Innovasjon eller planlegging i kommunane?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Her om dagen møtte eg meg sjølv i døra. Eg var invitert til å halde eit innlegg på Distriktssenteret, som ligg i Steinkjer, Sogndal og Sandnessjøen. Foredraget gjekk på video, og handla om ei viktig endring i Plan- og bygningslova, nemleg innføring av ”Kommunal Planstrategi” som skal vere obligatorisk frå september 2011 av. Eg tala entusiastisk om dei mulighetene som ligg i det nye planstrategi-grepet, for etter 12. september skal alle folkevalde i kommunane samtundes i gang med å klargjere ”kommunens strategiske valg knyttet til samfunnsutvikling”. Arbeidet med å utvikle planstrategi bør iht. Lova gå føre seg med ”bred medvirkning og allmenn debatt som grunnlag for behandlingen” (Pbl § 10-1).

For underteikna, som både er optimist på vegner av folkestyret, og interessert i nyskaping og utvikling, er det ikkje noko problem med å formidle dei gode sidene ved det som no blir gjort obligatorisk for alle kommunane. Plan-tenking er uansett bra, for det fører med seg ein varheit når det gjeld å sjå samanhengar - mellom skolebygg og trafikkårer, og å sjå utilsikta verknader av det som av fleirtalet blir oppfatta som elles positive tiltak (kva skal vi fjerne når vi fjernar eigedomsskatten?). Men på skjermen, med både folk i Sogndal, Steinkjer og Sandnessjøen til stades, blei det rekt opp ei hand. Eg trur det var frå Steinkjer. Meldinga var nokonlunde såleis: ”I 2004, Nils Aarsæther, skreiv du ein rapport som heitte Innovations in the Nordic Periphery. Der skreiv du at det som særkjenner kommunar som er innovative, er at dei er i stand til å legge til side vedtatte planar og strategidokument, og gå for dei nyskapingsinitiativ som blir lanserte.”

Eg må innrømme at dette gjorde meg litt usikker – blir eg, fagleg sett, oppfatta som ein vinglar mellom det å vere planforsvarar og å vere planskeptikar? Kanskje er eg så interessert i å få ulike forsamlingar i tale, at eg over ein tidsperiode motseier meg sjølv? Er det ikkje slik som forskingsrapportar har vist, at plantenking kveler initiativ og evne til raskt å snu seg etter nye muligheter som dukkar opp? Og blir ikkje planlegging dårlegare jo meir framtidsretta den er? Dersom vi hadde vedtatt og følgd opp framtidsretta planer sånn omkring 1980, med den kunnskapen vi hadde då, kor ville vi ha stått i dag? Den gongen då Norsk Data var i ferd med å bli verdsleiande på stormaskiner og det var 3 års ventetid for å få innlagd telefon i Tromsø?

Men seriøst, er det slik at det er to ulike rolletypar – innovatøren og entreprenøren på den eine sida og konsekvenstenkaren, planleggaren på den andre? Og kan desse to typane eigentleg samarbeide godt om å løyse viktige utviklingsoppgåver i kommune-Norge? Det er all grunn til å ta på alvor, og ikkje minst å utnytte dei ferdighetene som begge typar roller kan tilføre det lokale folkestyret, og lokal samfunns- og stedsutvikling. Kanskje blir det best resultat av å reindyrke nyskaparen sin spontanitet, og å la planleggaren fordjupe seg i alle slags konsekvensar av nyskapinga – frå inntektsforskjellar til raudlisteartar? Alternativet er å utvikle ein ny smidig-langsiktig rolletype innafor lokalpolitikken: Ei oppøving i både kreativitet, og i evna til å styre unna konsekvensar som ”vi” ikkje ønskjer.

Og det er her eg ser den nye vrien i Planlova som spennande: For det første skal Planstrategien ta inn over seg dei store spørsmåla for kommunesamfunnet si framtid. For det andre skal det vere ein låg terskel for å delta. Og for det tredje er det ikkje frå lovgivarane si side sett noko som helst detaljføring på kva som faktisk skal stå i strategidokumentet. Det kan godt formulerast sterke virkemiddel for å gjere befolkning, næringsliv og tenestesystemet i kommunen meir nyskapande og fleksibelt, samstundes som ein styrer etter klåre mål om bærekraft – sosialt, økonomisk og miljømessig. Slik seg ser det, vil ein fornuftig bruk av kommunal planstrategi bidra til å viske ut skiljet mellom det stive, byråkratiske ved PLANSYSTEMET, og det innovativt-fleksible som blir så høgt verdsett inn utviklar-feltet. Derfor heiar eg på planstrategien no om dagen – og må tole å møte ei yngre utgåve av meg sjølv i døra.

Powered by Labrador CMS