Store norske leksikon frå monolog til dialog

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

 Av Anne Marit Goddal

I april 2011 blei Store norske leksikon overtatt av ein ny redaksjon. I styret er tyngda av det engasjerte kunnskaps-Noreg: Fritt Ord, universiteta, Det norske Videnskaps-Akademi, Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening – og Sparebankstiftelsen. I ordskiftet rundt Store norske leksikon på nett har mange trudd at tida for redigerte leksikon var over fordi ingen ville lese eller skrive dei no som Wikipedia finst. Etter ni månader i arbeid, kan vi i den nye redaksjonen melde: Store norske blomstrar og veks. Det er på tide å blogge til forskings-Noreg:

Store norske ble lest 1,5 millionar gongar siste tretti døgn
Det leksikonet vi overtok var ganske usynlig på Google. Likevel var det forbausande mange som fann snl.no. Trafikken kom særleg frå elevar som hadde bruk for ei kjelde å syne til med namn på forfattar og utgivar. I nokre månader trudde redaksjonen det skulle bli vanskeleg å få meir generell trafikk. Så fann vi ut at nettsida var gravlagd av heilt tekniske årsaker. Vi ordna opp i HTML-koden, og i løpet av nokre veker i haust klatra Store norske langt høgare på Google. Lesartala har auka med om lag 150 prosent. I november 2011 blei leksikonet lest 1,5 millionar gongar av 900 000 unike brukarar. Folk må ikkje velje mellom Store norske og Wikipedia. Dei les båe to. Det same gjeld dei store media som tidlegare refererte til Store norske 40 gongar i månaden. Talet blei tredobla etter at vi gjorde endringane i HTML-en. Store norske blir altså lest. Neste spørsmål er: Kvifor skal det bli lest? Kva har Store norske å fare med som ikkje finst på Internett frå før? Er det ikkje tilstrekkeleg med eitt oppslagsverk for å sjekke informasjon? Wikipedia vil uansett alltid vere mest oppdatert på det siste …

Heilt enkelt kan ein svare at informasjonsmonopol aldri er eit gode i seg sjølv, og at det er lurt å sjekke to plassar, slik vi ser at avisene er i ferd med å gjere stadig oftare. Men fordi alle kan konkurrere om å bidra til gjeldande versjon i Wikipedia, er ikkje dette argumentet tilstrekkeleg. Eit anna argument er meir komplekst: Store norske kan bidra til Internett på ein måte som trengst. Det handlar om to ting: den opplyste samtalen og dei gode kjeldene.

Digital danning: den gode, opplyste samtalen
Wikipedia er fantastisk og fungerer. Men det er ei feilslutning å slutte av dette at wikiforma er den einaste moderne måten å skrive leksikon på. Det er ingenting med sjølve leksikonsjangeren som gjer at nettopp denne bør bli skrivi og redigert utan klare avsendarar og redaksjonelt ansvar. Dei aller fleste plassar på nett er redigerte med tydelege forfattarar og utgivarar. Nettet er generelt sett ikkje ein gigantisk plass av vanskeleg identifiserbare kjelder. 22. juli har gjort det klart at når vi skal tenke over viktige spørsmål, trengst arenaer der alle avsendarar står fram som seg sjølv. Det kultiverer debattane og gjer det både hyggelegare og enklare å delta.

Måten Store norske blir skriven på gir Internett tydelege forfattarar. Samtidig har kvart fag sine utvalde fagredaktørar, dei såkalla fagansvarlege, som passar på og røktar det innhaldet som til ei kvar tid står under fagfeltet deira. Dette fagansvaret gjer det m.a. mogleg å hindre forsøk på systematisk tendensiøs påverknad. Det gjer det mogleg å ta ansvar og å stille til ansvar, både for heilskap og detalj.

Men kva om ein fagansvarleg sjølv er tendensiøs, arrogant eller … udugeleg? Ja, då har Store norske ein heilt open talarstol og eit ordstyrarkorps av ein ansvarleg redaksjon som kan ta affære. I dei nye nettsidene vi snart lanserer (og som du kan smugkikke på i betaversjon her og kommentere i bloggen Lille norske her) blir det stort rom for debatt, spørsmål, innvendingar og for den gode samtalen. Det blir låge tersklar for å gjere dårleg innhald betre. Alle som finn hårreisande artiklar kan skrive dei om eller rope ut. Så må den fagansvarlege svare og ta stilling. Redaksjonen er der for å ordne opp dersom ein fagansvarlig ikkje er der, ikkje deltar, eller om nokon oppfører seg dårleg mot andre.

Debattkultur på Internett skremmer ein del seriøse avsendarar frå å delta. I Store norske vil vi skape eit rom for å få akademia ut på debattbanen. For kven andre enn akademia har den beste føresetnaden for å skape god debatt på nett? Akademia er berarar av ein drøftingskultur og har ansvaret for å flytte den ut på nett: Kva er eit gyldig argument? Ei god kjelde? Samtidig er det berre akademia som kan formidle kva som er gjeldande kunnskapsbasert konsensus og ikkje minst: kor dei kunnskapsbaserte skiljelinene og stridspunkta eigentleg går no.

Dei gode kjeldene: fagfolk som formidlar på Internett
I Noreg har vi på mange vis to tangerande offentlege sfærar: Éi for fåtalet i kultur og akademia, og éi for fleirtalet på nettet. Den samla kunnskapen folk finn på nettet er avhengig av kven som er aktive der. Kunnskaps-Norge har eit ansvar for å vere til stades på Internett for å diskutere og formidle. Då treng dei gode arenaer å vere på. Så langt erfarer den nye redaksjonen i Store norske at det er enkelt å rekruttere fagfolk til leksikonet. Dei liker å bidra når dei har ein redaktør og ein utgivar. Dei har lyst til å formidle under fullt namn, slik at dei blir kjelder folk kan referere til. Dei ønskjer å ta formidlingsansvar for faga sine. Dei har lyst til å skrive når dei erfarer at artikkelen dei skriv straks blir synleg på Google. Då heile landet lurte på kva det skal bety at massemordaren var “strafferettslig utilregnelig”, var det Store norske som forklarte det på toppen av Google, slik tilfellet er med mange norske fagomgrep. Same dag hadde vi vår så langt mest leste dag, med 68 000 lesarar. Folk ville vite kva paranoid schizofreni er.

Store norske er ei viktig kjelde på Internett, men det er år sia Kunnskapsforlaget rydda grundig i alle dei 220 000 artiklane. Krava til oppdatering er større på nett enn det var på papir. Derfor har vi ein stor ryddejobb å gjere, og vi treng hjelp frå alle: Gå inn på snl.no og ta deg ein kikk omkring i det du kan best. Sannsynlegvis vil du finne mykje du kan vere med på å løfte berre ved å leggje inn endringsframlegg. Dessutan treng vi kunnskapsrike fagansvarlege som kan røkte kvart sitt fagfelt. Mange fagansvarlege er på veg inn (sjå dei 300 fagansvarlege her), men vi treng framleis fagansvarlege på ei lang rekkje fagfelt. Sjekk denne lista og sjå om vi manglar akkurat det du kan.

Internett treng deg!
Store norske leksikon har sjansen til å byggje bru mellom den breie, opne møteplassen på nettet, og diskursen som eksisterer i akademia. Vi vil ha kunnskaps-Noreg til å delta på nettet. Oppgåva er å gjere informasjonen folk finn gratis enda betre. Samtidig kan alle lesarar finne feil, stille vanskelige spørsmål og rope ut når keisaren ikkje har klede på. Vi vil gje norske fagfolk til Internett, men vi vil også gje Internett til fagfolk. Det er visjonen vår, og vi er allereie på vei. Vi ser det som vårt bidrag til demokratiet. Vil du vere med?

Powered by Labrador CMS