Sitkagran som har spreidd seg frå nærståande planteskog og etablert seg i kystlynghei i ØygardenFoto: Heidi Iren Saure
Ubedne gjestar i lyngheia
Framande treslag kan stikke av frå skogen der dei vart planta. Kva skjer når framandartar forvillar seg inn i norsk natur? Kystlyngheiene våre får stadig fleire ubedne gjestar på besøk, og ein treng muskelkraft for å få dei ut.
Heidi IrenSaureFørsteamanuensis, naturfag, NLA Høgskolen i Bergen
Liv GuriVelleForskar og forskingsleiar, Møreforsking, Ålesund
Publisert
Bruken av framande treslag i skogplantinga går ned, og dette synes vi er svært bra, for påverknaden desse treslaga har på naturen vår er nok meir omfattande enn det vi tidlegare har trudd. Eit av dei framande treslaga som forvillar seg inn i norsk natur, er sitkagrana, som vi stadig ser meir av i ulike naturtypar. Heldigvis har vi meir kunnskap om framande artar i dag enn tidlegare. Kunnskapen kjem frå både forsking og erfaringar vi har gjort oss etter skogreisinga i etterkrigstida. Gjenreising av skog var ei viktig politisk sak, og store ressursar blei brukt på å rette opp avskoginga som hadde føregått heilt tilbake til jarnalderen. Plantinga var eit samarbeid mellom statlege, kommunale og private instansar, og mange grunneigarar var involverte i arbeidet. Tanken var god, skogplantinga skulle sikre inntekter og danne grunnlag for ein ny industri.
Om forfattarane
Liv Guri Velle sine forskingsinteresser ligg i koplinga mellom effektar av arealbruksendringar og klimaendringar på semi-naturleg natur, særleg knytt til naturtypen kystlynghei. Ho har stor interesse for ulike hevdregime og korleis desse påverkar naturgode som økosystem funksjonar, naturmangfald og matproduksjon.
Heidi Iren Saure sine forskingsinteresser er særleg knytt til planting av gran og verknader på artsrikdom og naturtypar. Ho undersøkjer m.a. potensialet for å restaurere kystlyngheier etter fjerning av planteskogar av sitkagran.
I dag er fleire av desse plantefelta hogstmogne og vi kan hauste av arbeidet førre generasjon la ned. Men ikkje alt har gått som planlagt. Fleire av plantefelta er ikkje økonomisk drivverdige fordi dei er for små, for langt unna eller i utilgjengeleg terreng. I tillegg består mange av plantefelta av framande artar som påverkar naturen vår på ein negativ måte. Framande artar er artar som opptrer utanfor si naturlege utbreiing, og det er menneske som bevisst eller ubevisst har ført med seg artane. Noreg har ei eiga liste over framandartar, og her er invasjonspotensialet og økologisk effekt på stadeigen natur vurdert for kvar enkelt art. Mange av artane er ein trussel for norsk natur, og kunnskapen og merksemda rundt framandartar er aukande.
Kvifor ein trussel?
Trusselbiletet oppstår når dei framande artane spreier seg og medfører negative økologiske effektar for naturen vår. Generelt sett kan framande artar påverke naturen på fleire måtar, mellom anna ved at dei konkurrerer ut artar som naturleg høyrer heime, endrar strukturar og funksjonar i naturtypar og habitat, kryssar seg med naturlege artar eller ber med seg sjukdommar.
Annonse
Ein av naturtypane vi har arbeidd mest med i forskinga vår, kystlyngheiane, har i dag ein stor påverknad av framande artar. I raudlista for naturtyparer kystlyngheia vurdert som sterkt trua (EN), og framande artar er ein av fleire påverkingsfaktorar som utgjer ein trussel for majoriteten av arealet til naturtypen. Dei framande artane kjem frå fleire kjelder, både hagar, landbruk og skogbruk, og dei spreier seg som regel frå frø som vert ført inn i lyngheia med vind, ei såkalla forvilling.
Typiske artar som forvillar seg inn i lyngheia frå plantefelt eller leplantingar er sitkagran- og lutzgran, buskfuru (alpe- og bergfuru) og vrifuru. I framandartslista er sitkagran og lutzgran vurdert samla, ettersom dei er vanskelege å skilje frå kvarandre taksonomisk. Alle desse gran- og furuartane er framande artar med eit stort invasjonspotensiale og er å finne i kategorien svært høg risiko (SE), og med høg til medium negativ økologisk effekt på norsk natur. Dei har stor frøproduksjon, som lett kan spreie seg med vind og artane har i tillegg lang levetid og stor ekspansjonshastigheit. Generelt har artane størst spreiing nær morbestandane sine, men ein får stadig meir dokumentasjon på langdistansespreiing, som for eksempelvis opp til 2 km for sitkagran (Thorvaldsen 2016).
Kystlynghei – med ubedne gjestar
Kystlyngheiane får rett som det er ubedne gjestar på besøk. Dette er ein semi-naturleg naturtype som er karakterisert av eit ope landskap dominert av lyngplanter, og der røsslyng er ein viktig art. Lyngheiane må skjøttast for å haldast i hevd, og dette har kystbønder gjort i generasjonar ved hjelp av lyngsviing, beitebruk og tidlegare også slått. I dag er heilårsbeiting med gammalnorsk sau i kombinasjonar med lyngsviing dei vanlegaste skjøtselsmetodane. I byrjinga kan frøspirane frå dei framande treslaga vere vanskelege å sjå innimellom lyngen, men etter kvart veks dei i frå lyngplantene i høgda. Undersøkingar har vist at særleg sitkagran/lutzgran har ein negativ effekt på dei lyskrevjande og typiske lyngheiartane, medan mosar som toler skygge klarer seg betre (Saure et al. 2013). Framandartane etablerer seg overraskande bra i lyngheia, og vi har i dei siste åra blitt merksame på kor raske artane kan vere med å komme inn etter ei forstyrring, slik som i nysvidde brannflater (Vikane et al. 2013). Dette har gjort til at ein i større grad må ta omsyn til korleis ein går fram når ein skal svi lynghei der ein har plantefelt med framande treslag i nærleiken. Då vert oppfølginga av suksesjonen i brannflata svært viktig, og ein må planlegge for manuell fjerning av framande artar. Dette er eit tiltak vi i stadig større grad legg inn i skjøtselsplanane til bøndene. Uønskte frøspirar må rykkjast opp, og her er beitedyra til lita hjelp, ettersom dei ikkje beiter på desse treslaga. Ein ser også no fleire eksempel på at enkelttre eller plantefelt med framande treslag vert fjerna, slik at ein unngår frøspreiinga inn i kystlyngheia. Fjerning av frøkjelder er effektive og varige tiltak.
Kva kan vi gjere?
Kunnskapen vår om framandartar blir stadig betre, og vi har i dag ei eigaforskrift om framande artarog om utsetting av utanlandske treslag til skogbruksformål, ein tverrsektoriell nasjonal strategi for tiltak mot framande og skadelege artar, og ei framandartsliste som skal reviderast igjen i 2021. I tillegg har vi eigne ordningar der ein kan søke om tilskot til å fjerne framande artar i trua natur, noko som er viktige insentiv for ivaretaking av mangfaldet av naturtypar. Vi må auke kunnskapsgrunnlaget om framandartar ytterlegare, både i forhold til økologiske konsekvensar, kostnadseffektiv fjerning og effekten av desse tiltaka. Det er venta at utfordringane vil auke framover ettersom stadig fleire plantefelt byrjar å produsere frø og ekspansjonshastigheita til treslaga er stor. For kystlyngheiane sin del betyr dette god planlegging og oppfølging av skjøtselstiltak framover, og at ubedne gjestar må handterast og kastast ut.
Thorvaldsen, P. 2016. Sitkagran Picea sitchensis i stor spredning i det norske kystlandskapet. Eksempel fra Stadtlandet, Selje kommune. Blyttia 74: 160-171
Saure, H.I., Vandvik,V., Hassel,K. & Vetaas, O.R. 2013. Effects of invasion by introduced versus native conifers on costal heathland vegetation. J.Veg.Science 24: 744-754
Vikane, J.H., Vandvik,V. &Vetaas, O.R. 2013. Invasion of Calluna heath by native and non-native conifers: the role of succseeion, disturbance and allelopathy. Plant Ecol. 214: 975-985
Skogplanting som klimatiltak er ikke et så enkelt virkemiddel som det har blitt framstilt. Som de fleste områder i livet, er bildet nokså komplekst. I denne bloggen legger klimaforskere og planteforskere fram ulike sider ved skogplanting for å belyse fordeler, ulemper, hva vi vet og ikke minst hva vi ennå ikke vet.
Bloggen blir skrevet av forskere på klima, skog og vegetasjon fra flere norske institusjoner. Forskerne samarbeider gjennom ulike forskningsprosjekter.
Initiativet er fra Hanna Lee, forsker ved NORCE og Bjerknessenteret for klimaforskning.
I sin forskning jobber hun med å forstå sammenhengene mellom økosystemer og klimasystemet. Hun bruker både observasjoner og klimamodeller for å forstå utfall av klimaendringer i naturen, og motsatt hvordan endringer i økosystemet påvirker klimaet på jorden.