Når kommunen driv samfunnsutvikling

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forrige blogg om kommunalforsking kom tidleg på nyåret. Den handla om kommunen som demokratisk grunnstein i det norske samfunnet.

I vinter har eg, saman med tre forskarkollegaer ved NORUT i Tromsø og Alta, gjennomført den første landsdekkande kartlegginga av kommunen i rolla som samfunnsutviklar. Kommunal- og regionaldepartementet var oppdragsgivar.

Rapporten Kommunen som samfunnsutvikler kom i mai, utan at det førte med seg noko større oppstyr. For det som kom fram i rapporten bekrefta det som mange allereie veit – men som få enno ser betydninga av: At norske kommunar har eit svært så aktivt og omfattande engasjement for å utvikle lokalsamfunn, bymiljø, tettsteder, bygder og å skape engasjement, trivsel – og jobbar. Til beste for lokalsamfunnet, ja vel, men på kva måte, og med kva resultat?

Vi veit jo at ordet ”kommune” ikkje gir dei mest spenstige assosiasjonar, vi høyrer stadig kommunane klage over at midlane strekk til, og det er protestar når kommunar skjærer ned på skole og eldreomsorg. Er det slik at denne institusjonen faktisk er ein viktig medspelar i noko av det mest spennande fornyingsarbeidet som foregår, både i offentleg, privat og frivillig sektor?

I januar kartla vi, gjennom eit spørreskjema til ordførarar og rådmenn over heile landet, kva som skjer på ”utviklingsfronten” i norske kommunar. Vi fekk inn rådmann- eller ordførarsvar frå nærare 300 kommunar. I tillegg drog vi på kommunebesøk i to småkommunar (Tolga, Tranøy i Troms) og to litt større kommunar (Alta, Øvre Eiker) for å kome tettare inn på det som skjer på den kommunale utviklingsfronten.

Rapporteringa frå kommune-Norge vist eit overveldande engasjement i samfunnsutvikling. 277 av 278 kommunar opplyste av dei var involvert i lokale utviklingsprosjekt – frå eit enkelt prosjekt opp til ”flere enn 15” prosjekt for samfunnsutvikling. Og eit klart fleirtal (62%) av kommunane svarte at dei hadde sørga for ein auke i administrativ kapasitet til å drive samfunnsutvikling i løpet av dei siste 5 åra.

I spissen for dette arbeidet står kommunen si toppleiing: Ordførar, rådmann, næringssjef og planleggar. No var det ordførarar og rådmenn som svarte på denne undersøkinga, og vi må nok rekne med at ligg ei viss overrapportering av eiga rolle i materialet vårt. Men uansett: Utviklingsarbeidet er i dag godt forankra i kommunane sitt nøkkelpersonale. Det er ikkje ”satt bort” eller drive på utsida av kommunen sin organisasjon.

Tidlegare studiar har vist at kommunane har prioritert næringsutvikling og jobbskaping i utviklingsarbeidet. Fleire i jobb gir mindre sosiale problem og større skatteinntekter for kommunen – altså både reduserte utgifter auka inntekter. Men når vi spurte om kva område innsatsen for samfunnsutvikling var størst, var ikkje næringsutvikling lenger nr 1.

Både ordførarane og rådmennene meinte at arealplanlegging kom eit hakk føre næringsutvikling som innsatsområde. Deretter følgde samfunnsdelen av kommuneplanen, tiltak for samferdsel, omdømmebygging, tiltak for engasjement/tilhørighet og stedsutvikling. Litt lenger ned på lista over viktige innsatsområde kom inkluderingstiltak for nye innbyggarar, klimaretta tiltak, stimulering av demokratisk deltaking og nyskaping i tenestetilbodet.

Ingen av dei tiltaka vi hadde nemnd, blei oppfatta som noko som kommunane i liten grad dreiv med. Responsen var altså overveldande, både i breidde og intensitet. Og ein nærare analyse av svara avslørte at arbeidsmåtar så vel som innsatsområde var omlag dei same over heile landet, og vi fann svært lite forskjell mellom små og større kommunar.

Dei sterke rapportane som vi mottok gjennom skjemaundersøkinga blei nok ikkje fullstendig bekrefta gjennom bruk av intervju med nøkkelpersonale i dei fire kommunane vi besøkte. Men tendensen var den same: Stor motivasjon, stor breidde. Og litt varierande resultat av innsatsen…

Dette med å fokusere på resultat har vore eit lite tabu i samfunnsforsking og evalueringar, men eit tabu som no på godt og vondt blir utfordra (stikkord: Pisa). Når vi spør kommunale leiarar om på kva område utviklingsarbeidet har gitt best resultat, virkar svara ærlege nok: Det er ikkje primært nye arbeidsplassar eller motvirking av utflytting som er resultatet, men det blir rapportert større trivsel i lokalsamfunnet – og at dei kommunalt tilsette opplever betre motivasjon i jobbane sine. Og det jo ikkje så verst?

Resultata er tilgjengelege på KRD si heimeside, og rapporten kan ein bestille hos NORUT i Tromsø:

Torill Ringholm, Nils Aarsæther, Vigdis Nygaard og Per Selle (2009): Kommunen som samfunnsutvikler. En undersøkelse av norske kommuners arbeid med lokal næringsutvikling. Tromsø: NORUT.

Powered by Labrador CMS