Lakselusovervåkning og feltlyrikk
Har du sett slike blåser på sjøen nær deg? Då er me i området for å overvåke kor mykje lakselus som er i vatnet.
Nettopp nå, som kvart år på denne tida, begynner små laks å svømme frå elva og mot havet. Sjøørret går og ut frå elva for å beite i sjøen der mattilgangen er betre enn i elva. Fisken står i fare for å få på seg lakselus, og dess mindre fisken er dess mindre lus tåler den. Lus som får på seg lus, får skader i skinnet, vert meir eksponert for andre infeksjoner. Dersom skadene vert store nok kan fisken få problemer med å balansere saltkonsentrasjonen mot det salte vatnet den svømmer i. Fisk med lus veks seinare og dersom den får nok lus, vil den døy.
Meir lus enn før
På grunn av all oppdrettsfisken som står langs kysten vår er det mange stader meir lus enn før oppdrettsnæringa. Lakselusa klekker luselarver rett ut i vassmassene som driv rundt med straumen på leit etter ein vertsfisk. På denne måten sikrar lusa spreiing av borna sine, og lusa smitter mellom oppdrett- og villfisk. For å kartlegge kor mykje lakselus villfisken får på deg, og kvar den får så mykje lus at det vil føre til lavare overlevelse er me kvar vår ute og overvåker kor mykje lus fisken har på seg.
Teller lus på fisk
For å kartlegge kor mykje lus som finnes i eit område benytter me oss av fleire metoder. Basert på kunnskap om straum, temperatur og antal lus på alle oppdrettsanlegg langs kysten berekner me kvar veke tettheten av lus langs heile kysten. Resultater kan du sjå på www.lakselus.no. I tillegg er det ein heil gjeng satt i sving for å fiske vill fisk, og telle lus på dei. Både laks og ørret blir fanga under lakselusovervåkinga.
Smoltbur
I tillegg til å fange vill fisk har me ute smoltbur som inneheldt små oppdrettslaks. Under blåsene på biletet har me satt ut eit lite bur med 30 små oppdrettslaks i. Fisken står der for å samla lakselus, til me etter 14 dagar kjem og bytter fisken. Ved å telle lus på all fisken som vert tatt opp, får me dokumentert kvar det er mykje og lite lakselus. Kjedeleg jobb for fisken, men viktig informasjon for oss.
Feltlyrikk
Før me reiser ut, har allerede gode kollegaer reist ut med forankringer og blåser, så alt er klart til me kjem ut med fisken. For å halda moralen oppe, har dei dekorert blåsene med lyriske sitater og ordspel. Blåsene er spreidd langs store deler av vestlandet. Oppdager ei slik kulturell perle, veit du at fisken under er ute i viktig ærend.