Frå Alpane til Nordland – eit sveitsisk blikk på norsk skiturisme

I over 30 år har eg farta rundt i Alpane med ski og feller. På topptur-ferie i Nord-Noreg stod likevel utfordringane og opplevingane i kø.

Dominik Siegrist. Foto: HSR Hochschule für Technik. 
Dominik Siegrist. Foto: HSR Hochschule für Technik. 
Det er stor forskjel på topptur-ferie i Nord-Noreg og i Alpane.  (Foto: Dominik Siegrist)
Det er stor forskjel på topptur-ferie i Nord-Noreg og i Alpane.  (Foto: Dominik Siegrist)

Skrive av Dominik Siegrist. Siegrist er professor i naturbasert reiseliv ved HSR Hochschule für Technik i Sveits og ein av forskarane i forskingsprosjektet BIOTOUR - om reiselivet i den nye bioøkonomien.

Først var eg skeptisk til tanken på reisa med fly for å praktisera naturbasert reiseliv. Det verka litt absurd å skulle fly mange tusen kilometer for eit par skiturar, når eg har utmerka topptur-fjell rett utanfor døra heime i Sveits. Til slutt lét eg meg likevel overtala.

Vår destinasjon: Nordland

Eg høyrer til eit segment innan naturbasert reiseliv som etterspør avsidesliggande og unike stader, opplevingar av urørt naturmiljø og av lokal kultur og lokalproduserte produkt. Dette er alle trendar som BIOTOUR har identifisert i sin pågåande Delphi-studie, ei ekspert-kartlegging av trendar innan naturbasert reiseliv.

Me sikta oss inn på fjella rundt Narvik, som ragar høgt over fjordane i Nordland fylke. Allereie då me landa på flyplassen i Harstad blei eg overvelda av alle fjelltoppane som var å sjå der. Fjell i alle tenkelege formasjonar, små og store, flate og stupbratte. Me var dessutan heldige med vêret. Kort tid før me kom fram til Narvik fall det fersk puddersnø og forholda låg til rette for flotte toppturar.

Men eg forstod fort at skiturar i Noreg er av ein heilt annan karakter enn i Alpane.

Eg blei overvelda av alle topptur-moglegheitene rundt Narvik. (Foto: Dominik Siegrist)
Eg blei overvelda av alle topptur-moglegheitene rundt Narvik. (Foto: Dominik Siegrist)

Mistenkelege blikk og snøskredfare

Det startar med planlegginga av turen, som i Noreg krev grundig studering av kartet. Kva er den beste toppturen, utan at me må kryssa skråningar med rundt 30 graders helling? I kva type sol- og vindeksponering er snøforholda på sitt beste? Kva er den beste skitypen for dei lange og ofte flate rutene?

Truleg skulle me ha leigd ein lokal fjellguide som veit svara på alle spørsmåla som stadig dukka opp. Ein guide kunne også gjort det lettare for oss å ta kontakt med dei lokale, som til tider møtte oss utanlandske skituristar med mistenkelege blikk. I Alpane brukar me aldri guide, difor hadde me slått frå oss dette av gamal vane.

Utan bil er det umogleg å koma seg rundt i dei avsidesliggjande områda i Nord-Noreg. Minibuss blei løysinga, men dei høge snøskavlane langs hovudvegane gjorde det vanskeleg å finna parkering. På sjølve skiturane støytte me heile tida på åtvaringar om betydeleg fare for snøskred, som følgje av sterk vind og sol.

Basen vår var to hytter rett ved fjorden i den gamle gruvebygda Ballangen. Det var ei spesiell oppleving, fordi det var snø nok til at me kunne spenna på oss skia og starta turen rett utanfor hyttene. I Alpane fins det berre nokre få slike høgtliggande stader med infrastruktur. Etter ein fem timars tur var me på toppen av Sipmolvàrri, 1342 meter over havet med utsikt over Ballangen. I Sveits startar dei fleste toppturar i denne høgda, men i Nordland var me allereie omkransa av høge fjell, og isbrear.

Mangel på kassaapparat

Norsk reiseliv opplever for tida sterk vekst. Ei kartlegging BIOTOUR har gjort av naturbaserte reiselivsbedrifter i Noreg syner at om lag åtte prosent av bedriftene tilbyr guida turar på ski eller snøbrett i form av toppturar, laussnøkøyring og frikøyring. Dette er mykje, samanlikna med tilsvarande tilbod i Alpane.

I Nord-Noreg er veksten i ski-turismen i og utanfor løypene openbar. Narvik har utvida ski-regionen sin i seinare år og eigaren av camping-plassen me overnatta på hadde nettopp bygd eit dusin nye hytter. Til sommaren kjem hyttene til å vera fullbooka. Sjølv no, etter påske, var det stor aktivitet. Me såg knapt andre folk i fjella me besøkte, men i bygdene langs kysten møtte me andre grupper med ski-turistar, hovudsakleg frå Tyskland.

Likevel er det få moglegheiter for å bruka pengar på stader som Ballangen.

I løpet av skiferien i Nordland fekk me trøbbel med smale vegar, høge snøskavlar og få parkeringsmoglegheiter. (Foto: Dominik Siegrist)
I løpet av skiferien i Nordland fekk me trøbbel med smale vegar, høge snøskavlar og få parkeringsmoglegheiter. (Foto: Dominik Siegrist)

Frå skepsis til entusiasme

Utanfor dei få byane i regionen er det nesten ingen hotell, restaurantar eller kafear. Om vinteren held mange museum og andre fasilitetar stengde, så ettermiddagane og kveldane gjekk med til handling i daglegvarebutikkane og matlaging i hytta. Parkering kostar ingenting for oss ski-turistar, for det eksisterer knapt. Og offentleg transport er tilsynelatande ikkje-eksisterande i desse tynt busette områda, så me brukte transport-budsjettet vårt på leigebil framfor ein lokal aktør.

Alt dette tyder på eit stort potensial for auka regional verdiskaping i dette norske ski-eldoradoet.

Etter ti dagar i Narvik-regionen, hadde me berre nytta oss av ein brøkdel av alle topptur-moglegheitene. Sjølv om eg først var skeptisk, reiste eg tilbake til Sveits full av entusiasme etter ski-eventyret i Noreg. Eg kompenserte for fly og bilreisene med å donera pengar til eit klima-prosjekt, slik at turen blei relativt klimanøytral. Dei neste åra kjem eg til å gå toppturar heime i Alpane, men med ei ny erkjenning av at Europa kan by på mange andre vakre fjell for oss som elskar skikøyring.