Heksekunst, ølbrygging og marshmallows frå mellomalderen

Skrive av arkeobotanikar Maria Sture.

Arkeologi er ein tverrfagleg disiplin som gjer bruk av kompetanse frå mange ulike fagfelt. Mellom anna treng me kunnskap om botanikk for å analysera og tolka mykje av det organiske materialet som kjem fram under mellomalderutgravingane våre.

Fagfeltet der arkeologi og botanikk møtast, heiter arkeobotanikk. Ein arkeobotanikar kan til dømes jobba med artsbestemming av sporar, pollen, frø eller trevirke. Hjå NIKU utfører me makroanalyse og vedartsbestemming, altso artsbestemming av trevirke og frø.

Frø som er sorterte ut frå ei makroprøve. Foto: Maria Sture

 

Kvifor arkeobotanikk?

Kvifor gjer me dette? Me finn stort sett dei same trea og plantane som vaks i mellomalderen òg i dag, og me har allereie god kunnskap om kva plantar som vart importerte. Det er i staden frekvensen og den romlege organiseringa av artane som kan opna ei verd av moglege arkeologiske tolkingar. Merk at det er arkeologiske tolkingar me er ute etter, jamvel om tolkingsmaterialet er botanisk.

Me kan til dømes sjå på kolet i ein eldstad. Det fortel oss kva tresortar som har vekse i nærleiken, og det igjen kan kanskje seia noko om kor hard ressursutnyttinga har vore. Eller me kan sjå på åkerugras i eit hus. Under rette omstende kan dette vera restar etter reinsking av korn, eller det kan vera ugras som fylgde med ved innhausting av kornet, og som vart att etter at kornet rotna vekk. Ugraset kan då fortelja oss om næringstilhøve i åkeren, om det var vått eller tørt, og til og med om kornaksa vart kutta langt nede, eller høgt oppe.

Arkeobotanisk materiale er i tillegg godt eigna til 14C-datering. Då er det ein fordel at me på førehand har artsbestemt det materialet me vel å senda inn, so me lettare kan tolka resultatet, eller finna feilkjelder, i etterkant.

Vedartsbestemming

Vedanatomien er vakker – det er ein bonus som fylgjer med jobben. Å sjå på kol og ubrent trevirke under 100–200 gonger forstørring er som å dykka ned i ei anna verd. Mange treslag kan overflatisk sjå ganske like ut, so me treng å finna akkurat dei mikrostrukturane me treng for å artsbestemma veden.

I mellomalderen vart både gran og furu brukte til lafting av hus. Røynslene våre frå Follobaneprosjektet er at ved av relativt dårleg kvalitet òg vart brukt i huskonstruksjonar. Me har til dømes funne fleire laftestokkar av hurtigvaksen gran. I gjerdekonstruksjonar frå mellomalderen på feltet Follo Nord, er det kanskje litt overraskande einer og ungtre av or som har dominert.

 

Gran frå Follobaneprosjektet. 200x forstørring. Foto: Maria Sture

 

Makroanalyse

Ordet «makro» kjem av at det er makroskopisk plantemateriale me undersøker – stort sett frø. Det kan til dømes vera korn, nøtteskal, frø frå bær og ugrasfrø. Ei makroprøve startar som ei jordprøve, oftast på nokre få liter eller desiliter. Denne vert flotert, som vil seia at me brukar vatn for å skilja prøva i ein lettfraksjon og ein tungfraksjon.

Prinsippet er at alt organisk skal flyta opp, og fylgja med i lettfraksjonen. Når prøva har tørka, kan me sjå på det organiske materialet under lupe, og varsamt plukka ut frøa med pinsett. Når me arbeider med prøver frå kulturlag som vart avsette i mellomalderen, er det er ikkje uvanleg at det finst fleire tusen frø i éi makroprøve.

 

Slik ser ei flotert og tørka makroprøve ut. Pinsetten er ein viktig arbeidsreiskap. 8x forstørring. Foto: Maria Sture

 

Når frøa til slutt er artsbestemte, er det mogleg å danna seg eit inntrykk av kva slags aktivitetar som kan ha gått føre seg der prøva er henta frå. Me kan òg få eit innblikk i korleis det har vore med drenering og omroting av jordmassar i eit område.

 

Utvalde frø frå Follobaneprosjektet

Talet på ulike frø frå dei pågåande utgravingane er tresifra, og det dukkar stadig opp nye artar. Her presenterer me nokre få av dei botaniske funna våre.

Valnøtt (Juglans regia) – Det finst berre nokre små fragment av valnøttskal i eit par av prøvene våre so langt. Valnøttre kan veksa nokre få, lune plassar i Noreg, men truleg stammar funna våre frå import sørfrå. Valnøtter har ikkje vore kvardagskost i Oslo, og truleg har berre dei rikaste hatt råd til å kjøpa dei importerte nøttene.

Valnøttskal frå latrine. Millimeterpapir i bakgrunnen. Foto: Maria Sture

 

Tiggarsoleie (Ranunculus sceleratus) – I nokre av prøvene er det store mengder frø denne vesle planten. Han er giftig for husdyr, og har truleg spreidd seg i og rundt Oslo som ei fylgje av kraftig beiting på andre vekstar. I tillegg flyt frøa til tiggarsoleie svært godt, og dei store opphopingane me finn, kjem truleg av at dei har fylgt med regnvatn som har runne gjennom gatene i byen. Desse frøa fortel altso ei historie om kraftig beitepress og dårleg drenering.

 

3445 frø frå tiggarsoleie plukka ut av det som var 0,5 liter jord. 8x forstørring. Foto: Maria Sture

 

Bulmeurt (Hyoscyamus niger) – Me har funne nokre få frø av denne svært spennande gift- og medisinplanten. Bulmeurt er dødeleg giftig, men i små doser er planten eit kraftig hallusinogen som òg verkar smertelindrande og avslappande. Dei karakteristiske hallusinasjonane har knytt planten til heksekunst: dei er sterkt erotiske, og kropp og sjel kjennest løyste frå kvarandre, so ein kan få kjensla av å fly. Det er difor mogleg at dei «heksene» som fortalde om reiser til Blokksberg, og omgang med djevelen, sjølv trudde dette verkeleg hadde hendt. Det er likevel sannsynleg at frøa me har funne er brukte til meir uskuldige føremål. Det har mellom anna vore svært vanleg å bruka bulmeurt til å lindra tannverk.
 

To frø frå bulmeurt. Millimeterpapir i forgrunnen. Foto: Maria Sture

 

Pors (Myrica gale) – Me finn spor etter pors i mange av prøvene frå follobaneprosjektet, men dei større mengdene finn me i prøver frå avfallshaugar og hus. Den velduftande og aromatiske porsbusken var eit vanleg ølkrydder i mellomalderen, og mykje av porsen me finn er sannsynlegvis spor etter ølbrygging. Porsen veks på myr, og me kan gå ut ifrå at dei planterestane me finn er hausta inn frå utmark og skog i nærleiken av mellomalderbyen.
 

 

Hannraklar frå pors. Både raklar frå hannplantar og frukt frå hoplantar er vanlege i prøvene. Millimeterpapir i bakgrunnen. Foto: Maria Sture

 

Legestokkrose (Althaea officinalis) – Spreidd rundt i jordmassane frå kyrkjegarden til Nikolaikirken i Oslo, fanst mellom anna klosterplanten legestokkrose. Denne planten har me til no ikkje funne andre plassar i mellomalderbyen, og me lurer difor på om han har vakse i samband med kyrkjegarden. Planten har ingen dokumentert effekt i moderne medisin, men heile planten er eteleg, og har mellom anna vore brukt til hjelp ved fødsel, luftvegsplager og urinvegsplager. Røtene til legestokkrose er spesielt velsmakande, og dei er, kanskje noko overraskande, opphavet til moderne marshmallows. Det engelske namnet på planten er nettopp «marsh mallow».

 

 

Frøa til legestokkrose er fargesterke og enkle å få auge på i prøvene. Millimeterpapir i bakgrunnen. Foto: Maria Sture

 

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS