Tromsø i språkpolitisk og semiotisk utakt med seg sjølv

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Av Åse Mette Johansen

2011 er snart historie. For mange ligg dette an til å bli året da Tromsø ikkje makta å leve opp til sitt eige gode rykte som ein open og inkluderande by. Ved valet i haust blei raudt til blått i styre og stell, og dei blå var ikkje seine med å innfri valkampløftet om å trekkje tilbake søknaden frå i vår om å innlemme Tromsø i forvaltningsområdet for samisk språk. Prosessen har generert sterke kjensler og reaksjonar hos både tilhengjarar og motstandarar av ei slik innlemming. Ytringsklimaet i papir- og nettaviser har vore aggressivt – tidvis òg rasistisk. Mykje av det som har vore skrive, er fullt av faktiske feil om den etnohistoriske bakgrunnen til byen og regionen. Framleis er det mange som ønskjetenkjer seg Tromsø og Nord-Noreg som norsk, i notid og fortid.

Semiotikk som indeks for status og makt
Gjennom det siste året har kollega Tove Bull og eg studert det semiotiske landskapet på arbeidsplassen vår gjennom kameralinsa. På basis av om lag 200 bilete har vi sett på korleis Universitetet i Tromsø (UiT), inkludert Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN), utnyttar det fysiske rommet sitt som semiotisk ressurs. Storleiken på og betydninga av institusjonen, heilt frå etableringa i 1968, gjer ein slik semiotisk landskapsanalyse interessant. Tusenvis av menneske med språkleg og kulturell bakgrunn frå mangfaldsbyen Tromsø og mangfaldslandsdelen Nord-Noreg oppheld seg her til dagleg. Ved å analysere dette semiotiske landskapet ville vi lære noko om samanhengen mellom språkpolitikk og den statusen tradisjonelle minoritetsspråk har i Nord-Noreg, og ikkje minst noko om korleis ein romleg sosio-semiotisk kontekst blir konstruert og såleis kjem til å indeksere status og maktforhold mellom dei gruppene som tradisjonelt har hatt heimvist i landsdelen.

Dei relevante språka i denne samanhengen er bokmål og nynorsk, engelsk, samisk (i hovudsak nordsamisk) og kvensk/finsk. Vi starta ut med ein heller vid definisjon av omgrepet teikn. Det vil seie at vi har studert språkval og språkbruk på skilt, men vi har òg integrert logoar, ulike symbol, kunst og utsmykking som profilerer universitetet.


Bokmål – nordsamisk – engelsk – nynorsk, men ikkje kvensk!
Ei vandring i det semiotiske landskapet på UiT og UNN kan gjere ein svært forundra over intensiteten i forvaltningsområde-debatten i Tromsø dette året. Landskapet signaliserer nemleg heilt andre etnopolitiske haldningar enn dei som har florert i media. UiT har dei siste tjue åra gått aktivt inn for å synleggjere seg som ein institusjon som er ein del av Sápmi. Dette inneber at ein gjennom ei årrekkje har praktisert mykje av det regelverket som ville komme til å gjelde for Tromsø om kommunen blei ein del av det samiske forvaltningsområdet. Så langt har UiTs semiotiske profil og praksis ikkje vore kontroversiell i det heile, korkje på institusjonen eller i byen.

Det vi fann, går i korte trekk ut på at heile UiT i dag er profesjonelt skilta og visuelt presentert på norsk og nordsamisk, og for ein del på engelsk, både innandørs og utandørs. I nokon monn er òg nynorsk til stades i den visuelle presentasjonen, nemleg på Teorifagbygget frå 2005. Det språklege hierarkiet i det semiotiske landskapet vi har studert, har bokmål på topp, så kjem nordsamisk, deretter engelsk og til slutt nynorsk. UiT har kort sagt ein tydeleg fleirspråkleg profil.

Mange andre trekk ved det visuelle landskapet på UiT konnoterer òg noko samisk, til dømes bygningar, arkitektur og kunst. På universitetsplassen, sjølve hjartet av universitetsområdet, finn vi til dømes to sterkt symbolske samiske byggverk: kulturhuset Árdna, som var ferdigstilt i 2004, ved sida av Joho Niillas goahti frå 1997, ein gamme som blei bygd til ære for professor emeritus i samisk språk, Nils Jernsletten. Det finst i tillegg ei rekkje døme på samisk kunst rundt omkring på UiT og UNN, til dømes av prominente utøvarar som Iver Jåks, Britta Marakatt-Labba og Synnøve Persen. Kunstverka har til felles at dei er plasserte i det vi kan kalle kjerneområde i det semiotiske landskapet som universitetet utgjer. Dei er alle i hallar, gangar, korridorar der hundrevis, for ikkje å seie tusenvis, av menneske passerer kvar dag. Dette er sjølvsagt heilt medvete gjort. Med andre ord, det er viktig for UiT å signalisere samisk identitet overfor omgjevnadene sine.

Interessant nok har vi ikkje vore i stand til å finne kvenske og finske språk- og kulturuttrykk – med unntak av eit kart som heng i ein korridor på HSL-fakultetet, og som framstiller kvenske stadnamn. Dette fråveret er påfallande i og med at kvenane er ein minoritet med djupe røter i nordnorsk historie, kvensk har status som nasjonalt minoritetsspråk, og samstundes er finsk og kvensk undervisningsfag på UiT. Med andre ord kan vi seie at det semiotiske landskapet på UiT utfordrar det gjengse språklege hierarkiet i Tromsø og Noreg med norsk og engelsk som dei to mest synlege språka, men usynleggjering av delar av det mangfaldet som har tradisjon og røter i landsdelen, finst altså også her.

Men kvifor er innlemming i forvaltningsområdet så kontroversielt?
Dette er det ikkje utan vidare lett å svare på. Vi trur at den sterke motstanden mot at Tromsø skal bli innlemma i det samiske forvaltningsområdet, har med identitet å gjere, nærmare bestemt den identiteten mange av tromsøværingane tilskriv seg sjølve. Å akseptere det fleirspråklege og fleirkulturelle universitetet er å akseptere pluralistisk ideologi og dei språklege praksisane som følgjer av ideologien, på vegner av «dei andre», studentar og tilsette frå rundt omkring, ikkje minst frå resten av Nord-Noreg der jo også dei fleste forvaltningskommunane er. Ein som er fødd og oppvaksen i Tromsø, kan godt akseptere at UiT og UNN har plikter og ansvar som rekk langt ut over Tromsø kommune. Byen er vertskap for universitetet og sjukehuset; universitetet og sjukehuset representerer derimot ikkje det landskapet som utgjer Tromsøs semiotiske rom, altså det semiotiske landskapet som bybuaren lever i og identifiserer som sitt.

Byen er heim. Såleis trur vi at søknaden om å innlemme Tromsø i det samiske forvaltningsområdet har hatt sterk symbolsk verknad på den måten at det har truga identiteten til den enkelte innbyggjaren både som norsk, og kanskje enda meir: som ikkje-same. Mange av dei som oppfattar seg som norske og som har bakgrunn i Nord-Noreg gjennom nokre generasjonar, har naturleg nok ein eller fleire samar i stamtavla si. Dette er ikkje like lett å akseptere for alle. Mange utan samisk bakgrunn vil heller ikkje bli identifiserte med noko samisk. Eit anna viktig poeng er at fenomenet samisk by truleg blir oppfatta som sjølvmotseiande. Samisk er per definisjon ein rural kategori! For mange tromsøværingar har det å ha langvarig familiebakgrunn i byen truleg vore nærmast ein garantert vaksinasjon mot kategorien samisk. Så da forslaget om å søke om innlemming i det samiske forvaltningsområdet kom opp, var det å sjå på som ein trussel mot byens identitet både som «norsk» og som «by».

Det er djupt beklageleg at Tromsø kommune har trekt tilbake forvaltningsområde-søknaden. Det er ei mykje sterkare symbolhandling å trekkje tilbake ein søknad enn å la vere å søkje! For dei som har bruk for ymse tenestar på samisk i Tromsø, ikkje minst garantert og stabil opplæring i og på samisk i Tromsø-skulen, ville innlemming i forvaltningsområdet gjere stor forskjell. Når det gjeld det visuelle – stadnamn, gateskilt, opplysningsskilt på bygningar, osb. – gjer dei langt meir enn å gje faktisk og praktisk informasjon. «Det å berre tole nokre tospråklege skilt» er eigentleg ei trivialisering av kva dette djupast sett handlar om og bidrar heller ikkje til å forstå dei sterke reaksjonane som nettopp spørsmålet om tospråkleg skilting har utløyst. Den måten vi organiserer det rommet på som vi lever og andar i, er med på å konstruere og bekrefte identitet og sosial orden. Språkideologiar set djupe spor i våre visuelle omgjevnader, og folk synest å vere svært medvetne om dette. Jaworsky & Thurlow (2010:5–6) siterer Mills (1993:150) i boka Semiotic Landscapes:

Each society’s ‘moral order’ is reflected in its spatial order and in the language and imagery by which the spatial order is represented. Conversely, the social is spatially constituted, and people make sense of their social identity in terms of their environment. Their place of residence offers a map to their place in society; [–]

Det denne saka så tydeleg viser, er kor sterkt og kor djupt knytt til identitet vårt heimlege semiotiske landskap er, men dermed også i kor stor grad sosial struktur og språklege hierarki står på spel. Kven som får sin språk- og kulturbakgrunn bekrefta gjennom synleggjering i det offentlege rommet, seier altså noko om ‘moral order’ og maktstrukturar i samfunnet.

Tromsø har dei siste tiåra vore gjennom ein eksplosiv vekst og har per i dag 68 000 innbyggjarar. Dei representerer meir enn 100 nasjonar og enda fleire språk. Om Tromsø-politikarane på sikt er villige til å ivareta og løfte fram samisk språk og kultur gjennom synleggjering og andre revitaliseringstiltak, vil dette ikkje berre kome den samiske folkegruppa til gode. Det vil òg vere eit sterkt signal om at den største byen i Nord-Noreg gjennom å gje den samiske minoriteten rettar og rom òg er heim for folk som representerer ei rekkje ulike bakgrunnar og språk. Da kan vi snakke om ein open og inkluderande by for både «oss» og «dei andre», kven no dette måtte vere i eit moderne og urbant miljø.

Powered by Labrador CMS