Ser du kva dette er?
Jo det er nemlig noko så fantastisk som ein svevande sjøstjernebaby!
Medan vaksne sjøstjerner har begrensa moglegheit til å flytta på seg, så svever sjøstjerne-egg og -larver (babyane) av garde med vatnet omkring. Vatnet i havet og i fjordane våre kan ofte sjå ganske roleg ut frå land, men det beveger seg faktisk ganske raskt. Sjøstjernebabyane kan fort sveve 10 km om dagen bort frå foreldra sine. Først etter fleire veker søker sjøstjernene mot botnen, der dei veks vidare som stjerneformede vaksne sjøstjerner, slik me er vande med å sjå dei.
Sutalaus oppdraging
Sjøstjerner er kanskje ikkje så gode foreldre, vil nokon hevda, men ved å spre borna sine over eit større område sikrer foreldra at i alle fall ein del av dei vil havne i område meg god moglegheit for å vekse opp vidare. Dette er kanskje den mest vanlege forma for "oppdraging" i havet, og mange artar har vist seg å væra ekspertar til å sleppe egga sine på akkurat rett tid og stad med tanke på vidare transport av larvene og våroppblomstringa då det er mykje mat og meske seg med. I havet er det stor fare for å bli eten opp, og dess mindre du er, dess farlegare lever du. Difor er god mattilgang avgjerande for rask vekst til ein litt tryggare tilværelse.
Berekner transport under overflata
Lik som værmodellar berekner vind, temperatur og nedbør er det utvikla havmodellar som rekner ut saltinnhald, temperatur og straum i havet. Ved å bruke slike modellar kan me i dag berekne kva område egg og larver vil drive. Lik som værmodellane kan brukast til å berekne utbreiing av askeskyer og radioaktivitet brukes havmodellane til å berekne utbreing av radioaktivitet, fiskelarver og lakselus.
Med litt nerding, ein god dose datareknekraft kan ein til og med berekne transporten av ein svevande sjøstjernebaby.