Ei uventa reise til det ukjende

Då Gandalf den grå vart slagen av demonen Barlog og fall ned i djupet frå den smale steinbrua, inne i fjellet Khazad Dum, mista brorskapets ring håpet om å vinne. Dei mista ein kjær følgjesven og guide. Og når undervassfartøyet Harald ikkje returnerte etter eit rutineoppdrag, kjende vi på same frykta som følgjesvenane til Gandalf den grå.

Innleggsforfattaren (til venstre) poserer med undervassfartøyet Harald (heilt til høgre).

Etter nokre manøvrering, akustisk leiting og trigonometri (ja, faktisk nyttar ein dette utanom klasseromet), så konkluderte forskarane at Harald hadde verkeleg nådd botnen, rettare sagt på 300 meters djup. No er Harald laga for å tåle å dykke til 100 meters djup, og ikkje 300, der han lag no og erfarte ei kraft tre gangar meir enn det han er designa for. Korleis vi nytta tida vår no, vart veldig viktig.

Vi visste kvar Harald låg, fordi vi hadde rekna matematisk på det, men vi hadde veldig liten sjans å redde han på 300 meters djup. Einaste kandidaten for ein slik redningsaksjon, var ein liten 9-kilos ROV som er berekna til å gå til 150 meters djup, men med kabel knytt til seg. Korleis får vi kabelen lang nok til reisa? Forskarane om bord laga ein slagplan, og kom fram til å sende ROV på eige oppdrag for å hekte ein krok på Harald. Ein kabel på 500 meter vart laga med gjenbruk frå ein 20 år gamal sensor og smidde den saman med kabelen til ROV., som no var klar for å bli heist med kran ned i djupet. Alle forskarar samla seg i hangaren og følgde nøye med då ROV vart senka ned i det kalde, mørke havet. No var det 16 timar sidan dei høyrde frå Harald sist.

Redningsaksjon med eit mindre undervassfartyg. (Foto: Frank Nilsen)

Forskarane (med alle kjenslene på utsida, men ingen ytra eit ord) såg at ROV gjekk sakte nedover på sitt redningsoppdrag. 50 meter …. 100 meter … 120 meter ….

Då den nådde 120 meter, fekk vi ei melding frå brua.

- ja, hallo… de har vel ikkje ein raud blinkande lampe på denne ..erm …Harald?

Dei hadde oppdaga noko raudt blinkande i det fjerne. Redningsoperasjonen fekk ein brå slutt, og alle forskarar styrtar til skjermane for å sjå etter satellittsendingar frå Harald. Harald snakka og vart redda om bord etter 20 minutt. Alle pusta letta ut og lurte på kvar denne flaksen kom i frå.

Etter litt undersøking, så fann vi ut at Harald hadde ligge med fronten ned (nesa) i gjørma, og vart heldigvis riven laus frå gjørmebotnen av ein undervasstraum, slik at han kunne redde seg sjølv opp til havoverflata. Harald er frå og med no kjent som Harald den kvite.

Powered by Labrador CMS