Kven er vi utan andre?

Eit essay om Færøyane og moralens opprinnelse. Om lykke og fortvilelse.

Tekst og foto frå Færøyane: Knut Ivar Bjørlykhaug

«My heart is yearning to belong», syng artisten Nick Mulvey hjå headsettet, medan eg plukkar opp sekken på Vágar flyplass, den forblåste flyplassen på Færøyane. Hjarta våra lengtar og verkar etter å høre til, og hjartet har to kammer: dei eine heiter lykke og det andre fortvilelse. Eg er på veg til ein internasjonal konferanse om sosialkonstruksjonisme i Thórshavn. Høyres fancy ut. Dette er mitt første besøk til eventyrlandet Færøyane, og eg blir møtt av ein rå natur.

Det er midten av april og fjella her, som er kledd av mose og gras og har ekskludert all skog, er fortsatt gule og oransje etter ein lang vinter. Nokre stadar er det grøne i ferd med å vekse fram. Det er fossefall og elver som bryt opp det gule, oransje og grøne, det luktar kraftig sjø og svakt av svovel frå vulkanane som helsar frå Island. Eit svovelkyss.

Utanfor flyplassen blir eg òg møtt av ei stram lukt frå sauedyr; det må vere den første flyplassen eg trakkar i sauelort på grastustane ved parkeringsplassen. Magi, tenker eg. Sansane blir verkeleg vekt til liv. Dette kan eg like.  

Eg har med meg mange tankar om det sosiale si betyding for oss menneske, og korleis våre sosiale landskap stadig er i forandring. Om korleis vi klamrar oss til rammer som kan skape meining og retning. Logisk. Nødvendig. Om konsekvensane når rammene blir for stramme, og språket for fattig. Kvelande. Farlig.

Som fersk stipendiat forskar eg på folks sosiale landskap og psykisk helse. Eit tema som gir glød, og ein konferanse som rører i vår sosiale virkelighet og konstruksjonen av denne virkeligheten, passar godt inn i prosessen.

Korleis er eg, min identitet, min måte å kommunisere på, min virkelighet prega av møta mine med andre menneske? Er det eg står for, meiner, fortel, tankane og ideane mine, «berre» eit resultat av interaksjon og dialog med andre? Korleis ser og føler eg og du verda forskjellig?

Kva betyr venskap, familie, lokalmiljø, språket, kulturen for oss – for utviklinga vår – for den psykiske helsa vår? Kva betyr alt dette når til dømes psykiske helsevanskar oppstår, blir møtt og forstått av andre? For potensialet vårt for betring, eller forverring? For kroppen og biologien?   

Eg forsøker å tone ned tankane, eg studerer landskapet på turen frå flyplassen til Thórshavn, denne lille hovudstaden i øysamfunnet som har drøye 20.000 innbyggarar. Heile øya rommer om lag 50.000 innbyggarar. Irar og nordmenn var dei første som busette seg her, litt før år tusen. Ei kjensle av einsemd kjem snikande i det eg studerer landskapet. Det er vakkert og einsamt. Evighet. Evighet som kvilar i landskapet, og som ikkje bryr seg særleg med menneska sine sosiale landskap.

Konferansen er hektisk og lærerik, mange deltakarar frå heile verda. Ministrar frå den Færøyske regjeringa held talar (Færøyane har ein viss grad av sjølvstyre, men er en del av kongeriket Danmark som ofte har siste ord i fleire høve, kva gjeld politiske avgjerder). Det er ikkje ofte slike konferansar blir til her. Wow, dette er jo større enn eg trudde.

Eg finn raskt sosial støtte hjå ein mann frå Nederland på min alder, vi har ein god tone, flirer litt av engelsken til utanriksministeren. Vi klamrar oss til kvarandre i det ukjente. Vi blir venar på Facebook. Så seier ministeren: «The Faroe Island is the land of maybe». Han siktar til folket si respekt for at naturen regjerar her. Med god kjennskap til naturkreftene sit erkjennelsen om at alt kan skje djupt forankra i folkesjela. Derfor er avtalane folk i mellom prega av eit «kanskje».

Så mykje inspirasjon å hente, så mykje kunnskap samla på ein plass, hjå kloke skallar og kroppar frå heile verda. Nokre område og tema som blei løfta fram var knytt til pågåande diskusjonar i samtida. Korleis kan vi skape og utvikle betre tenester for folk i det offentlege og private? Kan framtidas velferd i endå større grad vere relasjonell – i betydinga å legge til rette for at menneske i vanskelege livssituasjonar får betre anledning til å møte kvarandre, ta vare på og skape nye helande relasjonar?

Korleis konstruere historier som løfter folk og samfunn?

Krafta i det sosiale kjenner vi best når det sosiale blir tatt frå oss, skriv Karl Ove Knausgård i ”Om vinteren”. Eg forlet det sosiale. Konferansen er over og eg blir igjen på øya. Eg vil vere for meg sjølv, finne fred til å tenke lange tankar, og skrive. Privilegert son of a Queen.

Når eg skriv denne teksten, sit eg i eit gamalt hus, lite og skjørt frå 1909. Det er mala raudt og taket er grønt. Inne er det heimekoseleg, utsikt over fjord og nakne fjell gjennom små ruta vindauge. Det regnar tungt utanfor, vinden plystrar svakt i vindauga. Fire geiter ligg i blåsten og tygg frå den avgrensa menyen utanfor, stirrar tomt ut i lufta, blotta for bekymringar.

Det er ofte utfordrande å søke einsemd. Nokre gongar er det liksom lett å vere aleine, andre gongar meir krevjande. Abstinensane kjem til meg. Etter nokon å prate med, dele erfaringar med, dele måltid med, dele livet med. Fortvilelsen lokkar. Kvifor valgte eg å vere her, aleine?

Her er ikkje internett. Fleire abstinensar og teikn på avhengighet gjer seg gjeldande. Det er krafta i det sosiale. Det sosiale mellommenneskelege, både frå det fysiske og teknologiske, er tatt vekk, eg er overlatt til meg sjølv og tankane mine (det skal seiast at eg har mobilnett og mac, litt juks er lov).

Eg tek til å tenke på kven eg er utan andre. Kven er vi, utan andre?  

Så tek eg til å tenke på alle som er kronisk einsame, eller som dyrkar fortvilelsen. Som blir haldt utanfor, ofte på bakgrunn av dei stramme rammene, det til tider fattige språket, den avgrensa virkeligheten bestemt av nokre få, eller usunne overtydingar og våre avgrensa evne til å kommunisere og skape dialog.

Men nokre virkelighetsforståingar er vel betre enn andre, eller? Moral og rettferdighet må til dømes målast til opp mot kva vi kan akseptere og ikkje, i vårt felles sosiale landskap. Eg tenker at menneske er grunnleggande godt, og finn støtte i boka til den kloke biologen Dag Hessen: «Vi – samarbeid frå celle til samfunn». Vi er skapt for samarbeid, vi har moral og empati, djupt forankra i DNA-strukturen, men vi utviklar den stadig gjennom vår sosialitet og normative moral. Vi deler dette med mange andre dyr og levande vesen (sett vekk frå det normative).

Eg siterer Hessen: «no organism is an Island». Sett frå eit evolusjonsbiologisk perspektiv kan det sjå ut som om moralen, i alle fall empatien, kom før mennesket. Så kjem eg i hug eit skilt som heng på veggen inne i det eine aktivitetshuset kor eg gjer feltarbeid: «together is the best place to be».

Likevel er verda fortsatt urettferdig og jævlig vond for mange. I det sosiale blir også elendighet skapt. På tross av dette finst det så mykje godt å løfte fram, å bygge vidare på, utvikle. Lett å gløyme at vi har gjort ein heil del framskritt, kva gjeld utdanning, bevisstheit og samarbeid.

Fellesskapets fordelar er større enn ulempene, derfor blir denne vurderinga gjort på alle nivå: frå genfragmenter via slimsopp og alger, til maurtuer, bier og menneskesamfunn, skriv Hessen. Vidare peiker Hessen på at vi sjølv er produktet av eit utstrakt celle-samarbeid og arbeidsdeling cellene imellom. Det er ganske vakkert å tenke på at vi til ei kvar tid husar milliardar av bakterieceller, fordelt på meir enn tusen ulike artar. Samarbeid inne i kroppen, samarbeid utanfor kroppen, samarbeid mellom kroppar.

Kombinasjonen av vår evne til å samarbeide, empati og vilje til å gjere verda til ein betre stad kan sørge for nettopp det; at verda blir ein betre stad for fleire. Vi har kome ganske langt på veg, og vi kan velte verdas usunne maktstrukturar. Vi kan løyse miljøproblema. Vi kan skape sunnare lokalsamfunn. Naivt, tenker du kanskje, men det er sant. Vi er undervegs, det finst håp.

Så konkludera eg: gje oss venskap og relasjonar som kan hjelpe oss til innsikt, gje oss tilhøyrsle, slik det kan gro og vokse i dette eine kammeret i hjartet som heiter lykke. Blomstre. La oss hjelpe fleire til å finne meiningsfulle, sunne relasjonar. Vi kan alltid vinne over fortvilelsen. Men livet må vinnast kvar dag, og utan vennskap og fellesskap som gir oss innsikt, lokkar død, dumskap og øydelegging.

Powered by Labrador CMS