Sikker lottogevinst?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Av Ragnar Hauge, Assisterende forskningssjef.

No som lykketallspotten er så stor, bør det vel løna seg å spela Viking Lotto? Så enkelt er det ikkje!

Når ein tipper lotto vil ein i gjennomsnitt få tilbake halvparten av innsatsen. Eit viktig unntak er pengar som vert flytta over frå forrige runde, som ved jackpot (førstepremiebeløpet går over til neste runde dersom ingen vinn førstepremie), eller lykketalspotten i Viking Lotto.

Spele alle rekkene?
Summen som er overført frå tidlegare i denne potten er på i overkant av 130 millionar. Å tippa alle rekkene kostar om lag 50 millionar, av dette får du igjen om lag halvparten, og med 130 millionar overført i tillegg ser det ut som om dette kan vera ei grei investering.

Fullt så enkelt er det likevel ikkje. Hovedgrunnen til det er at lykketallspotten ikkje er garantert. I kvar runde er det berre 1/8 sjanse for at den vert utbetalt, og om det ikkje skjer, har du tapt 25 millionar. I gjennomsnitt vil 16,5 millionar av potten verta utbetalt, så det er framleis eit forventa tap å spela alle rekkjer.
 

Er 200 millioner nok?
Så kor stor må lykketalspotten bli for at det skal vera interessant? Ei minste grense er 8 x 25 millionar = 200 millionar (sidan ein berre har 1/8 sjanse må beløpet vera 8 gonger så stort som det ein ynskjer å vinna). Men heller ikkje dette er nok, for potten vil verta delt mellom alle vinnarar av førstepremie.

Enorm lykketalspott!
Omsetjinga pleier å auka med storleiken på lykketalspotten, men la oss sjå bort frå det. Kansje bruker folk alt dei kan på lotto allereie. I alle fall er omsetjinga no på nesten 150 millionar totalt i alle land som er med. Dette er før vi investerer 50 millionar, så det er i gjennomsnitt allereie 3 andre vinnarar der ute. Dermed vert berre 1/4 av potten vår, og beløpet må 4-doblast igjen for å bli interessant. Det vil seia ein lykketalspott på 800 millionar.

To identiske snøkrystallar?
Ein kan jo då lura på kor lenge det er til potten vert så stor. Slik det er no aukar potten med 4-5 millionar per veke. Dersom ein seier 5 millionar vil det seia at ein om 670/5 = 134 veker, eller altså drøyt to og eit halvt år kan byrja å tenkja på denne investeringa. Gitt at ingen har vunne lykketalspotten før det, sjølvsagt. Dessverre er det praktisk talt 100% sannsynlig at nokon gjer det ― det er like sannsynleg at det har vore to identiske snøkrystallar på jorda som at lykketalspotten ikkje blir utbetalt i denne tida.

 

Powered by Labrador CMS