På dette kjøkkenet lærte Knut Ivar Bjørlykhaug mykje om alminneligheita sitt potensial. Det høyrte til farmora hans på Sunnmøre. (Foto: privat)

Alminnelegheita sitt potensial

– ein god nok tekst

Eg og ei god venninne av meg brukar av og til å ete frukost saman. Ofte snakkar vi oss ut på viddene, gløymer tida, kjem ikkje i gong med det vi burde kome i gong med. Det er kanskje litt som om ein slags produktivitets-protest.

Kva er det som skjer for tida eigentleg, kan vi undre oss. Har alle berre godtatt at verda ser ut til å gå til helvete? Er det fordi vi instinktivt veit at det går mot slutten? Er det fordi alle er så travelt opptatt med å bli noko heilt spesielt?

Psykolog Ole Jacob Madsen skriv i si nyaste bok om «Generasjon prestasjon», ein generasjon vi er ein del av, blant anna eg og venninna mi. Vi blir stadig dulta til å prestere på ulike arenaer, og det veks stadig fram nye plattformer kor ein kan og blir oppfordra til å samanlikne seg med andre. Det fører ofte til konsentrasjonstap, tap av perspektiv og meining, og trøblete sjølvbilete for dei som ikkje når fram. Men òg mykje av det same for mange av dei som når fram. Slottet skal haldast i stand. Så er vi lydige, flinke, siviliserte, ukritiske og døve (min påstand, ikkje Madsen sin).

Det er lite protest mot jaget. Mot rovdrifta på naturen, den indre og den ytre.

I mi forsking blir eg stadig overtyda om at vi, det sosiale dyret menneske, treng meir nærleik, meining og retning. At psykiske helsevanskar og liding er mykje knytt til det sosiale klimaet vi lev i. Vi treng mindre jag etter produktivitet, evig formell utdanning, individualisme og lengre arbeidsdagar - og vi treng kanskje endre forståinga vår av kva sjølvrealisering bør handle om. Så har vi denne overveldande vitskapen som viser at vi treng å endre kurs, for å unngå å utradere oss sjølve. Klimakrisa heng tett saman med den sosiale klimakrisa.

Korleis vil vi ha det?

Vi vil jo ulike ting. Korleis skal det heile gå saman? Kanskje, på tross av at vi ofte vil ulike ting, er det nokre grunnleggande forhold vi alle treng meir av, og som kan vere med på å redde oss.

Den psykiske helsa vår, sjølve livsånda, og tilbøyelegheita vår til å bli avhengig, har kanskje aldri før vore så utsatt for eit så unødvendig press. Informasjonsstraumen og sosiale media har sine positive sider, men ser først og fremst ut til å avleie oss.

Vi har alltid ei muligheit til å vakne opp av dvalen, av rusen, og protestere. Slik eg ser det er det ikkje å gå for langt å seie at vi som samfunn, med vår grenselause fridom og vårt ukritiske forbruk, legg til rette for å skape psykiske helsevanskar. Det hjelp ikkje alltid med meir kognitiv terapi og rask psykisk helsehjelp om vi, og politikarane vi vel, ikkje vil endre kursen. Då blir vi flinke forbrukarar som tilpassar oss systemet. Då blir det havari, og båten er allereie godt under vatn.

Det heile er forvirrande for det sosiale dyret, mennesket. Kvar er ausene? Korleis kan vi ause saman, for å unngå at båten synk heilt åt botnen? Kva skal vi svare våre barn, når vi veit at framtida, på grunn av klimakrisa og tap av livsnødvendig natur- og dyreliv, vil bli svært krevande?

Vi har behov for ei ny forståing av frihet, som Vetlesen og Willig foreslår i kampskriftet «Hva skal vi svare våre barn?». Frihet som rommar ei forståing av vår begrensing når alt verkar grenselaust, som rommar ei betre forståing om vår plass i naturen, og korleis vi blir påverka av og påverkar livsgrunnlaget vårt.

Korleis vi har ansvar for kvarandre, og kan ta ansvar.

Frihet frå markedsskreftene, som lokkar oss til å vere med på styre skipet mot avgrunnen. Eg likar denne oppfordringa til å ta ansvar betre enn fenomenet Jordan Peterson si, men her er ein viktig link, noko eg kjem tilbake til.

Sjølv har eg vore (og er til tider fortsatt) for fanga av andre sine forventingar, av samfunnet sine krav: i betydinga å vere ein forbrukar, ta vare på seg sjølv gjennom sydenferiar, og elles yte optimalt til ei kvar tid. For kven? Ein øydeleggande verdsøkonomi? For Erna Solberg? For Donald?! Det kan gå utover evna vår til å vere der, vere tilstede, for oss sjølve og andre. Til å tenke over kva som står på spel. Eg har kjent på kor godt det er å gje slepp på forventningane. Det betyr ikkje at ein bør slutte å ville prestere noko som helst, ta vare på seg sjølv, eller slutte med å ønske å skape noko.

Ein må heller kanskje vurdere premissane for motivasjonen ein ber på. Kva vil eg oppnå med dette, og kva betyr det for meg, for dei rundt meg, i betydinga familie, vener, og naturen? Kva er eigentleg ein god prestasjon – og kva er godt nok?

Sjølvrealiseringa fører til tomheit og blindheit

Dei fleste har etter kvart hørt om eller lest om Jordan Peterson: den konservative og kontroversielle psykologen som har blitt ein av verdas mest populære akademikarar. Eg har lest boka «12 rules for life», fordi eg har kjent på eit ansvar for å forsøke forstå kva han meiner.

Når ein les denne boka er det på ein måte ikkje så overraskande at han har blitt populær. Peterson appellera til unge (og vaksne) sine behov for rammer, avgrensingar i det grenselause, og til pliktkjensle. For meg er ikkje boka kontroversiell, sjølv om Peterson elles, slik eg forstår han, har ein del motiv og haldningar som er rare, og som eg ikkje er med på. Han er til dømes lite opptatt av å ta vare på naturen, forsøker å preike om nyansar, men er sjølv bastant og toler dårleg kritikk (ut frå dei intervjua eg har sett, og podcastane eg har hørt). Eit døme er at han meiner at kjønn ikkje er ein sosial konstruksjon. Ferdig snakka. Kan ikkje kjønn vere både ein sosial konstruksjon og biologisk betinga? Han er for snever, for gammalmodig, og har ikkje særleg sansen for mangfald – slik eg les han.

Kvifor vinn konservative krefter som Peterson fram? Har vi behov for å kjenne meir ansvars- og pliktfølelse? Ja, det trur eg. Framfor å ty til Peterson vil eg heller sjå til psykologen Svend Brinkmann (og ikkje minst til farmora mi då, Signe, som lærte meg mykje om gleden i det alminnelege). Brinkmann er innom mange av dei same poenga, men har eit breiare etisk og moralsk blikk (sjå bøkene «Stå imot: si nei til selvutviklingen», «Ståsteder» og «Gå glipp»).

Hovedlinjene her er at den konstante sjølvutviklinga og sjølvrealiseringa fører til tomheit, og at vi treng å føle på meir ansvar for noko som er større enn oss sjølve. Eit utvida kjærleiksomgrep, som rommar kunsten å ofre noko for andre si velferd - utan å miste seg sjølv – tvert i mot. Vi finn oss sjølve gjennom å forstå betre at vi er til for kvarandre. Vår evne til godhet er større enn vår evne til ondskap og blind egoisme. Følelsane av å gjere godt kan fylle heile kroppen.

Det frie mennesket

I denne samanhengen kan det vere fint å besøke filosofen Spinoza ein snartur. Arne Næss skreiv boka «Det frie menneske – en innføring i Spinozas filosofi». Som menneske har vi i følgje Spinoza noko som er felles, som gir oss eit grunnlag for å leve både meiningsfulle og gledesprega liv. Dette grunnlaget er nedlagt i vår natur. Så lenge vi held oss til å utfolde den «essensielle» menneskelege natur, er det tilstrekkeleg grunnlag for meining og glede. Kva betyr det?

Frå fødselen av blir vi påverka av ytre krefter og hendingar som ofte bringer oss på avveie. Ytre hendingar som utløyser meir eller mindre negative følelsar og lidenskapar. Dei aktivera ikkje vår natur til å utfalde seg, men passiviserer den, hevder Spinoza. Spinoza bruker passiv og aktiv, framfor positiv og negativ.

Lat oss stele eit døme Næss brukar: Om Per seier om Pål at han lid av negative følelsar, av sjølvforakt og misunning, vil Askeladden, som er påverka av Spinoza seie: «Pål lid av dei passive følelsane sjølvforakt og misunning. Han blir dermed hindra i å utfolde sin sanne natur. Han får ikkje eit så meiningsfylt og gledesprega liv som det er grunnlag for. Vi skal hjelpe han så godt vi kan». Eit anna døme er sosiale media og alle appane, styrt av markedskrefter. Dei er designa for å gjere oss avhengige- og leiar oss ofte inn i passiviteten. Det kan blokkere for vår sanne natur.

Næss trekker vidare fram følgande som kan gjere Spinoza til ein inspirator: hans tankar om å utvide vennekretsane. Ein vennekrets er slik Spinoza omtalte det, ein krets der ein gleder seg over andre si glede, og får ugladheitsfølelser ved andre sin ugdladheit. Ugladheita kan opphevast ved å søke å gjere noko for vennen, og sjølv om ein kanskje ikkje lykkast er sjølve forsøket gledesbetona. Det gode samfunn kan derfor, sett frå Spinoza, utforskast som eit samfunn der vennekretsane er utvida og slått saman til eit heile. I eit slik samfunn blir dei uglade ikkje møtt med passiv medlidenhet eller ignoranse, men med aktiv hjelp. Om nokon lid, er det noko vi kan gjere, direkte eller indirekte.

Om naboen lid, om naturen med dyr og alt liv rundt oss lid, er det noko vi kan gjere. Vi treng ikkje og må ikkje låse oss inne i vår eiga boble, for når alt kjem til alt skal vi same vegen: mot døden, som ikkje er slutten, for nokon og noko vi er glade i skal leve vidare. Vi har alltid det til felles.

Korleis få tak i alminnelegheita sitt potensial?

Kva er dette alminnelege eg prøver å løfte fram? Eg vil hevde at potensialet i det alminnelege aldri har vore større. At vi eigentleg, dei aller fleste av oss, berre vil levde i fred og harmoni, og så langt det er mogleg søke å leve rett. Då må vi kanskje ut av blindsporet som dei ytre markedskreftene og politikarane utan visjonar lokkar oss inn i. Ut av den evige sjølvrealiseringa, litt meir ut av sosiale medier, ut av alle tinga vi druknar i, ut av positur, ut av terapirommet (gjerne med terapeuten)- og gå meir inn i naturen. Krevje meir av styresmaktene. Slutte med indre og ytre rovdrift på naturen. Sjå at: jau, dette har vi. Her er lufta eg er avhengig av, her er jordsmonnet maten vår kjem frå, her er alle dyra som sørgar for at det heile går rundt. Dette kan vi miste, i alle fall dei som kjem etter oss. I ei slik bevisstgjering kan vi kanskje betre få tak i alminnelegheita sitt potensial?

Ein rask titt på dimensjonane og tempoet på det vi mister: tapet av biologisk mangfald er eit av dei største menneskapte globale miljøproblema. Proceedings of the National Academy of Sciences har slått fast at reduksjonen av dyr på jorda er multiplisert med 100 gongar sidan 1900-talet. Det betyr at i snitt to artar har forsvunne kvart år, sidan 1900. Eit døme: den afrikanske løva har hatt ein nedgang i bestanden på 43 prosent sidan 1993. Ein del av problemet er alt kravet menneske gjer på naturressursane gjennom vår aktivitet og vårt forbruk. Det er ikkje det at vi eksistera som er problemet, men måten vi lev på. Sjølv er eg, som dei fleste andre, ein hyklar som nokre gongar tek dårlege miljøval. Vi treng eit system som kan hjelpe oss til å leve rett, samtidig som vi tek personleg ansvar gjennom blant anna å krevje det.

Eg veit ikkje. Eg er klar over at det ikkje er så enkelt. At mykje kan verke håplaust å gjere noko med. Men å i større grad verdsette og leite etter potensialet i det alminnelege, i nok, som kanskje er det nye spesielle, trur eg vi kan endre måten vi lever på i ei meir berekraftig retning. Vi må vise styresmaktene at vi vil ta vare på livsgrunnlaget. At nok er nok. Det vil opplagt ha stor betydning for vår psykiske helse, nå og i framtida.

Powered by Labrador CMS