Helga Eggebø fortel korleis organiserte, faste samtalar gir støtte til prosjektgjennomføringa i kommunane og genererer forskingsdata.

Samtalane som gir lassokasting og blodpannekaker

Vi treng kvalitative metodar som gjer det lettare å jobbe godt saman fagleg. Eg har lyst til å fortelje om ein metode som passar bra når forskarar og folk i offentlege verksemder skal samarbeide.

Publisert

Dei siste åra har eg jobba med å utvikla kollektive forskingspraksisar, mellom anna den populære metoden kollektiv kvalitativ analyse. Artikkelen «Kvalitativ samtaleserie i kommunar» - som nyleg er publisert i Tidsskrift for omsorgsforskning, er neste bit av dette metodiske nybrottsarbeidet.

Møtest kvar fjerde veke

Kvalitativ samtaleserie er ein metode for samarbeid og datainnsamling; det er ein heilt konkret måte å praktisera det som gjerne blir tala om som «samforsking» eller «medforsking». Det er eit verktøy utvikla i eit offentleg innovasjonsprosjekt om sosial omsorg i kommunale tenester til eldre.

Kort fortalt har kvalitativ samtaleserie gått ut på å organisera faste samtalar mellom ein forskar og kommunale prosjektleiarar. Samtaleseriane har hatt to føremål:

1) støtta prosjektgjennomføringa i kommunane,

2) generera forskingsdata.

Samtalane har gått føre seg anna kvar eller fjerde kvar veke på telefon eller datamaskin, alt etter behova til den enkelte prosjektleiar. Dei har fortalt om utviklinga i prosjektarbeidet frå gong til gong, om alt frå hendingar og samhandling i arbeidskvardagen, til refleksjonar om organisasjonen og vurderingar av framdrift og resultat. Forskarane har lytta, stilt spørsmål, formidla kunnskap frå forskingsfeltet og skrive grundige notat frå samtalane.

Blodpannekaker i Tana

Mariann har fortalt levande om å skapa sosiale møtestader for eldre i Tana. Dei har steikt blodpannekaker i lavvo, laga kaffibål, reist på båttur i Tanafjorden og arrangert meisterskap i lassokasting. Ho har delt kloke refleksjonar og kunnskap om helse og omsorg i ein samisk kontekst. Kvar gong me skal snakka i lag gler eg meg til å høyra meir, og det er ein motivasjonsfaktor i analyse- og skrivearbeidet.

«Dette er verkeleg vegen å gå! Eg vonar du vil ta det med deg vidare i forskinga di og formidla til andre!» sa Ann Rita Vestvant – ein av prosjektleiarane – då me hadde ein av dei siste formelle samtalane i prosjektet. Dette inspirerte meg til å skriva om måten me hadde jobba på i gjestespalta i Forskerforum.

Litt intervju, litt feltnotat

Seinare har eg jobba vidare med det omfattande datamaterialet som samtaleseriane hadde gjeve. Dataa er som ei blanding mellom intervju og feltnotat. Dei gjev eit detaljert innblikk i innovasjonsprosessen frå start til slutt, og inneheld rike skildringar av «feltet», i dette tilfellet kommunens helse- og omsorgssektor.

Samtaleseriane var planlagde som ein del av eit følgjeforskingsdesign, og me erfarte at metoden er eigna til å støtta innovasjonsarbeid i kommunane og byggja tillit og til å gje innsikt i endringsprosessar. Undervegs i prosjektet oppdaga me dessutan at dei kvalitative samtaleseriane var ei kjelde til rike skildringar av relasjonar, kunnskap og kulturar i eldreomsorga og lokalsamfunna. Det var rett og slett veldig gode og verdifulle etnografiske data.

Enkel og undervurdert metode

I ein kommentarartikkel i tidsskriftet Nature Biotechnology har Itai Yanai og Martin J. Lercher argumentert for at samtalen er ein enkel og undervurdert metode for å koma fram til nye tankar og sjå samanhengar som ikkje er tilgjengelege for oss åleine. Samtale fremjar kreativ tenking, og kreativitet er essensielt i forsking.

Samtaleseriane har vore umiddelbare, morosame og inspirerande. Arbeidet med å skriva den vitskapelege metodeartikkelen derimot, har vore ein seig prosess. Først vart det skilsmisse som stakk kjeppar i hjula for skrivekapasiteten. Deretter var det andre prosjekt eg måtte prioritera. Vidare baud publiseringsprosessen på mange avslag, og dessutan tok fagfellevurderinga i to rundar lang tid. Men eg haldt ut! Både fordi prosjektleiar Ann Rita hadde oppfordra meg til det, og fordi eg har tru på at metoden har verdi og relevans for andre forskarar og tilsette som skal samarbeida om forsking og utvikling.

Ein tidlegare versjon av denne teksten vart først publisert i Forskerforum 2. februar 2022, og vart deretter publisert på forskerforum.no

Powered by Labrador CMS