Sensasjonell fugleobservasjon på Lesja

Dvergtrappe har ikkje vore observert i Norge på 100 år. (Foto: Per Jordhøy)
Dvergtrappe har ikkje vore observert i Norge på 100 år. (Foto: Per Jordhøy)


Av Per Jordhøy

Etter ein herleg morgon med trekking av garn på Gautsjøen på Dalsida i Lesja er eg og bror min er på veg frå naustet ved Kvitvika opp til Kvita-setra. På kalenderen står det 28. august 2014 og klokka viser 1130. Det er klart fint haustvær når vi nærmar oss setra. Brått får eg auge på ein rypeliknande fugl som sit på ein lyngrabbe, om lag 60-70 meter nedafor vegen.

Eg reagerer med ein gong. Det er noko heilt særskilt ved utsjånaden, som kjem enda klarare fram når den lettar og flyg vestover. Kan det vera ein krysning mellom orrfugl og lirype?, tenkjer eg i den første augneblinken.

Alt går så fort – eg har ikkje kikkert for handa og blir rådvill. Eg speidar utover og ser at fuglen går ned for landing att like vestafor setergrenda. Kamerahus med telelinse blir snøgt gjort klar og eg tek føtene fatt for å sjå nærare på fuglen og om mogleg få eit bilde eller to.

Då eg nærmar meg staden lettar fuglen att og svingar utover mot Kvitmyrin i roleg flukt. Den verkar relativt sky. Eit eller anna gjer at den forbaska autofokusen på kameraet ikkje fungerer optimalt, men like før fuglen går inn for landing ute i sivbeltet seier den «smakk» og eg får pepra på nokre fluktbilde.

 (Foto: Per Jordhøy)
(Foto: Per Jordhøy)

Dvergtrappe, kan det vera mogleg?

Då eg tek til å sjå på bilda utpå eftan er det berre uskarpe bilde til å byrje med –men dei seks siste blir «innertiar». Eg pustar letta ut!  

Når pulsen har roa seg set eg meg for å stuere bileta. Eg ser klart den orrfuglstore fuglen sin utsjånad med særeigne svarte og kvite teikningar på vengen. Elles er kroppen ljos brunaktig på oversida og ljos gråkvit på undersida. På internett via mobiltelefonen min sjekkar eg av rein intuisjon ut arten dvergtrappe, som eg anar kan vera eit aktuelt val. Og - til mi store glede stemmer dette utruleg godt med det ferske fluktbiletet eg har.

Stemninga stig brått inne i det gamle seterstua og hendinga blir tvert delt med dei andre tilstadesverande – til stor begeistring. Vi diskuterer ivrig og undrar på om det er den varme sommaren som har lokka fuglen frå Middelhavsområda til nordlege strok? Eller har den kanskje vore med ein grågåsflokk hit i vår?

 (Foto: Per Jordhøy)
(Foto: Per Jordhøy)

Ekspertane bekreftar observasjonen

Ved ankomst på NINA-kontoret i Trondheim blir observasjonen sjekka ut med kollega og entusiastisk fuglekjennar Jan Ove Gjershaug, som med ein gong kan bekrefta at det er ein hofugl av dvergtrappe.

Det kan også Kjetil Solbakken, leiar i NOF Norsk ornitologisk foreining gjere, når han ser bilda. Men det fyrste han seier når eg ringer han er: «Tullar du?»

Fascinasjonen for fugl

For enkelte kan kanskje denne enorme begeistringa for ein fugleobservasjon verka underleg. Men dersom fugleinteressa er der frå du er liten – varer denne gjerne livet ut. Det er noko særskilt med fuglane våre; artsrikdomen, tilpasningane, den vakre og varierte utsjånaden. Det fascinerer mange av oss – som når grågåsa «kjæm og fér» - slik Kari Bremnes så vakkert formidlar det. «Fuglene i farger» var kjær og interessant lesnad for meg som 7-åring, og denne julegåva gjorde nok sitt til å skjerpa den allereie gryande interessa. Fuglane er òg eit godt barometer på stoda i naturmiljøet vårt, det har vi mange gode døme på.

Første observasjon på over 100 år

Eg var litt redd for at publisiteten ikring observasjonen skulle bli  overveldande og skapa trafikkaos innover den smale Dalsidevegen – men artig er det nå lell! Mange sjeldne fugleartar blir meldt inn til NOF årleg, men dette var ein av dei særs sjeldne. Flaks var det difor å vera på rett stad til rett tid, og få dokumentert funnet under slike gode vêr- og ljostilhøve. 

Per i dag ligg det berre føre tre kjente observasjonar av dvergtrappe i Noreg: Gudbrandsdalen i 1880 og 1900 – og i Varanger i 1906. Den hekker i Sør-Europa, forutan også i Nordvest-Afrika og Sørvest-Asia og høyrer ordenen tranefuglar.

Sjølv om det var eit framifrå garnfiske på Gautsjøen i Lesjafjellet, spørst det likevel om det ikkje blir observasjonen av dvergtrappen som får førsteplassen i minnet denne gongen.

Garnfiske på gang. (Foto: Privat)
Garnfiske på gang. (Foto: Privat)

Powered by Labrador CMS