Håkjerringa: the beauty and the beast

Denne håkjerringa gjekk i trålen nord for Svalbard. (Foto: Elvar H. Hallfredsson, Havforskingsinstitttet)

Skriven av havforskar Harald Gjøsæter

Når ein får noko i trålen som er 280 kg tungt, 3,3 meter langt og kanskje 100 år gamalt, då kan det ikkje vera mykje anna ein ei håkjerring. Vi fekk ho, eller rettare sagt han, i botntrålen på 81°N

og 18°Ø, det vil seie rett nordvest for Nordaustlandet. Namnet håkjerring kan vel tyda på at dei som gav fisken namn trudde at dette søvnige uhyret var hoa, medan håbrannen var hannen av same art.  Håkjerringa liknar en grå, slapp torpedo og ber det vitskaplege namnet sitt «Søvngjengar med lite hovud» (Somniosus microcephalus) med rette.

Det er ikkje mykje fart i denne haien, han sparar nok på energien. Det at han rører seg så sakte er vel også grunnen til at vi får han i botntrålen. Elles så skulle vel ein så stor fisk kunna rømma unna ein trål som kjem ramlande i berre halvannan meter i sekundet.

Mykje fisk i magen

Det er likevel ikkje ofte vi fiskar han med trål. Og når vi får han, plar vi berre måla lengda og sleppa han ut att i havet. Men denne måtte bøta med livet; det skulle takast prøvar av dyret, og både hovudet og halen vart frosne ned. Mest spanande var det å opna magen; det går jo mange meir og mindre makabre historier om kva ein kan finna i magen på ei håkjerring. No fann vi korkje oljeklede, halve selskrottar eller isbjørnskinn denne gongen.

Då vi opna magen velta det ut fisk av mange slag. Her var typiske botnfisk som blåkveite og gapeflyndre, torsk og hyse, og her var fisk som truleg var fanga oppe i sjøen, som kolmule og uer. Mest overraskande var det kanskje å finna ei rognkjeks mellom dei halvfordøydde fiskane i håkjerringmagen. Rognkjeks får vi ikkje så ofte her oppe i dette området, og dei vi får held ofte til nær overflata, der dei beitar på plankton og små maneter.

Gytt for siste gong

Rognkjeksen er på mange måtar ein flott fisk. Både hannen (kallen) med sine raude farge og hoa (kjeksa) som er grøn, er begge mellom dei «vakraste» fiskane i våre farvatn. Dei kan bli store; kjeksen over 60 centimeter og hannen over 50. I beitesesongen burde rognkjeksen eigentleg karakteriserast som ein planktonorganisme, for eigenrørsla er det så som så med. Dei er ingen gode symjarar, men rek av garde dit straumen tek dei i beitesesongen.

Dette er noko av det håkjerringa hadde ete. (Foto: Elvar H. Hallfredsson, Havforskingsinstitttet)

Men når gytetida nærmar seg om våren, søkjer dei inn mot kysten og heilt opp i strendene, der dei gyter på grunt vatn. Når hoa har gytt stikk ho sin veg, medan kallen trufast vernar egga mot alle farar og viftar friskt vatn over dei med brystfinnane. Slik står han vakt i opptil to månader til egga vert klekka, utan å ta til seg føde. Då er det godt å ha ei solid sugeskål under buken som kan halda han fast til ein stein. Når dette er over ut på sommaren stikk han til sjøs att, og feitar seg opp til neste gyte- og fastesesong. Denne rognkjeksa hadde gytt for siste gong. Ho hamna i magen på «the beast», langt nord for Svalbard.

Forskerne om bord på "Helmer Hanssen" fikk ei håkjerring i trålen på 81 grader, 06.86 minutt nord og 17 grader, 51.77 aust. (Foto: (Kart: Googlemaps))

 

 

Powered by Labrador CMS