Gjennombrot for ein meir human ruspolitikk

Skrevet av: Knut Ivar Bjørlykhaug

Det går framover i arbeidet med ei nødvendig rusreform. Inspirert av gode erfaringar frå Portugal, vil som kjent eit fleirtal på Stortinget avkriminalisere besittelse og bruk av illegale rusmiddel.

Ei ny kunnskapssamanstilling frå rusmisbrukaranes interesseorganisasjon (RIO) (Johansen, Johansen og Johannesen 2018), kalla «Portugal på Norsk – et kunnskapssammendrag for varslet narkotikapolitisk reform for bruk og besittelse av illegale rusmidler», gir oss ei viktig og interessant innføring i det ruspolitiske skiftet.

«Krigen mot narkotika» har feila, det er det brei eining om. Forsking viser at personar med ruslidingar opplever tung stigmatisering, ofte tyngre enn folk med andre helseutfordringar, noko som er til hinder for betring. At behandling og hjelp i større grad blir prioritert framfor straff er ei etterlengta prioritering. Denne dreiinga kan vere med på å redusere stigma knytt til rusavhengighet og liding. Ein fjernar difor kanskje rota til ei viktig barriere. Det kan sjåast som eit forsøk på å legge til rette for eit meir human-etisk gjennombrot i ruspolitikken – og at etiske og kontekstuelle omsyn tek til å vege så tungt som dei bør vege.

Vidare legg rapporten opp til ein viktig diskusjon. Ein kan ikkje blå-kopiere modellen; både fordi Noreg allereie har innført ein del tiltak som ligg i modellen (som til dømes legeassistert rehabilitering), og at vi har eit anna system, på godt og vondt. Det er viktig at behandling og reform blir utvikla i tråd med trendar og utvikling hos brukarane, og norske forhold.

I ei heilskapleg reform er det mange omsyn å ta. Ei fare er at ein i debatten om avkriminalisering, og ofte i samband med dette, liberaliseringsdebatten, implisitt kommuniserer at «rusbruk ikkje er så farleg». Difor er den førebyggande komponenten avgjerande og må innarbeidast grundig i reforma. For mange, og spesielt i sårbare livssituasjonar, er vegen kort frå bruk til avhengighet. Korleis kan vi best skape endå betre alternativ til å velje potensielt skadelege rusmiddel, når livet er vanskeleg? Dette spørsmålet kan vi diskutere breiare og handle ut frå. 

Vi veit at alkohol har kome for å bli og det er det mest skadelege rusmiddelet per dags dato. Vi veit at andre rusmiddel veks fram, og blir meir og meir tilgjengelege. Å finne betre måtar å regulerere illegale midlar på – framfor å gi kriminelle monopol – kan vere klokt. Ein ny studie i The international journal of drug policy, som analyserte ulike ruspolitiske regimer, peikar på at statskontroll for både alkohol og cannabis er å føretrekke. Absolutt forbod vart analysert fram til å vere til verste alternativet.

Det anbefalast elles for interesserte å lese rapporten frå RIO i si heilheit (følg linkar i tekst).

Hugleik, Knut Ivar.

(Tittelen er endret 1.mars)

(Forsidefoto: lechenie-narkomanii / Pixabay)

Powered by Labrador CMS