Å ta vare på naturen som helsearbeid: økofilosofi og psykisk helse
Knut Ivar Bjørlykhaug, Høgskulelektor og naturgutt.
«According to the law of nature it is only fair that no one should become richer through damages and injuries suffered by another» - Cicero
Om vi skal følgje sitatet til Cicero, blir rikdomen vår ofte skapt på bekostning av noko. Det opplevde romarriket, der Cicero var ein sentral type. Det same opplever vi. Konsekvensane blir meir og meir synlege. Øydelegg vi oss sjølve gjennom øydelegginga av naturmiljøet?
På arbeidsplassen min har vi ein gong per månad noko vi kallar for «intellektuell verkstad». Då samlast alle ved senter for psykisk helse og rus, Høgskulen i Søraust-Noreg, for å gå djupare i eit utvalt tema som kan knytast til psykisk helse- og rusfeltet. Det er eit privilegium. Mellom effektivitet og krav til produksjon er slike kollektive tenkjepausar svært verdifulle. I haust har vi undra oss over (blant fleire ting) samanhengen mellom natur, økofilosofi og psykisk helse.
Økofilosofi og psykisk helse
Økosofi, eller økofilosofi, stammar frå filosofen Arne Næss. Omgrepet kan knytast til naturvisdom eller utvikling av slik visdom. Økofilosofien hjelper oss til å forstå at alt liv er del av den same heilheita. Det er ikkje eit religiøst livssyn, heller ikkje eit humanistisk livssyn, men kan kallast eit livssyn som handlar om å endre menneskets forhold til naturen. Gjennom ei slik forståing har vi eit grunnleggande ansvar med tanke på å ta vare på naturmiljøet, leve i tråd med naturen sine tålegrenser og utvise respekt for alt liv.
Kvifor er det relevant?
Korleis kan eit slikt livssyn vere relevant for psykisk helsefeltet? Kva verdi har naturen for oss i dag, og korleis forstår vi naturen? Kva betyr evna vår til å ta vare på naturmiljøet for helsa vår? Kan det kanskje vere ein samanheng mellom måten den vestlige livsførselen er med på å utarme og øydelegge naturen, og graden av psykisk uhelse og avhengighet i vestlige land? Om menneske er natur, er det slik at det å bry seg om andre menneske og handle solidarisk overfor medmenneske, òg er ei form for naturvern?
Å ta vare på naturen er bra for helsa
Frå store mengder forsking knytt til fysisk aktivitet og naturopplevingar, veit vi at dette er avgjerande helsefremmande områder. Det er lite som gir betre kognitiv restitusjon enn natur; forsking viser at naturdokumentarar får hjerne og kropp til å kvile, om enn ikkje i same grad som det å vere fysisk i naturen. Ei ny kunnskapssamanstilling om friluftsliv og psykisk helse, viser at urørt natur appellera til noko grunnleggande i oss, og hjelper til med å skape mental balanse når den moderne livsforma slit for hardt på oss. Naturopplevingar er så mangt. Det kan vere ein tur langs Akerselva eller ekspedisjonar på Grønland. Det er uansett ei logisk slutning at å ta vare på naturen, sjølve livsgrunnlaget vårt, bør vere bra for helsa.
Vi burde hatt meir innflytelse i prosessen mot å ta vare på naturmiljøet, og det er gode sjansar for at det vil gi positive utslag for helsa. Terje Bongard som er humanbiolog, løftar fram at økt innsats for ei berekraftig klode kan gi betre psykisk helse. Dette er noko ein kan og bør forske meir på (saka om dette kan lesast her).
Sosial rettferdighet
I spørsmål om rettferdig fordeling av både naturressursar og pengar, kan økofilosofien både omfamnast og kritiserast. Kvifor skal ikkje menneske som har levd i fattigdom andre stadar, få oppleve same rikdomen som mange i Vesten? I kor stor grad er det mulig å bry seg om at alt liv har eigenverdi, når du kjempar for overleving og lev i desperasjon?
Mange vil hevde at økofilosofien går for langt. Ja, for kor langt skal vi gå når vi bryr oss med natur- og dyrelivets velferd? Her er det motstridande syn. Kanskje nokre av levereglane blir for strenge. Ein treng ikkje og bør ikkje bli fanatisk. På den andre sida veit vi at fleire «fattige» stammesamfunn og ur-folk er klokare i si framferd i naturen, enn folk i Vesten. Det å plassere seg i naturen, og ikkje over eller utanfor den, er ei mangelvare i Vesten (og etterkvart andre stadar). Vi er ein del av naturen. Klokskap er kanskje ei anna mangelvare. Det ser ikkje ut til at folk blir klokare av å få stadig meir. Frå eit økofilosofisk perspektiv er dette ei viktig kjerne; at vi opplever glede og økt livskvalitet i nok.
Difor bør vi protestere når eit statsbudsjett legg opp til evig vekst, der vi skal fortsette å vere brikker i eit urealistisk prosjekt – prosjektet om den evige veksten, og endå meir forbruk. Det gjer noko med oss, denne dansen med evig fornying og forbruk. «Skal ha, skal ha!» Det går utover oss sjølve og andre. Vi må og skal fornye oss heile tida. Eg vil hevde vi treng mindre sjølvutvikling, og meir kulturutvikling.
Velstand i nok?
Det leiar oss mot kulturspørsmål og verdidebatten. Er vi for ukritiske overfor korleis kulturen påverkar oss? Har evna vår til å vere kritiske og stille spørsmål til det som betyr noko for oss, som fellesskap, forvitra? Kva er våre langsiktige verdiprioriteringar, og kva betyding har det for folkehelsa? Kan vi oppleve velstand i nok, og kan det hjelpe oss på vegen mot rettferdig fordeling, å ta betre vare på naturmiljøet og førebygge farlige klimaendringar?
Det er nok pengar i omløp til at alle kan oppleve å ha nok. Det er nok kunnskap tilgjengelig om at vi må ta betre vare på livsgrunnlaget vårt. Eg trur det å stå imot og protestere mot evig vekst og forbrukarjaget, mot urett, og engasjere seg i alternativa, vil vere sentrale bidrag når vi skal søke løysingar. Løysingar på det internasjonale helseorganisasjonar, politikarar og fagfolk løftar fram som dei nye voksande problema i vår tid: psykiske lidingar, avhengighet og sosial ulikhet.
Referansar og lesetips:
Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (2017): Økt innsats for en bærekraftig klode kan gi bedre psykisk helse. Henta frå: https://www.napha.no/content/21774/-Okt-innsats-for-en-barekraftig-klode...
Naturopplevelse, friluftsliv og vår psykiske helse (2016): Rapport fra det nordiske miljøprosjektet «Friluftsliv og helse». Henta frå: http://www.norskfriluftsliv.no/naturopplevelse-friluftsliv-og-var-psykiske-helse-rapport-fra-det-nordiske-miljoprosjektet-friluftsliv-og-helse/
Næss, Arne (1999). Livsfilosofi. Et personlig bidrag om følelser og fornuft. Oslo: Universitetsforlaget.
(Forsidefoto: Pixabay)