You’ll never walk alone: Fotball, vitskap og betringsprosessar

Innlegget er skrevet av Knut Ivar Bjørlykhaug

When you walk through a storm

Hold your head up high

And don’t be afraid of the dark

Walk on through the wind

Walk on through the rain

Though your dreams be tossed and blown

 

Walk on, walk on with hope in your heart

And you’ll never walk alone

You’ll never walk alone

At the end of the storm there’s a golden sky

And the sweet silver sound of the lark

Walk on, walk on with hope in your heart

(Rodgers and Hammerstein II, 1945)

Dette er kanskje eit innlegg som vil få dei med avsmak for fotball til å himle med augo. Men: fotball kan bringe folk saman og magiske ting kan skje i dette samværet. Noko av det første eg gjorde i den akutte sorg-fasen etter pappa døde brått for 13 år sidan, var å spele fotball-kamp med laget mitt: I.L. Norborg. Ein fantastisk klubb basert på Sunnmøre. Ein utvida familie kor mykje støtte kunne oppstå, og ein familie der alt det kompliserte kunne få vere litt mindre komplisert. 

Fotballverda kan tilføre mykje, blant anna gjennom forståinga vår av det kollektive og det vi er i stand til å skape gjennom samarbeid. Fotballverda har sjølvsagt òg sine skuggesider, kva gjeld det vanvitte fokuset på pengar, status-jag og eksluderande prosessar, men eg vel å løfte fram positive element i dette innlegget.

Det ser ut til at ulike prosjekt innan psykisk helse- og rusfeltet som nyttar fotball som tilnærming, ofte lukkast med å legge til rette for positiv sosial kontakt og terapeutiske alliansar.

Her vil eg løfte fram ein spesielt relevant studie: «You’ll never walk alone (YNWA): Supportive social relations in a football and mental health project» (McKeown, Roy & Spandler, 2015).

Studien utforskar eit fotball-program knytt til psykisk helsearbeid i Nord-England. Datagrunnlaget kjem frå kvalitative fokusgruppeintervju med både deltakarar og organisatorar. Ein har nytta sangteksten frå YNWA som inspirasjon og metafor i innramminga av analysearbeidet, og i formidlinga av funn.

Programmet blir kalla «The it’s a goal! (IAG), og bruker bevisst fotball-metaforar basert i og inspirert av kognitive teknikkar. Ein ønska hovudsakeleg å engasjere menn som slit i livet og som var overrepresentert i tenestane. Det heile blei utvikla av ein lokal psykisk helsearbeidar som var frustrert over det rigide kliniske systemet og språket, eit system som ofte ikkje var til hjelp for folk på vegen mot betring.

Opplegget støttar personar til å strekke seg mot personlege mål, er organisert i små grupper i perioder på 11 veker, og samlingane varer ca. 2 timar. Initiativet tar i mot henvisningar frå fastlegar, jobb-tiltak med fleire, og ein kan henvise seg sjølv. Gruppeleiarane blir referert til som «coaches» og deltakarane som «players».       

For å utforske programmet gjekk ein til sju ulike fotballklubbar i Nord-vest England som programmet hadde oppretta samarbeid med, og gjennomførte seks fokusgruppeintervju med totalt 40 deltakarar som nytta tilbodet (i tillegg til eit med trenarane, totalt seks personar).

I analysearbeidet kom forskarane fram til tre funnområder: 1) YNWA: fornying og gjensidig støtte, 2) Hold your head up high: kultivering av positive kjensler og identitet, og 3) When you walk through a storm: spesifikke kontrastar kva gjeld erfaringar samanlikna med ordinære psykiatriske tilbod. Eg skal ikkje gå detaljert inn på alle områda - til det anbefala eg å lese artikkelen.

Oppsummert løfta deltakarane fram overveldande positive erfaringar med deltakinga i programmet. Her kjem eit lite utval frå deltakarane sine erfaringar:

The big thing was becoming a team and rooting for each other, helping each other out… We have become a team ourselves, and are bouncing off each other and supporting each other; like if one player isn’t doing so well, we can support them (s. 362).

(the coach) got involved, talked about his problems of the past, and you think to yourself: He’s gone through that, he’s done that, you know? (…) you are automatically put on ease because you know you are not going to have to explain yourself (s. 363).

You can be quite isolated, I think, with things like depression and so in. You start to kind of withdraw from society, really. It builds your confidence just being with other people, but it’s more than that. It is that experience of saying: you’re not the only one (s. 362).

(…) It’s not as much textbook. It’s… you see psychiatrists. He tells you this, you tell him that, and he puts you on medication, whichever medication he thinks is suitable; it’s all by the book. Like I told a psychologist this morning: You all seem to play it by the book. This was totally different (s. 364).  

Ein del av det som går igjen i uttalelsane er støtta som oppstod når ein møtte andre i liknande situasjonar, verdien av erfaringsutveksling, og at ein kunne kome ut av isolasjon og einsemd. Dette er velkjente fenomen frå anna likepersonsarbeid, og frå tilbod der erfaringskompetanse og breiare perspektiv på kva terapi kan vere, får plass.

Andre viktige element var formidlinga av håp om betring og overføringsverdien frå korleis fotball-lag er organisert. Den gjensidige avhengigheita og spelarar som har ulike roller kunne relaterast til eige liv.

The attributes of different players, strikers having confidence, midfielders needing to hold things together and all that… provided a good way of looking at my own issues.

It certainly helps when you look at the different players and the different positions, and then you relate those characteristics to your own life.

(…) at the end, I felt my head was held high.

Verdien av metaforane og overføringsverdien av desse til eige liv, kom godt til syne gjennom deltakarane sine erfaringar. Det vart tydeligare ein ikkje trengte å gå aleine gjennom livet, og ikkje minst gjennom dei sosiale problema livet ofte byr på. Det blei skapt håp i det mellommenneselege, og tillit. Eit gjennomgåande tema var òg relatert til betydinga av å viske ut illusjonen om at det er så store skilnadar mellom den som treng hjelp, og den som skal hjelpe.

At the end of the storm, there’s a golden sky. Forskarane McKeown, Roy & Spandler (2015) konkluderar med verdien av å organisere tenestene annleis - og utnytte potensialet som ligg i erfaringskompetanse, erfaringsutveksling og i det kollektive. Dei argumenterer for ei meir relasjonell og kollektivistisk organisering av tenestene, basert på funn frå eigen og fleire andre studiar. Dette er i samsvar med foreløpige funn i ein større litteraturstudie eg utarbeidar om psykiske helsetenester og sosial støtte. Om det er fotball eller andre aktivitetar, ser vi stadig verdien av å bringe inn idear om møteplassar som kan føre psykisk helsearbeid framover. Dette er det vi kan omtale som sosialt psykisk helsearbeid. Meir av det!

Avslutningsvis må vi nemne eit strålande pågåande fotball-prosjekt her heime, «Recovery på banen», som fokuserer på verdien av gatelags-fotballen. Dette er eit prosjekt kor kollegaer ved Universitetet i Sørøst-Noreg er i full gang med å utvikle meir kunnskap om fotball, psykisk helse, rusavhengighet og betringsprosessar.  Fotballklubbane Sandefjord, Odd, Strømsgodset, Stabæk og Fredrikstad er med i prosjektet. Les meir her.

Og til alle knuste Liverpool-hjerter (inkludert mitt eige) etter gårsdagens finaletap mot Real Madrid: You’ll never walk alone.

Referanser:

McKeown, M., Alastair, R. & Spandler, H. (2015). You’ll never walk alone: Supportive social relations in a football and mental health project. International Journal of Mental Health Nursing, 24, 360-369.

https://onlinelibrary.wiley.com/doi/full/10.1111/inm.12122

 

 

 

Powered by Labrador CMS