Ein stemme er ikkje alltid ein stemme

Av Ragnar Hauge, Sjefsforsker

I samband med det nyleg gjennomførte valet i Storbritannia var det eit visst fokus på valordninga der. Kort tid før valet låg dei tre leiande partia på nær 1/3 kvar, men hadde særs ulike prognosar for representantar, noko som skuldast det britiske valsystemet.

Men kor mange representantar bør 1/3 av stemmane gi? I dei aller fleste valsystem som er i bruk kjem det an på kor mange stemmer andre parti har fått. Dersom 1/3 gjer deg til største parti får du meir enn 1/3, dersom du er minst får du mindre. Dette skuldast styringstillegg for store parti, og at småparti ikkje får stemmer nok til eitt mandat.

Med tre parti som kvar har 1/3 av stemmane vil alle valsystem gi i gjennomsnitt 1/3 av representantane til kvart parti. Men korleis dei fordeler seg rundt dette gjennomsnittet vil variera kraftig.

Konsekvensen av einmannskrinsar
I det britiske valsystemet, der det er einmannskrinsar og inga utjamning, vert utslaga store. På det minste kan eitt parti enda opp utan representantar, ved at eitt av dei andre alltid var større i kvar krins. Motsett kan dei få alle unntatt ein representant, ved å ha litt i overkant av 1/3 stemmane i alle unntatt ein krins, medan dei andre to har litt under 1/3 av stemmene i desse krinsane.

Ingen av desse utfalla er veldig sannsynlege. Dersom stemmene var heilt tilfeldige, men framleis med 1/3 til kvar, ville ein med 650 representantar totalt, som i Storbritannia, venta at kvart parti fekk mellom 193 og 241 representantar, altså mellom 30% og 37% av mandata.

Meiningsmålingane viste større variasjon, og dette skuldast at stemmene ikkje er tilfeldig fordelte, dei ulike partia står svakt og sterkt i ulike krinsar. Det partiet som då har stemmene jamnast fordelt geografisk får færrast representantar, sidan det då vert meir sannsynleg at eit anna parti står sterkare i ein gitt krins.

Representasjon med forholdstal
I det norske valsystemet vert forholdstal nytta til å fordela representantar på fylkesnivå, i tillegg til 19 utjamningsmandat som vert gitt frå forholdstal på landsnivå. Dette gjer variasjonen mykje mindre.

Med tre parti som har 1/3 av stemmene kvar ville kvart parti fått mellom 52 og 65 mandat, som utgjer respektive 31% og 38% av mandata. Ein ser altså at ekstremvariasjonen som er mulig her er på linje med den variasjonen ein ville fått med tilfeldig fordeling i det britiske systemet.

Utslaga her skuldast at det ikkje er like mange stemmer bak mandata i kvart fylke, og ikkje nok utjamningsmandat til å korrigera for dette. Så ved å vinna alt frå Sør-Trøndelag og nordover (unntatt eit mandat i S-T), samt Sogn og Fjordane, Oppland, Hedmark og Buskerud, får du desse mandata. Desse utgjorde også 1/3 av stemmene i 2009. Minimumstalet for mandat får ein dersom eit av dei andre partia har tatt maksimum.

Ved ei tilfeldig fordeling av stemmene ville to av partia fått 56 mandat, det tredje 57. Valsystem med forholdstal og utjamningsmandat er svært eksakte i slike tilfelle.

I det verkelege liv er stemmane igjen meir geografisk ujamt fordelt, skjønt i det Stortinget vi har no stemmer mandata ganske bra med stemmetal, med unntak av for Venstre. Dersom dei hadde kome seg over sperregrensa ville Arbeidarpartiet hatt ein tydeligare fordel av valordninga; utan Venstre var det nok utjamningsmandat til at denne vart liten.