Naturen spelar ei viktig rolle for mange festivalar i Noreg, og den gjer oss meir opne for å møta nye folk, viser ny forsking. Biletet er frå Vinjerock, som blir skipa til i ytterkanten av Jotunheimen nasjonalpark. Foto: Toril Sunde Apelthun.

Ut i naturen og inn i festival-modus – der turistar og nordmenn minglar

Naturen har ikkje berre ei estetisk rolle på utandørs festivalar. Den får også kalde nordmenn til å opna seg for framande, viser ny forsking.

Sommaren er høgsesong for festivalar. Kven likar vel ikkje å lytta til livemusikk og nippa til ein drink saman med venegjengen på ein fin sommarkveld? Enda meir unik blir opplevinga med majestetisk norsk natur som bakteppe.

Det finst no om lag 900 festivalar i Noreg, ifølgje Visit Norway. Arrangement i naturområde, eller naturbaserte arrangement, blir stadig meir populære. Arrangementa spenner vidt, frå tradisjonelle musikkfestivalar til matmarknader og idrettskonkurransar. I tillegg dukkar det stadig opp nye konsept, som eksperimentteater og kunstframsyningar med innslag av natur, ekstremsport og mykje meir.

Dette mangfaldige utvalet av festivalar appellerer til nordmenn så vel som utanlandske turistar. Naturbaserte arrangement kan dermed fungera som ein magnet på turistar til nye destinasjonar og det kan bidra positivt til lokalsamfunn. Likevel har me mangelfull kunnskapen om naturbaserte arrangement og naturen si rolle i slike tilstellingar. Det er openbart at naturen tilføyer eit arrangement noko unikt – men kva?

Autentiske opplevingar – ettertrakta, men sjeldne

For å bli klokare på dette temaet har eg, som ein del av BIOTOUR-prosjektet, intervjua leiarane for 22 naturbaserte arrangement i heile Noreg. Føremålet var å få svar på korleis naturen bidreg til å skapa eit vellukka arrangement, som tiltrekkjer seg både lokalbefolkninga og turistar.

Ein gjestfri atmosfære og gode «vibbar» er svært viktig for å lukkast med eitkvart arrangement, men dette er krevjande å få til på bestilling. Arrangørane kan ikkje planleggja god stemning. Deltakarane må vera villige til å bidra aktivt i denne prosessen gjennom samhandling, dei må «samskapa» desse sosiale opplevingane.

Turistar søkjer ofte autentiske og meiningsfulle møte med kulturen dei besøkjer, gjerne gjennom lokalbefolkninga. Samstundes blir destinasjonane meir og meir turistifiserte, og turistane opplever å bli fanga i «turistbobler», der det blir nærmast umogleg å få til meiningsfulle møte med den lokale mannen i gata. På toppen av dette er det ei kjent sak at nordmenn ikkje ivrar etter å sosialisera seg med framande.

Kva rolle spelar naturen i naturbaserte arrangement? Forskaren har funne interessante svar i intervju med arrangementsleiarar i heile Noreg, mellom anna for utandørsteateret "Peer Gynt på Gålå". Foto: Ian Brodie.

Endrar mentalitet ute i naturen

Så, korleis få deltakarar på eit arrangement til å «mingla»? Det viser seg at naturen spelar ei viktig rolle! Ifølgje arrangørane eg har snakka med, blir folk meir opne når dei kjem ut i «Guds frie natur». Dei blir ivrigare etter å oppnå kontakt med andre.

«Eg trur nordmenn er lukkelege når dei får vera utandørs, der dei kan ta på seg turkleda sine, møta andre folk og vera glade saman. Dette er ein del av den kulturelle identiteten vår. Me blir kanskje ikkje vener, men i fjellheimen er me alle like», sa ein eg intervjua som er leiar for «Opera di Setra», ei operaframsyning på ein fjellseter i Midt-Noreg.

Arrangement i naturen fungerer også som eit møtepunkt mellom turistar og fastbuande, fortel leiaren for sykkelrittet Bergen-Voss:

«Nordmenn er ikkje så flinke til å helsa på kvarandre. Dei er litt skeptiske til folk dei ikkje kjenner. På ein rutebuss ser folk ned, ingen snakkar med kvarandre. Men reiser du til fjells, møter du gjerne på dei same folka – og alle seier hei til deg! Det er ganske rart. Folk blir meir sosiale når dei deltek på utandørsarrangement, Det er faktisk ein ypparleg måte å koma i snakk med lokale nordmenn på».

Ute er me alle like

Denne ideen om likskap i naturen er djupt forankra den norske folkesjela, og utøving av friluftsliv er oppfatta som ein arena der ein kan føla seg jamstilt med andre, uavhengig av sosial status og bakgrunn.

Heilt sidan etableringa i 1868, har Den Norske Turistforening (DNT) spela ei særs viktig rolle i fremjinga av utandørs rekreasjon som ein arena for likskap og solidaritet i natur- og kulturlandskapet. Med dette som bakteppe er det ikkje overraskande at intervjuobjekta mine trekkjer fram naturen som eit demokratisk rom der alle er velkomne, og der høgkultur, som klassisk opera eller teater, blir tilgjengeleg for folk flest.

«Den låge barrieren er ekstraordinær for utandørs teater. Eg gjekk på vanleg opera ein gong og visste verken korleis eg skulle kle meg eller oppføra meg. Tilskodarane på uteteater kjem i turklede og kan vera seg sjølve. Det er eit format som er meir tilgjengeleg for folk som ikkje går så ofte på vanleg teater», seier leiaren for "Peer Gynt på Gålå".

Naturen blir med andre ord sett på som eit meir ope og inkluderande miljø, i motsetnad til det urbane miljøet. Med dette som utgangspunkt, kan arrangement ute i naturen bidra til ei oppfatning av eit sosiokulturelt fellesskap og samhald. Dette bidreg til ei positiv totaloppleving for turistar på jakt etter det autentiske, så vel som for lokalbefolkninga.

Arrangement ute i naturen kan bidra til ei oppfatning av eit sosiokulturelt fellesskap og samhald mellom deltakarane, skriv forskaren. Biletet er teke under Norseman Xtreme Triathlon. Foto: Torgeir Storflor Moen/nxtri.com
Powered by Labrador CMS