Kvifor lærer ikkje politikarar av fortida?

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

@img:1:right:size=medium@ (Foto: Tove Bull)

Av Tove Bull

Spørsmålet i overskrifta er eksempel på det vi i språkvitskapen kallar presupposisjon. Det vil seie at spørsmålet inneheld ein indirekte, men samtidig utvitydig påstand som gjer krav på å vere sann. Påstanden er altså ikkje direkte eller eksplisitt uttrykt, men blir implisitt tatt for gjeven. Det klassiske dømet i faglitteraturen er dette: Når slutta du å slå kona di? Eller: Når slo du kona di sist?

Eg er ikkje så sikker på at denne bloggen vil gje det endelege svaret på spørsmålet den stiller. Det eg vil blogge om, er dei vilkåra barn og unge med andre morsmål enn norsk lever under i det norske samfunnet. Er det ein fordel eller ei ulempe å vere fleirspråkleg? Forskinga seier at det i det store og heile er ein fordel. Politikarar flest agerer og argumenterer som om det er ei stor ulempe, iallfall om det aktuelle morsmålet ikkje er engelsk eller eit anna ”stort” europeisk språk.

Forskingsresultat og politisk praksis
Lenge trudde eg at diskrepansen mellom forskingsresultat og politikk berre gjeld humanistisk og samfunnsvitskapleg forsking. Det var før eg las den briljante og morosame boka Bad Science av legen og forskingsjournalisten Ben Goldacre. Boka er ein tankevekkjar, samstundes som ho gjev lesaren mang ein god latter. Det er politikarar og journalistar og ikkje minst den farmasøytiske industrien som er skyteskive for Goldacre. Han dokumenterer med talrike døme at det er velfortent. Igjen og igjen er det pengar og inntening som styrer politikken. Kva vi veit på grunnlag av forsking som byggjer på utprøvde og aksepterte metodar, har mindre å seie. ”Bad science”, altså dårleg forsking, blir brukt som legitimering og vikarierande argumentasjon for økonomiske interesser. Goldacre har utgangspunkt i naturvitskapleg, medisinsk og farmasøytisk forsking. Truleg er det ikkje så stor skilnad på korleis forskingsresultat i ulike disiplinar blir neglisjerte eller omtolka, som eg først trudde. Vi står med andre ord overfor eit allment fenomen: Det er ofte store gap mellom det forskingsresultat tilseier, og faktisk politisk praksis.

Eit norsk språkhierarki
Her handlar det om språkleg mangfald. Dei språka som er i bruk i Noreg, er ut frå gjeldande lovgjeving og andre reguleringar organiserte og rangerte i ei form for hierarkisk orden. Formelt og reelt er norsk språk plassert øvst i dette hierarkiet. Nasjonalspråket norsk har to former, bokmål og nynorsk. Desse er juridisk jamstelte, men de facto har bokmål ein mykje sterkare posisjon enn nynorsk, og må såleis hierarkisk plasserast over nynorsk. På nivået under finn vi samisk. Det har offisiell status i Noreg og vern som urfolkspråk. Her til lands er det tre samiske språk i bruk, nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Formelt er dei likestilte; reelt er posisjonen til nordsamisk mykje sterkare enn den som er dei to andre samiske språka til del. Så nordsamisk rangerer over lulesamisk som rangerer over sørsamisk. Noreg har vidare ratifisert to Europaråd-konvensjonar som gjeld såkalla nasjonale minoritetsspråk. Desse språka har eit visst vern, men svakare enn samisk. Dei aktuelle språka i denne samanhengen er kvensk (og altså ikkje finsk) og romani (språket til dei reisande) og romanes (språket til det norske romfolket). Også her må det ei innbyrdes rangering til; alle er truga språk, men kvensk kjem nok best ut. Det er vidare på tale å inkludere norsk teiknspråk som offisielt språk i ein eller annan forstand, kanskje i kategorien for nasjonale minoritetsspråk. Dette er enno ikkje avklara. Til slutt og aller nedst i hierarkiet finn vi innvandrarspråk, altså alle dei språka som blir talte av personar som talar eit anna språk som morsmål eller førstespråk enn dei som finst høgare opp i hierarkiet. Det gjeld i prinsippet alle andre språk, frå store språk som engelsk, tysk, spansk, russisk, mandarin, urdu, persisk til språk som berre har nokre få språkbrukarar. Det seier seg likevel sjølv at særleg engelsk har ein heilt unik posisjon i Noreg, som gjer det enkelt for personar med engelsk morsmål å klare seg godt her i landet. Formelt har brukarar av innvandrarspråk ingen språkrettar i Noreg, ut over rett til noko morsmålsopplæring dersom det er naudsynt. Så snart ein tyrkisktalande elev t.d. kan litt norsk, har ho ikkje krav på tyrkiskopplæring i det heile.

Eit språkhierarki som dette er sjølvsagt ein abstrakt konstruksjon. Men det har nokre kontante og brutale konsekvensar for enkeltmenneske. Har du norsk som morsmål i Noreg, har du ei rekkje språkrettar som ein med t.d. farsi som morsmål ikkje har. Det gjeld i alt offentleg liv, i barnehage og skole, i helsevesenet, i rettssystemet, i det politiske og byråkratiske systemet, etc., etc. Språk er sjølvsagt eit sosialt fenomen; vi talar med kvarandre, vi lyttar til kvarandre, vi skriv til kvarandre og les tekstar andre har skrive. Men i botn og grunn er språket forankra i individet; språk blir lærte av enkeltmenneske, språk blir talte av enkeltmenneske. Min språklege kompetanse er individuell; den er min kompetanse, og den er aldri heilt lik nokon annans. Eg bruker rett nok denne kompetansen i samhandling med andre menneske. Men det er eg som bruker språket mitt, og det er eg som forstår og tolkar den andre.

Dette inneber at barn møter det norske storsamfunnet gjennom skole og barnehage med ulik språkleg kapital, ulike språklege valutasystem, om vi no skal halde oss til økonomiske metaforar. Det eine valutasystemet er gyldig i det norske storsamfunnet; det andre er det ikkje. Og så er det somme som er meir gyldige enn andre. Det er på ingen måte lett å veksle inn eit språkleg valutasystem med eit anna. Den slags veksling tar lang, lang tid, og er slett ikkje utan omkostning.

La det vere sagt ein gong for alle: Det er ingen som ikkje meiner at barn som lever i Noreg med annan språkleg og kulturell bakgrunn, må lære seg norsk. Det er måten dette skal skje på, som det står strid om. Det er fagleg semje om at ein lærer seg eit nytt språk best når ein samtidig har eller får god kompetanse i eige morsmål. Det finst nokre få unntak til dette som eg ikkje vil komme inn på her; dei er uansett marginale i vår samanheng. Det er vidare fagleg godt dokumentert at morsmålet er kritisk viktig under den første lese- og skriveopplæringa.

@img:2:center:size=full@ "Barn møter det norske storsamfunnet gjennom skole og barnehage med ulik språkleg kapital." Foto: Colourbox

Kva kan fortida lære oss?
Er det noko vi her til lands burde vete, så er det nettopp dette: Tvangsassimilering og tvangsfornorsking er brutal politikk som rammar enkeltmenneske hardt. I tillegg er risikoen for at ein slik politikk mislykkast, heller stor. Dette har vi grundig og relativt ny historisk kunnskap om; det lever framleis personar med t.d. samisk eller kvensk morsmål som kan fortelje oss om korleis det var å begynne på skolen utan å kunne norsk. Offisiell fornorskingspolitikk overfor samar og kvenar varte ved frå midten av 1800-talet til lenge etter andre verdskrigen; i praksis heilt til 1980-90-talet. Målet var å utrydde samisk og kvensk. Det blei aldri nådd fullt ut, trass i at det blei sett inn store ressursar gjennom mykje meir enn 100 år for å gjere det. Denne tidsperioden var ei miserabel tid i historia til både samane og kvenane. Mange levde liv dokumenterer til fulle kor skadeleg fornorskingspolitikken var. No er offisiell norsk same- og kvenpolitikk heldigvis reversert. Tospråkleg kompetanse i t.d. samisk og norsk blir sett på som ein ressurs. Og aldri tidlegare i norsk historie har samiske morsmålsbrukarar snakka så godt norsk som dei gjer i dag. Mange er genuint tospråklege og rører seg utan problem i to kulturar, ja, i to ulike livsverder. Dette er menneske som har hatt undervisning i både samisk og norsk i den norske skolen, som altså ikkje har måtta velje mellom det eine og det andre, men som har kunna seie ”ja takk” til begge delar, og som truleg har vakse i innsikt og forstand gjennom det, og som på det grunnlaget har utvikla seg til å bli ressurspersonar i det norske samfunnet.

Kvifor skal ikkje personar med andre språk enn samisk få nyte godt av dei same språkpolitiske og pedagogiske prinsippa? Tja, sei det! Økonomi er kanskje eitt argument, men berre dersom den økonomiske horisonten er svært kortsiktig. På lang sikt er morsmålsopplæring med integrering som mål truleg meir ”lønsamt” enn assimilasjonspolitikk. Det kan neppe vere tvil om at Noreg ”tener” meir på det samiske samfunnet no enn for 100 år sidan.

Kan det vere slik at folk her til lands ikkje har kunnskapar nok om desse spørsmåla og ikkje er medvitne om at vi har organisert oss språkleg på ein så vertikal og hierarkisk måte? Så langt eg veit, er det ingen som har underkasta dette spørsmålet grundig gransking. Men i eit pågåande EU-prosjekt om finsk-ugriske språk som minoritetsspråk i Europa (ELDIA – European Language Diversity for all), er det gjort undersøkingar av samisk og kvensk i Noreg. Ei av intervjuundersøkingane i dette prosjektet stiller det sentrale spørsmålet om ulike språk blir behandla likt i Noreg. Respondentane er anten kvenar eller samar i Nord-Noreg. I tillegg er det med ei kontrollgruppe norsktalande. Gjennomgåande svarer dei samiske og kvenske intervjuobjekta positivt på spørsmålet: Ulike språk blir behandla ulikt; samisk blir t.d. behandla betre enn kvensk. I den norsktalande kontrollgruppa er medvettet om dette mykje svakare. Det kan sjå ut som om dei som høyrer til i ei minoritetsgruppe, i større grad enn medlemmer av majoritetsgruppa er klar over at somme språk er likare enn andre i Noreg, altså at dei språklege rettane til enkeltindividet er avhengig av kva språk individet talar.

Men politikarer må da kunne så mykje historie at dei veit at assimilasjonspolitikken overfor samane og kvenane ikkje førte fram? Ikkje veit eg om det er kunnskapsløyse, kynisme, kortsiktig økonomisk tenking eller kva som ligg bak den språkpolitikken innvandrarar blir møtte med her til lands. Men eg veit at han er skadeleg.

Kjelder
Bull, Tove 2007: Inconsistencies and Discrepancies in Official approaches to Linguistic Diversity. The Case of Norway, I: Pauwels, Anne, Joanne Winter and Joseph Lo Bianco: Maintaining Minority Languages in Transnational Contexts. European and Australian Perspectives. Houndmills. Basingstoke, Hampshire: Palgrave Macmillan, p. 124-140.

Bull, Tove og Anna-Riitta Lindgren (red.) 2009: De mange språk i Norge. Flerspråklighet på norsk. Oslo: Novus.

Case-specific Report on Kven language – first draft, ELDIA-report. July 2012.

Goldacre, Ben 2009 [2008]: Bad Science, London: HarperCollins Publishers.

Powered by Labrador CMS