Tredje julenøtt: likestilling

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Assisterande forskningssjef Ragnar Hauge og seniorforskar Anders Løland

Konsernet Maskulin Matematikk har to underfirma, Ragnars Regresjon og Anders’ Algebra. I Ragnars Regresjon jobbar det 8 menn og 2 kvinner, medan det i Anders’ Algebra jobbar 11 menn og 9 kvinner. Alle er imidlertid tilsett på konsernnivå, og kan flyttast fritt mellom underfirma.

Ragnars Regresjon har tidlegare vorte kritisert for dårleg fokus på likestilling, så i forkant av likestillingsmeldinga i neste årsrapport ynskjer leiinga å gjera noko med dette. Spørsmålet er dermed: Utan at ein tilset eller seier opp nokon, kor høg kan ein få kvinneandelen i Ragnars Regresjon, gitt at kvinneandelen i Anders’ Algebra ikkje skal gå ned?

Svar sendast til julekalender@nr.no innan onsdag 19. desember kl. 12. Vinnaren stikk for siste gong i år av med attraktive NR-effektar.

Til tross for at det kom inn fleire svar forrige gong, var det berre eitt som var korrekt, så nok ein gong vinn Matias Holte. Trikset er at berre éin fange skrur av lyset, alle andre skrur det på første gong dei får sjansen, og lar det ellers vera uendra. Når sistemann då har skrudd av lyset 9 gongar, veit han at alle dei andre har vore inne.

Powered by Labrador CMS