse budsjett-tider. Så kva er det med kommunen som vi må ta vare på? Svaret på dette er enkelt, men handlar om kompleksitet: Det er ikkje berre lurt, men heilt avgjerande at vi har institusjonar der dei som tar ansvar må tenke på tvers av mange samfunnsoppgåver.

Det er altså avgjerande av den enkle grunn at ”kommune” betyr ”omtanke”. Det er ikkje nok å vere sterkt for å satse på barnehagar, sterkt for å satse eldreomsorg, sterkt for å satse på å få opp vegstandarden i kommunen, osv. Det er sjølvsagt prisverdig når folk engasjerer seg for ei enkeltsak eller for eit saksfelt. Og det er svært viktig at vi har folk i administrasjonen og blant dei folkevalde som kjenner godt til bestemte saksforhold, altså folk som har spesialisert seg og opparbeid høg kompetanse på for eksempel energisparing eller vaksenpedagogikk.

Men når ”saka di” skal finne ei økonomisk løysing, er det ikkje berre å plusse på utgiftssida i budsjettet eller be Staten om å sende meir midlar. Kommunen er rammefinansiert, og det betyr at alle må hente sine pengar ut av ei felles kasse. Litt meir til deg betyr litt mindre til andre. Den som opptrer i kraft av å vere ”kommune”, må vise omtanke for heile kommunesamfunnet, og kan ikkje berre brenne for ei bestemt og aktverdig og nødvendig sak. Mange snur i døra når dei får ei slik oppleving av å måtte forhalde seg til ei kø av gode, men underfinansierte formål, eller når dei blir inviterte til å ta stilling til smertefulle omdisponeringar. Derfor er ikkje ”kommune” alltid populært, for å seie det mildt.

Vel, dette er normativt preik, og ikkje noko forskingsresultat. Poenget er at ”kommune” byr på store og til dels ekle utfordringar for dei som stiller seg til disposisjon for eit parti eller ei liste. Den som kjem inn i kommunestyret må bu seg på ein lang opplæringsfase, der ein etter kvart lærer korleis knappe midlar må prioriterast på best mogleg måte.

Mange vil rygge tilbake for å måtte ta ansvar for å fordele armod. Og mange vil måtte innsjå at det ikkje finst noko fagleg grunnlag for å foreta ei forsvarleg prioritering mellom ein veg, eit kulturtiltak eller eit eldresenter. Det er politiske avvegingar som må gjerast, og då helst av folk og representantar som er innforstått med spelet, innforstått med å ta tap og villige til å risikere tap av folkeleg omdømme ute i kommunesamfunnet. Lokalmedia er sjeldan nådig og lar seg prinsipielt ikkje overtale til å ”skjerme” representantar som har vedtatt det dei etter ærleg overtyding meinte var nødvendig å gjere.

Nokon vil sikkert lure på korfor dette er forskingsmessig interessant å følgje opp – når det etter alt å dømme ikkje fint noko fagleg grunngjeve svar eller løysingar på dei dilemmaene som er antyda her. Vel, vi kjem tilbake til dette om eitpar veker…

Powered by Labrador CMS