Sjå og bli sett

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Av  Elin Judit Straumsvåg

Akademia og underhaldningsindustrien har det til felles: Talent og kompetanse – gjerne; men nokon må sjå deg. Villa deg.

Regnet ausar ned. Folk grip til plastposar, dreg jakka over hovudet. Alle som har funne parkeringsplass må ut og kava seg fram så fort som råd. Dei med paraply møter regnskylla med litt meir verdigheit. Våte på beina blir alle. Kring oss sirklar bil etter bil. Bak ivrige vinduspussarar, vert det leita etter parkeringsplassar. Helst så nære Gamle Festsal ved Universitetet for miljø- og biovitskap som råd.

Nok ein gong skal ein spent doktorgradskandidat gå trappene opp til 2. høgda i Urbygninga. Ikkje berre kandidaten, det er eit stort apparat som er sett i gang. Vegledarar, instituttet åt kandidaten, mange innan det akademiske samfunnet tek turen. Ikkje minst dei to opponentane; dei har gjerne reist langt.

Folk stupar seg inn i Urbygninga, meir eller mindre tørre. Litt etter litt fylles festsalen meir og meir med akademikarar, familie, studentar, kollegaer. Nervøse, ser det ut til, vegledarar fyk rundt i salen. Stemmene er dempa, stemninga tett. Opponentane kjem inn og set seg. Snart benkar kandidaten seg ved sida av dei på første benk. Stemmene senkar seg enno meir. Hektisk aktivitet kring talarstolen. Alltid noko som ikkje fungerer – teknisk.

Instituttleiar ønskjer velkommen. Forklarer kva som skal skje, rekkjefølgja. Før han rekk å introdusera kandidaten har dei fleste av oss kasta stolne blikk mot ho. Hanne Kathrine Sjølie. Snart doktor. Kontroll? På med trådlaus mikrofon. Type ’mygg’, den ”lille knappen” som ein set fast oppe ved halsen. Plundrar med headsettet. Ho er i gang med prøveforelesinga. At mikrofon og lyd ikkje er optimal tek ho med stoisk ro og etter nokre minutt kan kandidaten fokusera på si vel førebudde førelesing. Ho fortel i pausen på spørsmål at det var positivt at teknikken slo seg vrang, fokuset var ikkje på ho. Vegledaren derimot høyrer vi seie til sidemannen at det var enda godt det ikkje var han sjølv… Og kandidaten virkar trygg. Gjer ho ikkje? Vegledaren er nervøs. På morgonkvisten ringde han tri gongar for å sjekka om Sjølie var i rute – på alle vis.

Kandidaten kikkar utover ein i underkant halvfull festsal. Veit vel at stort større publikum får ho ikkje åt doktorgradsarbeidet sitt. Ho fangar oss inn med blikket. Gestikulerer med hendene. Strekar under nokre poeng, som spelar ho luftgitar. Og vi har kandidaten mistenkt for å ha øvd framom spegelen. Seinare kan ho fortelja at ho øvde, ikkje framom spegelen, men med å ta opp filmopptak av seg sjølv. Så lenge stemmen heldt. Ho mista stemmen nokre dagar før disputasen.

Ute er det opphaldsvær. Lufta fuktig. Ein grasklippar kan høyrast heilt opp til Gamle Festsal. Elegant er ho på eit raskt sveip innom økonomiske modellar, norsk skogsdrift og incentiver. Forureining. Klima; nasjonalt og internasjonalt.

Hanne Kathrine Sjølie – i svart bukse, kledeleg kort dressjakke i diskret rutete grått mønster. Perleøredobbene er diskrete. Bryllaupsgåve? Vi veit ikkje, men temmeleg nygift er ho. Kandidaten lot seg ikkje vippa av pinnen i opninga, da mikrofonen ikkje fungerte. No prøver powerpointen å ta krokfot, med å leva sitt eiga liv. Kandidaten er roleg, ho er ikkje østerdaling for ingenting kanskje?

Opponentane – sit rolege. Som støtter limt fast til første rad i Gamle Festsal. Ser kandidaten dei. Er det dei ho talar til. Prøveførelesinga går på skinner. Får kandidaten reflektert under vegs. Er alt innstudert på førehand. Ho står fram som kontrollert og førebudd, utan å vera for stift opphengt i manus og opplegg. Nye tekniske problem, men vi stoler på ho no– inga nervøs hosting og harking blant publikum. Skraping med føtene. Vi veit ho toler det. Kandidaten har stålkontroll. Tenkjer vi.

Er hovudvegledaren like trygg. Ser ikkje slik ut. Han tenkjer vel at ein er ikkje i mål før ein har passert målstreken. Men er ein ikkje i mål no, vert prøveforelesingar eller doktorgradsarbeid avviste. Ein kollega av kandidaten forklarar i pausen: Det er sjeldan det! Men det er dei som ikkje har landa prosjekta sine. Men – Sjølie virkar veldig trygg og dyktig. Dette går vegen det?

Vi ser den kvinnelege opponenten snu seg mot sin mannlege kollega og smiler over ein av påstandane og nokre vitskapelege resultat kandidaten legg fram. Er det eit konstaterande smil, eller er smilet eit spørjeteikn? Eit smil som spør om koss kandidaten kom fram til resultatet og koss argumenterer ho for det – type smil? Ser kandidaten smilet? Sjølie fortset førelesinga.

I salen er det to damer utanom journalisten. Benkeradene er fylde med mannlege forskarkollegaer. Og ektemannen. Etter endt prøveførelesing, nyttar vi høvet til å spørja om koss kandidaten opplever dagen. Berre godt, skjønar vi. Det jaktast på vatn, ho som pratar på inn og utpust må få vatn i karaffelen.

Du har ikkje vore lenge med i politikken før du lærer deg å lukta pressas nærvær. Journalisten kjenner att mannen som tek kontakt, tidlegare landbruksminister. – Dette er verdas viktigaste tema. Dette går bra, eg kjenner Hanne. Familien kjenner hovudvegledaren hennar, Birger Solberg, også, seier han. Han legg ei tung og fast hand på skuldra åt ho som skriv og insisterer: Dette er viktig!!

Publikum får frukt og drikke. Pratande og leande kjem dei inn att. Stemmenivået er langt høgare, folk er oppstemte. Godt med påfyll og sikkert. Det er framleis plass til fleire i Gamle Festsal, men det tetnar til. Kandidaten er i gang, samlar publikum med humor. Sjarmøretappe. Powerpointen syner ein enorm matematisk modell – folk ler. Ikkje alt er like intuitivt. Kandidatens matematikkstudiar og talforståing gjer ho kanskje betre i stand enn mange til å handtera numeriske og kvantitative modellar.

Kandidaten har teke av seg dressjakka. Lyseblå og kvitstripete skjorte. Diskret. Sommarleg, men langarma.

Komiteen noterer og noterer. Det er heilt stilt i Gamle Festsal, journalisten lyt snu seg for å sjekka om folk er med framleis. Folk sit. Trøytte. Tunge augelokk. Andre legg inn på ei god klype snus – her trengs stimuli. Folk gjespar, slit med å sjå vakne ut. Kandidaten, ho som mest ikkje har hatt pause. Ho surfar mest sannsynleg på ein adrenalinrus, som vert pumpa rundt i kroppen. Kandidaten legg hendene på ryggen. Er ho så trygg? Er det berre å fullføra? Veit ho at ho er i mål? Ho takkar for seg.

Instituttleiaren takkar. Nye fem minutt der folk kan strekkja på stive og støle kroppar. No talar dei saman. Høgt. Ute dryp det litt, men til og med regnet er under kontroll. Alt går rette vegen. Fleire kvinnelege tilhøyrarar er og komne til.

Opponentane smiler. Men det er ei økt igjen, stemninga spissar seg til att. Kandidaten skal ”grillast”. No skal ho forklara og forsvara vala. Konklusjonane. Regnet pøsar ned. Folk trekkjer inn i Gamle Festsal igjen. Gardinene bak i salen er mørke og tunge. Dei står som eit traust bakteppe for doktordisputasen. Luft og lys får vi inn gjennom festsalens eine sidevegg med vindu.

Førsteopponenten brukar fem minutt på hovudtesis og på å trekkja ut det store bildet. Skryter. Skryter av ein del av overskriftene – at dei fangar inn tema og problemstillingar.
Opponentens frisyre, ein streng knute bak på hovudet. Mørk diskret kjole. Frontstykke heilt opp til halsen. Lysare grå draktjakke over ein mørkare kjole. Opponent og kandidat set seg ved kvart sitt bord. Kandidaten med eit glas og ein karaffel med vatn.

Opponenten med notatar og papir og eit glas vatn. Ho har ein lang intro, temaet vert snevra inn etterkvart. Og til slutt vert spørsmålet formulert. Og ho får svar. Ho vil og ha svar på det ho ikkje har skjønt og ho meiner ein del av dei matematiske modellane ikkje er intuitive. Vanskelege rett og slett.

Spørsmål to frå opponenten, no virkar opponenten meir usikker. Lener seg til slutt bort fra kandidaten. Kandidaten lener seg fram på bordet, heng seg på. Svar kjem raskt og mykje kortare enn ho som stiller spørsmåla. Neste og tredje spørsmål er kortare og kjappare, svaret lengre. Kva tenkjer vegledarane Birger Solberg, Eirik Trømborg og Maarit Kallio– er dei nervøse? Sit dei og ser etter svakheitsteikn hos kandidaten? Tenkjer dei at hadde dei lagt meir vekt på dette og dette, ville situasjonen vore annleis. Opponenten er upedagogisk og har mange spørsmål i ein og same lange spørsmålssekvens. Koss skal kandidaten halda tunga rett i munnen. Hanne svarar greitt og imponerer nok ein gong. Opponenten takkar og godt er det.

Opponent og kandidat ler av eit spørsmål og stemninga lettar. Opponent improviserer, spør spørsmål ho kjem på der og da. Hanne svarar, klart og tydeleg. Dei smiler. Opponenten lysnar og konkluderer: Yes, this makes sense…

Grasklipparen er skikkeleg nære no. Ute roar regnet seg, igjen, men framleis slit han litt regn. Nokon som har mista energien? Inne i Gamle Festsal er det mykje energi hos både kandidat og opponent. Publikum følgjer med, men tunge augelokk fortel om full konsentrasjon over lang tid. Trøtte kroppar som prøver å finne roa.

Koss opplever kandidaten dette? Er alle spørsmål vanskelege – det verkar ikkje slik. Svara kjem raskt og roleg. Fyldige. Nokre gongar må ho tenkja seg om. I ettertid veit vi at kandidaten opplevde slett ikkje å ha stålkontroll og mot slutten – da ho var på det mest slitne tenkte ho: Nei, no vil eg ikkje meir, no går eg og tek meg ein øl.”

Publikum ser meir og meir slitne ut. Ei lita usikkerheit i stemmen åt kandidaten ved eit av spørsmåla. Opponent og kandidat samtalar – men så er svaret avlevert. Konsist. Ein likskap mellom opponent og kandidat kjem stadig til syne. Dei er genuint nysgjerrige og kunnskapstørste, og nyttar disputasen til læring og utveksling av resonnement. Likevel hevdar kandidaten at forskarkarrieren er nokså tilfeldig. Ei halvstilling som vitskapleg assistent på masternivå. Mange føringar er med eitt lagde. Timinga er på alle måtar god. Og ikkje uvesentleg; mora hennar tok doktorgrad nokre år tidlegare og bana veg. Men det tok kandidaten fem år og avlagd doktorgrad før ho spurde vegleiaren korfor ho fikk tilliten og sjansen.

På eit svar frå kandidaten seier opponenten at ho har ikkje eit betre svar å komma med. Latter.

Ny opponent. Han takkar for å få lov til å vera opponent på eit så godt og viktig forskingsområde. Gjennomført svart og kvitt, unnateke eit mørkeraudt slips. Ikkje for bredt, ikkje for smalt. Mørk bart. Mørke briller. Mørk dress. Kvit skjorte. Med djup ”finsk” stemme – utan den typiske finske aksenten fortset han samtalen. Ein fin dialog følgjer. Førsteopponenten følgjer godt med.

Folk sender og mottek sms og epost via mobilen. Det dreg seg mot slutten. Estimert program er over om 30 minutt . Maks. Men - vi kan fort få halda på lenger.
Opponenten teiknar opp ein modell på tavla. Talar til publikum. Talar til Hanne. Ho svarar og maktar å ordna opp i spørsmålet. Dette og! Rakrygga sit ho der, snart er ho doktor. Svara kjem så kontrollerte og rolege.

Ein eim av snus dukkar opp – nokre treng stimuli igjen. Hanne drikk vatn. Små slurkar.

– Kven burde lesa arbeidet ditt?
– Alle.
– Kan du vera meir spesifikk?
– Kollegaer, politikarar og andre som tek avgjerder. Kandidaten snevrar det inn.

Komiteen trekkjer seg attende for å drøfta disputasen. Ute dryp han litt. Inne osar det feststemning i Gamle festsal. Det er mange doktorar i Gamle Festsal, Hanne Kathrine Sjølie er den nyaste. Snart.

Powered by Labrador CMS