Boklansering: Bakterienes forunderlige verden

Ingen boklansering utan kake! (Foto: Jeanette Viken)

Er bakteriar eigentleg farlege? Det er kanskje det store spørsmålet i boka «Bakterienes forunderlige  verden». Boka er skriven av Jessica Lönn-Stensrud, som til vanleg arbeider på UiO: Realfagsbiblioteket, og fredag 20. mai var det boklansering på Realfagsbiblioteket. Jessica er lidenskapeleg oppteken av bakteriar og av å formidle kunnskapen sin om bakteriar til andre. 

Temaa i boka spenner vidt. Barn (eller foreldre med nyfikne barn) kan lære meir om kva bakteriar eigentleg er og kvar dei kjem ifrå. Vaksne som er glade i ost og vin, kanskje med litt godt brød til, kan kose seg med å lese om korleis bakteriane faktisk lagar desse delikatessene. At bakteriar finst i kroppen veit vel gjerne dei fleste av oss, men å vite kva som er trygt og kva som er farleg (og når det blir farleg), det kan du lese om i boka. I tillegg inneheld boka to spanande kapittel heilt til slutt om eit emne som forfattaren er særleg oppteken av, nemleg antibiotika og antibiotikaresistens.

Fekk du også lyst til å lese boka? Ho er utgjeven på Universitetsforlaget og er i sal no. (Foto: Eva Holthe Enoksen)

Under boklanseringa vart det gode ord frå både Realfagsbiblioteket og Universitetsforlaget og høgtlesing ved forfattaren sjølv. I tillegg fekk dei som deltok eit innblikk i verdenen til bakteriane, eksemplifisert ved Hawaiian bobtail squid, ein blekksprut som huser ein sjølvlysande bakterie!

Jessica har to små døtrer, som både var med på boklanseringa og som tidvis dukkar opp i boka, både som nyfikne born og som dei som kjem etter oss. Og det er kanskje her boka finner sin viktigaste motivasjon: Å lære folk å leve med dei harmlause bakteriane, slik at vi unngår det antibiotikaresistente samfunnet, der vi ikkje lenger har noko val og må leve med alle bakteriane, både dei harmlause og dei farlege.

Powered by Labrador CMS