Kallenamn – pynt, plage, profilering eller kva?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Av Aud-Kirsti Pedersen

Kjært barn har mange namn, heiter det. Om vi har eit namn i tillegg til det offisielle namnet, kan vi seie at det er eit kallenamn. Kva er eigentleg vitsen med kallenamn? Kan vi ikkje klare oss med namnet vi først har fått – det som gjerne blir kalla døypenamn? Termen er eigentleg uhøveleg, for dåp og namngjeving er to ulike handlingar. Alle er dessutan ikkje døypte, men alle har vi namn. Meir nøytralt er gjeve namn, men også kallenamn er gjevne, så god er heller ikkje denne termen.

Kallenamn og gjeve namn - kvart namn til sin bruk
Det offisielle namnet og kallenamnet har ulike stilistiske funksjonar og utfyllar kvarandre. I offisielle samanhengar blir det gjevne namnet brukt, men i uformelle samanhengar er det meir sannsynleg at kallenamnet blir brukt, spesielt mens ein er barn og ungdom, men også som vaksen saman med folk ein kjenner godt. Kallenamn av denne typen blir ofte kalla kjælenamn i norsk, i svensk smeknamn, i engelsk pet name.

I nokre språkmiljø finst prefabrikerte kallenamn, ein slags automatiske refleksar mellom det gjevne namnet og kallenamnet. Om du er svensk og heiter Rolf eller Elisabet, så er det svært sannsynleg at du også blir omtala som Roffe eller Bettan. Eit like fast samband rår i engelsk språkbruk mellom t.d. William og Bill, Edvard og Eddy. Det er lett å sjå at slike kallenamn er avleiingar av dei gjevne namna. Dei kan ofte vere ”enklare” lydleg enn originalen, jf. Elisabet – Bettan, eller dei er kortare, t.d. Richard – Rick, men også lengre, t.d. svensk Bo – Bosse.

Men kallenamn treng slett ikkje å ha eit språkleg samband med det gjevne namnet. Ein person kan få kallenamn som har å gjere med karakteristiske eigenskapar, utsjånad, spesielle hendingar, særmerkt språkbruk, staden ein kjem frå og andre forhold: Surius var støtt i dårleg humør, Beinet var slankare enn folk flest, ho Leppefina pynta seg ofte med mammas leppestift, Byguten kom frå byen, han Makkabæus pla å grave etter sandmakk før han skulle ut å fiske og han Dyske det brukte å seie ”dyske det” når noko skulle understrekast. Eit kallenamn kan vere kjent for namneberaren og nytta i dagleg samkvem med andre, men ofte er det eit litt vondsinna karakteriserande eller harselerande ”bak-ryggen-namn”: Lus-Lars var ikkje av dei mest nyvaska, og han Dyn hadde vore uforsiktig og uheldig i bruken av dynamitt. Nokre kallenamn kan altså vere hyggelege å ha, andre kan vere ei belastning.

Finn ein kallenamn blant dagens ungdom?
I ei spennande undersøking om kallenamn som 5.–7. klassesteg på Bruvik skole i Osterøy kommune gjorde i 2010, fann dei at skikken med å bruke kallenamn truleg var vanlegare før enn no. Undersøkingar av kallenamn i norske idrettsmiljø tyder også på det. Som bybuar i Tromsø gjennom mange år, men med oppvekst i eit bygdemiljø, har eg dessutan gått ut frå at bruken av kallenamn var noko som var vanlegare i bygdemiljø med nære relasjonar mellom folk, enn i byen.

Stor var derfor overraskinga då to av studentane mine i nordisk språkvitskap kunne vise at tenåringar i nordnorske byar bruker kallenamn særs aktivt. Janne Nilsen undersøkte våren 2010 bruken av kallenamn blant 56 elevar i alderen 16–18 år i Bodø. Berre namn som elevane opplyste var brukte om dei sjølve, blei analyserte. 35 av 56 elevar oppgav at dei hadde eitt eller fleire kallenamn. At dagens nordnorske byungdom er ivrige brukarar av kallenamn, blei også stadfest av Johannes Hönscheid om hausten same året, då han samla inn opplysningar om kallenamn blant ungdom under Forskningsdagene i Tromsø. I alt 85 spørjeskjema blei utfylte av tiandeklassingar (elevar på 15–16 år). 44 elevar oppgav at dei hadde kallenamn, fleire hadde meir enn eitt namn. 66 personar oppgav også namn på andre, i alt 324 forskjellige kallenamn kom inn.

@img:1:center:size=full@ Nordiskstudent Johannes Hönscheid deler ut spørjeskjema på Forskningsdagene 2010 i Tromsø. Foto: Torjer A. Olsen

Men kva slags namn er det dagens nordnorske byungdom bruker? Når bruker dei kallenamn, og korfor gjer dei det?

Kva for kallenamn bruker ungdom i Bodø og Tromsø?
Mange av kallenamna har formelt sett bakgrunn i det gjevne namnet. Jonas er blitt til Josse, Edmund til Edda, Catharina ligg til grunn for både Tatanina og kortforma Nina, kanskje er dei barnespråksformer av det gjevne namnet. Eit fleirstava namn som Alvilde ligg til grunn for Ally, Alven og Alvidusk. Eit kort namn som Ida har gjeve opphav til eit lengre og samansett namn, Idapida Steroida. Her er både rim og språkleik nytta. Eit tostava namn som Lisa er blitt til einstava Leez, og ortografien har fått ein engelsk svip. Kallenamn ut frå slektsnamn finst også, t.d. er Taranger blitt til Tarrah. Om du er gut og er så heldig at du heiter Aasmo og er interessert i fotball, kan ei lita ortografisk justering til Aasmoah nesten gjere deg til den populære fotballspelaren Asamoah Gyan.

Med hjelp av engelsk og fantasi kan det trauste og norske Solveig endre uttrykk til Sunroad, som namneberaren oppfattar som meir moderne. Det språklege sambandet med det gjevne namnet kan avgrensast til berre ein initial, t.d. har Johannes fått kallenamnet Dr. J. på grunn av at framtidsplanane er å studere medisin. Namnet er samanfallande med namnet på ein kjent amerikansk basketballspelar. Initialar og tal kan kombinerast til kallenamn, t.d. G2K, og 2-talet skal lesast som engelsk ”too”. Eit samanfall med namnet på nettbutikken G2K Games passar sikkert namneberaren bra, men ho har opplyst at ho fekk namnet då ho tok til i vidaregåande skole på grunn av at bror hennar, som hadde gått her før, blei kalla A2K.

Kallenamn kan vere forankra i fleire forhold, og meir enn eitt namngjevingsmotiv i eitt og same kallenamn ser ut til å vere nokså vanleg. Nokre kallenamn er karakteriserande: Nicolai, som er lang av vekst, har kallenamnet Nices den høye. Flaggstanga, Fyrtårnet og Giraffen understrekar også kroppshøgd; alle namna er brukte om den same personen, som ikkje er spesielt glad i dei. Ein med raudt hår blir kalla Ginger eller Redhead. Mange av kallenamna ser ut til å vere inspirerte av nettprofilar som ein finn på nettstader som t.d. MySpace og Bonzoo. Rollefigurar i kjende filmar kan bli kallenamn, t.d. Lenny, eller namn på kjende låtar, t.d. Papi Chulo, og det er ikkje ei ulempe at Papi Chulo har tydinga ‘attraktiv type’. Vi må heller ikkje glømme populære artistar, t.d. JayB eller forkortingar for kule ting, t.d. M2, som er eit automatisk maskingevær og MC kan bety både det eine og det andre, t.d. Master of ceremonies innafor hip-hop-kulturen, men også forskjellig anna som motorcross, namn på vokalistar og kunstnarar.

Ei eiga nisje i floraen av kallenamn finn ein hos innvandrarungdom. Dei gjevne namna deira kan vere vanskelege for norskspråklege, og då kan kallenamn vere nyttige. Lolo, Sju, Maro og Salsa er greie namn å hugse. Dessutan er dei ganske kule. Kulturelt framstår dei truleg som ”nøytrale” i motsetnad til dei gjevne namna.

Kallenamna i dei to undersøkingane ser ut til å vere alt frå mammas ”snuskebass”-namn til namn som profilerer i venneflokken, i klassen og på nettet. Kanskje særleg det siste. Her kan det vere praktisk – av fleire grunnar – å heite noko anna enn det ein gjer til vanleg. Ein lagar seg eit namn, og så kan det vere at andre plukkar det opp og bruker det.

Kallenamn som identitetsuttrykk og språkleik?
Om vi har eit kallenamn, kan vi i visse samanhengar heite noko anna og meir spennande enn det vi heiter til dagleg. Kallenamna i materialet viser at ungdom har ei velutvikla evne til å bruke språket på ein kreativ og nyskapande måte. Når eit namn blir knytt til både namneberaren og til noko(n) utanfor, kan namnet signalisere verdiar som det gjevne namnet ikkje kan formidle. Ved hjelp av eit kallenamn kan vi vise oss fram slik vi sjølve synest er kjekt, og om kallenamnet er laga av nokon i vennekrinsen, vil namnet kunne vere eit signal om korleis andre ser på oss. Sidan vi kan ha meir enn eitt kallenamn, alt etter samanhengen vi er i, kan namna formidle ulike sider ved oss som individ. Om vi veks frå eller sluttar å like eit kallenamn, kan vi få eller lage oss eit nytt.

@img:2:center:size=full@ Tromsøungdom fyller ut spørjeskjema om kallenamn. Foto: Torjer A. Olsen

Fleire ungdomsspråkforskarar har peikt på at språket til ungdom er kreativt, nyskapande, leikande og ekspressivt, men underleg nok har ikkje kallenamn blant ungdom blitt ofra særleg merksemd. Men kallenamna er svært interessante å sjå nærmare på om vi ønskjer å forstå korleis ungdom viser fram seg sjølve, og korleis ungdom ser kvarandre. Undersøkingane til dei to tromsøstudentane viser at namna er sjølvkomponerte profileringsnamn, men også tildelte kallenamn med ein identitetstilskrivande funksjon. For den uinnvidde kan mange av kallenamna framstå som lukka og uforståelege, men ein nærmare analyse av namna opnar opp eit vindauge til interesser og kultur som namneberarane er ein del av eller assosierer seg med. Eit studium av kallenamn og namngjeving kan avsløre mykje om identitetskonstruksjon blant ungdom. Samspelet mellom gjevne namn og kallenamn inneheld med andre ord mangearta, kompliserte og spennande mønster som ventar på å bli utforska.

Litteratur
Hönscheid, Johannes 2010: Kallenavn blant ungdom i dagens Tromsø. Upublisert semesteroppgåve i emnet Innføring i namnegransking, bachelornivå, Institutt for språkvitskap, HSL-fakultetet, Universitetet i Tromsø, 15 sider m/vedlegg.

Nilsen, Janne 2010: Kallenavn - et kreativt trekk ved ungdomsspråket. Upublisert semesteroppgåve i emnet Sosiolingvistikk, masternivå, Institutt for språkvitskap, HSL-fakultetet, Universitetet i Tromsø, 17 sider m/vedlegg.

Powered by Labrador CMS