Andre julenøtt: Slepp fangane fri

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Assisterande forskningssjef Ragnar Hauge og seniorforsker Anders Løland

Problem der fangar må løysa ei logisk oppgåve for å sleppa fri er svært overrepresentert i oppgåvelitteraturen i forhold til det verkelege liv. Eit slikt går ut på at ein har ti fangar som er dømt til livstidsstraff. Imidlertid er det i fengselet ei ordning der ein kvar dag hentar ein tilfeldig fange til eit rom der det er ei lampe og ein lysbrytar. Fangen kan velja å slå lampa på dersom den er av, eller omvendt, eller å la den vera.

Dersom fangane korrekt kan seia at alle har vore i dette rommet slepp dei fri, men dersom dei hevdar det utan at det er rett må dei sona heile straffen. Ut over å observera tilstanden til lampa har fangane ingen kommunikasjon med kvarandre etter at sekvensen er starta, men dei kommuniserer fritt for å leggja opp ein strategi i forkant. Korleis skal dei gjera det for heilt sikkert å sleppa fri så tidlig som mulig?

Send svaret til julekalender@nr.no innan torsdag 13. desember kl. 12. Vinnaren stikk av med attraktive NR-effektar.

Forrige julenøtt gikk ut på å laga eit pangram der det var kvadratisk straff for å gjenta bokstavar. Vinnaren her var Matias Holte, med utsagnet «Kom Qin! Høg-lux-pæra fås jo ved Tczew by!» Vi tar kritikk for ikkje å ha presisert at eit pangram berre skal ha ein setning, men med enkel endring av teiknsetjinga heldt forslaget framleis mål, og det har berre to bokstavar meir enn teoretisk minimum. Vi gratulerer!

Powered by Labrador CMS