Boklansering på Realfagsbiblioteket

«Tenk på det ufattelig store universet. Så fjerner du en ørliten prikk – jorda – fra bildet. Det du sitter igjen med er temaet for antologien Stjerneklart – siste nytt fra verdensrommet.»

Kake må det vere når det er boklansering, men pass på å kome tidleg nok. I det lanseringa starta var alt kaka borte. (Foto: Anna Kathinka Dalland Evans)

Slik opna redaktør Jostein Riiser Kristiansen boklanseringa av antologien Stjerneklart – siste nytt fra verdensrommet. Boka samler det beste populærvitskapelege tekstane om universet som finst på norsk, og inneheld i tillegg sju heilt nyskrivne tekstar, perfekt for alle som elsker å liggje på ryggen og drøyme om fjerne galaksar, einsomme meteorittar og om korleis det heile eigentleg starta.

Fekk du også lyst til å lese boka? Den er utgjeven på Spartacus forlag og er i sal no. (Foto: Eva Holthe Enoksen)

Lanseringa vart gjennomført med både kake, astrorock, boksal og animasjonsfilm. Tematisk vart nemleg lanseringa via til eitt av dei mange temaa i boka, nemleg romsøppel. Det er eit kjend fenomen at gamle satelittar i stasjonære baner rundt jorda gjer livet vanskeleg for dagens unge satelittar, som må køyre slalom mellom romsøppel for ikkje å få øydelagt nødvendig utstyr. Dette vart det sett fokus på både i ein film frå ESA, i samtale med Terje Wahl og Berit Ellingsen og ikkje minst, ved at Aslag Guttormsgaard frå Black Debbath framførte «Rydd Rommet», verdas einaste rockesang om romsøppel.

Mars - i bokform og som globus (Foto: Eva Holthe Enoksen)

I anledning lanseringa sette Realfagsbiblioteket opp ei utstilling om verdsrommet, som vart godt besøkt. Særleg var folk interesserte i globusene av Mars, månen og Venus som vi fekk låne av Institutt for teoretisk astrofysikk til høvet.

Powered by Labrador CMS