Ei studie av toalettlesevanene ved Fysisk institutt
(Illustrasjonsfoto på forsida: Shutterstock/ NTB Scanpix)
Samandrag
Er fysikarar interesserte i å få boktilrådingar på toalettet, og er det nokon forskjell på lesevanene til menn og kvinner? Gjennom fleire år har vi månadleg hengt opp boktilrådingar på toaletta i fysikkbygget. I denne studia undersøker vi kva vi kan finne ut om lesevaner ved å bruke sporbare lenker i bokoppslaga, og kva slags type tilrådingar som var mest populære. Vi finner at bøker og apper var dei mest populære ressursane når vi samanliknar andelen oppslag med andelen treff. Vi ser også at tyngre, meir vitskapeleg retta bøker gjer det betre enn dei meir populærvitskapelege. Sist, men ikkje minst ser vi at det er skilnader i lesevanene til menn og kvinner. Ettersom vi ikkje kjenner fordelinga av menn og kvinner i fysikkbygget kan vi ikkje fastslå om kvinnene i snitt ser på færre av bøkene eller berre fleire av dei andre oppslaga.
Introduksjon
Ein stadig større del av samlinga til biblioteket består av elektronisk materiale. I motsetning til dei trykte bøkene er det litt vanskelegare å vise fram og bla i på ei utstilling. På den andre sida kan bøkene lånast av mange fleire samstundes, og dei er tilgjengelege med eit par trykk, så lenge ein er kopla til nettet til UiO. Som eit lågterskelprosjekt for formidling av den elektroniske delen av samlinga vart Månedens e-ressurs-anbefalinger fra Realfagsbiblioteket starta opp våren 2013. Prosjektet omfatta fysisk institutt, og vert populært kalla doanbefalingane, etter staden dei vert hengt opp. Prosjektet har sidan det starta omfatta e-bøker, samlingar av e-bøker, artiklar, journalar, apper, databaser og andre e-ressursar. I denne rapporten presenterast resultata av lesevanene ved Fysisk institutt i 2015, samt det første oppslaget i 2016.
Metode
Nye boktilrådingar vert laga og hengt opp på toaletta på Fysisk institutt om lag ein gong i månaden. Totalt er 24 toalett omfatta av prosjektet. Av desse er 13 kvinnetoalett og 11 herretoalett. Det finst ingen kjønnsnøytrale toalett i bygget. Det er heller ikkje hengt opp tilrådingar over pissoara. Tilrådingane er skrivne på engelsk, og er mynta på studentar og tilsette ved instituttet. I tillegg vert dei potensielt lesne av andre som held til i bygget, deriblant fakultetsadministrasjonen ved MN-fakultetet.
Eit døme på ei bokanbefaling er vist i figur 1. Bøkene er stort sett henta frå Springer link [1], dei andre ressursene kan ha andre opphav. Det vert så laga separate oppslag med unike lenker for kvinne- og herretoalettet for å undersøke skilnader i lesevaner. Desse lenkene vert laga ved hjelp av programtillegget Monthly [2], som sørger for at treffa på dei ulike lenkene er sporbare. Monthly sørger også for at treff frå robotar vert silte ut. Statistikken er til slutt samanstilt ved bruk av Excel. I analysen er det ikkje teke omsyn til at tida oppslaga heng oppe har variert.
Det er ikkje kjent kor stor andelen kvinner og menn som ferdast i fysikkbygget, og dette utgjer eit betydeleg problem i analysa. Tala frå Studiebarometeret 2015 viser at det er 40 % kvinner på bachelorprogrammet i fysikk og 25 % på masterprogrammet i fysikk [3], men korleis tala er elles på instituttet veit vi ikkje. Vi veit heller ikkje kor mange som eventuelt identifiserer seg med ein tredje kjønnskategori.
Resultat
Figur 2 viser antall treff på dei ulike titlane fordelt på kjønn. Vi ser at det er relativt store skilnader i kor mykje dei ulike bøkene og e-ressursane er lesne. Vi ser også at det varierer i kor stor grad dei same titlane engasjerer både kvinner og menn. Dette ser vi også i tabell 1, som viser dei tre mest leste titlane av kvinner, menn og samla sett. Vi ser her at nokre av dei same titlane går igjen, men at topp tre-lista for kvinner og menn er ulike.
Vi kan også undersøke interessen for dei ulike typane materiale, som vist i figur 3. Her er materialet vist i figur 2 sortert i kategoriane bøker, apper, artiklar, samlingar og diverse. Vi ser både den relative fordelinga av oppslag på desse kategoriane og fordelinga av treff. Vi ser at dei relativt sett mest populære oppslaga er bøker og apper. Dette finn vi også igjen i tabell 1, der tre av dei seks unike titlane er bøker og to er apper.
Sist, men ikkje minst kan vi sortere antall treff per månad. Figur 4 viser både treff per månad totalt og treff fordelt på materialtype. Vi kan då sjå at talet på lesarar held seg ganske stabilt gjennom året, men at interessen i januar 2016 så langt har vore låg. Vi ser også at det mest populære månaden i fjor var april, då heile 89 stykker anten titta på Sleeping beauties in theoretical physics [4] eller Physics Toolbox [5].
Diskusjon
Frå figur 2 såg det ut til at nokre e-ressursar vert langt meir lesne enn andre. Det totale talet på lesne bøker i figur 4 nyanserer dette biletet, og vi ser at talet på lesarar vert jamna noko ut når vi ser på kvart oppslag, heller enn kvar einskildtittel. Vi kan kanskje likevel ane ein trend i figur 4, der månadene april-september har dei største oppslaga. Dette samanfaller med dei månadene er ein av dei to tilrådingane var ein app. Elles er det vanskeleg å gjere meiningsfulle analysar når det kjem til materialtype, til det har vi for få av kvart materiale.
Vi ser likevel ein tydeleg tendens til av bøkene er populære, både frå figur 3 og 4, og frå tabell 1. I figur 3 ser vi at den prosentvise andelen treff av alle treff på bøker er større enn andelen bøker oppslaga. Vi ser også at talet på treff per bok held seg stabilt nokså høgt gjennom heile året. Dessutan er fire av seks av titlane på topp-tre-lista i tabell 1 bøker. Her taler riktignok utvalet litt til fordel for bøkene, ettersom det er den einaste materialtypa som er fast med kvar månad, men vi ser likevel ein tendens til at bøkene vert meir lesne enn anna materiale. Ut frå figur 2 kan vi dessutan seie noko om kva slags bøker som vert lesne. I motsetning til kva vi skulle tru, så er ikkje dei populærvitskapelege bøkene som The engineering approach to winter sports [6] så populære samanlikna med dei meir fagleg tunge som Physics from symmetry [7] og Why more is different [8]. Ved fysisk institutt les dei helst fag, til og med på toalettet.
Datasettet vårt var særleg egna til å undersøke skilnader mellom lesevaner hjå menn og kvinner. Først og fremst ser vi at talet på treff frå kvinner jamnt over er lågare enn talet på treff frå menn. Den mest sannsynlege forklaringa på dette er at det er færre kvinner totalt som les oppslaga, ettersom kjønnsbalansen på fysisk institutt framleis ikkje er 50/50. Det er sjølvsagt også mogleg at kvinner i mindre grad enn menn er interesserte i boktilrådingar når dei er på toalettet. Vi har uansett ingen moglegheit til å sjekke dette ut ifrå dette datasettet. Når det kjem til lesevanane til kvinner og menn sett opp mot kvarandre kan vi likevel seie nokre ting. For det første ser vi at kvinneandelen av dei som les dei ulike ressursane varierer (sjå figur 2). For nokre ressursar, som t.d. Realfagsbiblioteket sin Youtube-kanal [9], så har vi fleire treff frå kvinner (heile 65 %), medan Physics from symmetry får 76 % av treffa sine frå menn og berre 24 % frå kvinner. Jamnt over ser det ut til at andelen treff frå kvinner er lågare for bøker og høgare for dei andre ressursene. Ettersom vi ikkje veit den totale andelen kvinner og menn av dei som ser oppslaga og er i målgruppa, er det vanskeleg å konkludere med om kvinner er mindre interessert i bøker enn menn, eller om dei berre er meir interessert i dei andre tinga.
Konklusjon
Vi kan konkludere med at boktilrådingane jamnt over er populære, og at talet på treff varierer med kor interessante oppslaga var. Bøker og apper er dei mest populære ressursane når vi samanliknar andelen oppslag med andelen treff, og når vi ser på kva dei mest populære titlane er. Vi kan også slå fast at tyngre og meir vitskapelege bøker slår betre an enn dei meir populærvitskapelege, men at dette særleg synest å gjelde lesevanene til menn. Vi kjenner ikkje fordelinga av kvinner og menn i bygget, så vi kan ikkje seie noko om andelen kvinner samanlikna med andelen menn som les oppslaga, dei ressursane som ikkje er bøker er jamnt over meir populære blant kvinnene enn hjå mennene.
Referanser
1. Home - Springer [Internett]. [sitert 23. februar 2016]. Henta frå: http://link.springer.com/
2. Heggø DM. Monthly [Internett]. UiO: Realfagsbiblioteket; 2013 [sitert 23. februar 2016]. Henta frå: https://biblionaut.net/monthly/resource
3. Studiebarometeret 2015. "Statistikk: Fysikk, Astronomi og meterologi (UiO) og Fysikk (UiO)". NOKUT; 2016.
4. Padmanabhan T. Sleeping Beauties in Theoretical Physics [Internet]. Cham: Springer International Publishing; 2015 [cited 2015 Dec 2]. Available from: http://link.springer.com/10.1007/978-3-319-13443-7
5. Vieyra C. Physics Toolbox Sensor Suite [Internet]. [cited 2015 Dec 2]. Available from: https://play.google.com/store/apps/details?id=com.chrystianvieyra.physic...
6. The Engineering Approach to Winter Sports | Francesco Braghin | Springer [Internet]. [cited 2016 Feb 23]. Available from: http://www.springer.com/gp/book/9781493930197
7. Schwichtenberg J. Physics from Symmetry [Internet]. Cham: Springer International Publishing; 2015 [cited 2015 Dec 2]. Available from: http://link.springer.com/10.1007/978-3-319-19201-7
8. Falkenburg B, Morrison M, editors. Why More Is Different [Internet]. Berlin, Heidelberg: Springer Berlin Heidelberg; 2015 [cited 2015 Dec 2]. Available from: http://link.springer.com/10.1007/978-3-662-43911-1
9. UiO Realfagsbiblioteket - YouTube [Internet]. [cited 2015 Dec 2]. Available from: https://www.youtube.com/user/realfagsbiblioteket