Vi segler vidare: Det mesopelagiske vasslaget – ei lite kjend verd

Skriven av havforskar Harald Gjøsæter

(Illustrasjon på framsida: Skjermdump frå Google Earth)

Vasslaget på djup mellom 200 og 1000 meter kallast det mesopelagiske laget. Verken ved kysten eller ute på det opne havet er det særleg mange kommersielle fiskeartar som held til her; enten held fisken seg i dei øvre vasslaga, som sild og makrell, eller dei held seg ved botnen der djupet er mindre enn 600-700 m, som torsk og hyse.

Mykje liv

Men det betyr på ingen måte at det mesopelagiske laget er tomt for liv; tvert om, mest kvar ein ferdast vil ein på ekkoloddet sjå at det er organismar som gir ekko i dette laget. Det er faktisk så karakteristisk at det har fått eit eige namn: «Deep scattering layer». Fiskar ein med ein trål ned i dette området, får ein ei blanding av små fiskar, ulike krepsdyr, blekksprutar og såkalla «geleplankton». Det består av ulike typar maneter og salpar. Ein har operert med anslag på rundt 1000 millionar tonn berre på fiskedelen av dette laget, men for to år sidan vart det publisert ein artikkel som indikerer at det gjerne kan vera 10 gonger så mykje mesopelagisk fisk i verdshava! Alle slike anslag er usikre, men det er ingen tvil om at mesopelagiske organismar utgjer ein viktig del av dei oseaniske økosystema.

Polhavstoktet held fram, og forskarane er godt i gang med oppgåvene sine. Den fjerde stasjonen blei tatt på 79 grader, 52.16 minutt nord og 5 grader, 50.39 minutt aust. “Helmer Hanssen” opererer i eit område med dårleg satellittsamband. Difor er det vanskeleg å få overført bilete frå Polhavstoktet. (Kart: Googlemaps)

Vandrar opp og ned

Noko av det mest karakteristiske ved denne blandinga av organismar er at dei vandrar opp og ned i takt med lyset. Om dagen står dei nede på djupet, Når det mørknar om kvelden byrjar heile eller deler av dette laget å heva seg mot overflata. Når morgonen kjem, senkar det seg ned att. Denne vertikalvandringa kan gå føre seg over fleire hundre meter, og ein har rekna ut at dette faktisk er den største forflyttinga av biomasse i heile dyreverda. For sjølv om organismane som lever i dette laget ikkje står særleg tett, og heller ikkje er særleg store, finst dette laget som nemnt i alle dei sju hava, og samla er det ufattelege mengder med dyr.

I Arktis også?

Vi var litt spente på om denne vertikalvandringa også fann stad i dei arktiske områda, der det er lyst døgnet rundt om sommaren og mørkt gjennom heile vinteren. Våre tokt til området vest- og nord av Svalbard dei tre siste åra har vist at også her vandrar det mesopelagiske laget opp og ned sjølv om sola er over horisonten heile døgnet, men kanskje i noko mindre grad enn lenger sør der variasjonen i lyset er større. Dette syner at sjølv om forskjellen på lyset dag og natt ikkje er særleg stor, er det nok til å setje i gang vandringsprosessen hos dei mesopelagiske organismane.

Beitar om natta

Men kvifor vandrar dei opp og ned? Den vanlegaste forklaringa på dette fenomenet er at dei på denne måten minimerer risikoen for å verta etne av større fisk og andre dyr, som for det meste held seg nær overflata, samstundes som dei kan beita på dei rike matressursane som finst nærare overflata når det er mørkt. Enkelt sagt: Dei gøymer seg i mørket på djupet om dagen, og beitar i mørket nær overflata om natta.

Powered by Labrador CMS