Kjenner du igjen denne krabaten?

 

Nærbilete av undersida til ei lakselus. (Foto: Havforskningsinstituttet)

Det er nemleg ei lakselus, ein hjartelaus parasitt.

Lakselus er ein naturleg art i våre farvatn. Det er ganske kresen i matvegen og vil kun eta skinn, slim og blod frå ein salmonid fisk. I Noreg vil det seie anten laks, sjøaure eller røye. Denne noko uapetittelege menyen skaper naturleg nok vansker for fisken lakselusa et på. Fisk med lakselus får sår i huden, vert utsatt for infeksjonar, og dersom såra vert store nok får fisken problem med å opretthalda rett saltbalanse. Fisk som får store mengder lus døyr. 

Driv med straumen

Som mange andre arter i havet, begynner lakselusa livet som planktonisk larve. Planktonisk betyr at dei svever rundt i vassmassene. Då dei er små, berre ein halv mm, har dei ikkje noko sjangs til å svømme mot straumen som typisk er rundt 10 cm/s. Likevel har lusa ein teknikk for å påverka kvar den vert transportert. Dei vertikale straumane, som er retta oppover eller nedover, har mykje lavare hastegheit, og dermed klarer lusa å kontrollere djupet den står på. Lusa svømmer mot lyset, og unngår vatn med lav saltholdighet. Ved å svømme mot lyset sikrar lusa å opphalda seg nært overflata og i eit område der den har størst mogleg sangs for å finne ein vertsfisk. Med antennene framme på kroppen kan den kjenne på vatnet om ein fisk nermer seg, og kan gjera seg klar til å bykse mot fisken.

Her klekkes lakseluslarver frå ein eggstreng. Eggstrengene heng fast på morlusa. (Foto: Havforskningsinstituttet)

Temperaturen styrer utviklinga

Dei første dagane som planktonisk larve er ikkje lakselusa i stand til å setja seg på ein fisk. Kor fort den vert moden til å setje seg på ein fisk er avhengig av temperatur. I varmt vatn vil utviklinga gå raskare enn i kaldt vatn. Dersom det er 10 °C i vatnet vil utviklinga ta ca 4 dagar. Så svever den vidare med vatnet, på leit etter ein vertsfisk. I heile denne perioden et ikkje lusa noko. Den har frå klekkinga av ei matpakke av feitt, men når denne matpakka er spist opp vil lusa døy dersom den ikkje har funne seg ein laksefisk.

Heile det planktoniske stadiet vil vare i eit par veker, og i løpet av denne tida vert lusa transportert fleire titals kilometer med straumen.

Fleire fisk – fleire lus

Med veksten i oppdrettsnæringa har antalet vertsfisk for lakselus vorte mange ganger større. Det er difor mykje lettare for ei lus å finne seg ein fisk i dag enn det var for 50 år sidan. Då oppdrettsfisk vert behandla mot lakselus, har den i dag som regel lite lus på seg. Som regel berre ein hundredel av det som er vanleg for den ville fisken. Men då det er så mange oppdrettsfisk vert del likevel mange lus til sammen. På grunn av at lusa driv over store område med straumen før dei set seg på fisken er det særs vanskeleg å hindre smitte av lus både mellom anlegg og mellom anlegg og vill fisk.

Kvar er lusa?

For å kartlegge kvar det er høge konsentrasjoner av lakselus langs norskekysten i dag, vert det kvar veke rekna ut kor mange lus som vert produsert ved alle oppdrettsanlegg langs heile kysten, kvar dei vert transportert av straumen og kvar dei vil befinna seg når dei er i stand til å setje seg på fisken. Resultata vert presentert kvar veke på: www.lakselus.no

 

Og dersom du lura: Lakselusa har faktisk ikkje noko hjarte. Det vesle den har av blod vert flytta rundt i kroppen når lusa rører på seg.

Powered by Labrador CMS