Språk og samfunn

Forskargruppa Språk og samfunn ved Fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning, Universitetet i Tromsø, arbeider med ulike sosiolingvistiske problemstillingar som framfor alt er knytt til dei nordlege språkområda. Ulike aspekt ved fleirspråklegheit og språkkontakt står derfor sentralt.

Medlemmane i gruppa forskar for tida mellom anna på språkleg revitalisering og emansipasjon, geografisk og sosial språkvariasjon, person- og stadnamn, språk og kjønn og språkleg mangfald i klasserommet.

Les de siste nyhetene fra forskning.no