Utetime på universitetet
Også naturvitarar treng å snakke med folk.
På Universitetet i Oslo, ein torsdag i mars. Det er heilt tomt for studentar i undervisningsrommet. Det ligg kaffikoppar, notatbøker og PC-ar utover borda, men eg er heilt åleine. Ingen av dei 29 studentane er på plassane sine. Yes, tenker eg. Akkurat slik skal det vere!
Ein månad tidlegare: studentane i formidlingsemnet MNKOM på MatNat-fakultetet har fått i oppdrag å oppdatere ein av artiklane i Store norske leksikon. Studentane skal arbeide med språket og oppbygginga av artikkelen, samt gjere ei fagleg oppdatering der det trengs.
Studentane er begeistra, sjølv om oppgåva er vanskeleg. Leksikonartiklane krev eit høgt presisjonsnivå, og skribentane må kunne faget godt. Det er lett å gå seg vill i fagspråk og lange setningar, og det er lett å gløyme at lesarane som oftast ikkje er masterstudentar i realfag.
– Difor må studentar som skal lære å formidle gå ut og snakke med folk, seier eg.
Nokre av studentane får store auger, nokre bleiknar, andre kryp djupare ned i stolane sine.
Oppgåva vert heldigvis meir overkommeleg når dei får lov til å gå saman i par, og det hjelp også at dei kan skulde på at dei er ”ute på oppdrag for Store norske leksikon”. Dei får også ta med twist-sjokoladar som premie.
Til den improviserte brukartesten skriv studentane tre ulike versjonar av første setning av leksikonartikkelen sin. Dei skriv ein vanskeleg setning retta mot fagfolk, ein personleg setning retta mot blogg-lesarar, og ein tilgjengeleg setning retta mot folk flest.
(Målet er å trene på å snakke med folk om korleis dei forstår tekstar om naturvitskap, så det er heilt greitt at eksperimentet har nokre skavankar.)
Studentane tar beina fatt og myldrar ut på campus for å be tilfeldige, framande, og litt forskrekka Blindern-studentar om å svare på ei kort liste med spørsmål: Kva for ein setning stolar du på? Korleis påverkar språket om du stolar på informasjonen? Kva for ein setning forventar du å lese på snl.no?
Alle testpersonane får twist som takk for hjelpa, og etter at 29 studentar har snakka med minst tre personar kvar, møtest dei til ei felles oppsummering.
Dei er oppglødde, overraska, og samstemte i konklusjonen om at øvinga har vore nyttig. Tilbakemeldingane frå tilfeldige lesarar kjem til å påverke korleis studentane vil redigere leksikonartiklane sine.
Mission accomplished. Men emnet er endå ikkje over.
Ein månad seinare: Studentane veit på dette tidspunktet at MNKOM ikkje er som andre emner på MatNat. Så når beskjeden om ein ny utetime kjem, svarar dei ikkje med spørsmålet om dei kan få sleppe unna. Det dei lurer på er: får vi twist?
Denne gongen er svaret nei. Tvisten er at dei no må klare seg utan å bestikke informantane sine, og dei kan heller ikkje gøyme seg bak fagstoffet.
No er temaet for undervisninga meiningar, og studentane skriv på kvar sin kronikk om noko som engasjerer dei som naturvitarar. Dei skal ut på campus for å brukarteste påstandandane sine, og snakke med folk om realfag og teknologi.
Studentane må helse på tre framande studentar, presentere påstanden for dei, og så lytte til reaksjonane. Dei får trening i å meine noko om faget sitt, og samtidig lærer dei å lytte til andre. Dei erfarer korleis naturvitskap kan ta plass i samfunnsdebatten.
Og mens den magiske læringa skjer der ute på campus, sit eg mutters åleine inne på undervisningsrommet og sorterer PostIT-lappar som vi skal bruke i neste økt.
I starten av mai skal studentane sende kronikkane sine ut til norske aviser. Då få vi svaret på om dei har hatt utbytte av ein god, gamaldags utetime.
Har dei lært at det er både nyttig og ufarleg å snakke med folk om verdien av naturfag? Og at det å skrive også handlar om å tenke på dei som skal lese?
Eg håpar og trur det.