Finner organismar mat når sjøisen forsvinner?

I desse tider der klima og sjøis er eit heitt tema, viktige forskingsspørsmål er til dømes: Kor viktig er algar i sjøisen som næringsressurs for organismar som hoppekreps, krill og fisk? Er dei påverka av sjøisen trekk seg tilbake, og viss ja, kva effekt vil dette ha på det arktiske økosystemet?

Publisert

Korleis et ein organisme i ekstremt vanskeleg miljø?

I polare strøk er vinteren hard, og sesongane som er høge i produksjon av biologisk materiale, slik som vår og summar er veldig korte. Det er viktig for organismar som lever i slike ekstreme omgjevnadar å legge på seg så mykje som dei kan gjennom desse gode sesongane. Dei treng å fornye dei oppbrukte ressursane frå ein vinter til ein annan for å overleve og ha nok energi til å reprodusere.

Analyse av feittsyrar er viktige for studie av næringsnettet Ein viktig tilpassing i polare organismar er evna til å samle opp lipidet til energi. Lipidet er laga av feittsyrar som kan verte delt inn i nokre viktige klassar og avvik i mengde og samansetning mellom organismar og trofisk nivå i eit næringsnett. Som eit fingeravtrykk kan feittsyrar verte nytta med anna til å sjå forskjell mellom eincella algar og høgare trofiske organismar som krill. Desse fingeravtrykka kan også verte nytte til å slå fast kva type organismar et kva/kven. Analysa av feittsyra spelar derfor ei viktig rolle i desse studiane av næringsnettet.

Forskjelleg type alge er mat

Eincella microalgar, såkalla primitive produsentar, er basen for den marine næringsnettet i det arktiske hav. Dei trivast i lyse omgjevnadar og oppløyste næringsstoffar i vatnet så snart solen stiger over horisonten på høgare breddegrader når våren sett inn. Desse primære produsentane kan vere separert i artar som lever i nær tilknyting til sjøisen (sjøisalgar) og artar som kjem fram i ope hav (planteplankton)

Arbeide med ulike funn og prøvar etter tokt

Oppgåvene til ein forskar er mangfaldige og varierar frå lesing til skriving av artiklar til analysar med høg presisjon i laboratoriet så vel som fysisk feltarbeid. Som ein tidleg karriereforskar er det veldig viktig å få kontakt med menneske som jobbar innan forskingfeltet for å utveksle kunnskap så vel som om å få ferdigheiter innan metodar.

Med dette formålet drog eg saman med Doreen Kohlbach, ein postdoktor frå Norsk Polarinstitutt (NPI) i Tromsø (Begge arbeider i Arven etter Nansen prosjektet) til Alfred Wegener Instituttet (AWI) i Bremen, Tyskland, for eit krasjkurs i lipidekstraksjon og feittsyreanalyse.

Fordi laboratorietid kostar pengar og prøvar hopar seg saman, arbeida vi harde timar for å oppnå målet om å analysere inntil 100 prøvar i laupet av ei veke. Prøvematerialet varierte frå mikroskopiske små organismar som lever i sjøvatn og som vart samla på små filter laga av glasfiber til makroskopiske dyreplanktonorganismar som krill. Alle dei forskjellege prøve måtte tørkast i låg temperatur/trykkprosess, såkalla frysetørking, før dei vart malt og lagt i organiske løysingsmedel som omdanna og drog ut feittsyrene.

Alle desse forskjellege trinna må utførast i eit veldig reint miljø for å unngå forureining av prøvar med lipidet som ikkje høyrer til. Men lipidet finn ein overalt og det festar seg lett til forskjellege overflatar. Å nytte veldig reine arbeidsmaterialar er derfor noko av det viktigaste i ein veldig sensitiv lipidanalyse. Alle instrumenta vi nytta for å behandle prøvane var grundig vaska og varmebehandla glasa.

På slutten av dagen betalar alt dette arbeidet seg så snart du held det fyrste vesle glasflaska i handa som er fylt med kring 1,5 ml konsentrert feittsyreekstrakt. Deretter legg du denne prøven inn i eit sensitivt instrument, eit gasskromatograf, og snart fekk ein sjå dei fyrste feittsyretoppane på eit kromatogram. Det er sjølvsagt lang veg att til arbeidet er ferdig, for desse toppane må identifiserast, evaluerast og settast inn i ein vitskapleg kontekst. Men det er eit tema for ein annan blogg ein annan gang.

Doreen og eg var veldig glade etter ei intens veke med arbeid. Vi behandla ganske mange prøva, eg lærte mykje og det var kjekt å arbeide i eit team. Resultata vi fekk ser veldig lovande ut, og informasjonen dei har vil fortelje ein veldig interessant historie om artsinteraksjonar i den arktiske matvege gjennom forskjellege årstidar og viktigheita av sjøisen.

Tilsetning av løsningsmidler for lipidekstraksjon
Tilsetning av løsningsmidler for lipidekstraksjon
Lipidekstrakter fra forskjellige kilder og i forskjellige konsentrasjoner
Lipidekstrakter fra forskjellige kilder og i forskjellige konsentrasjoner
Doreen Kohlbach og Angela Stippkugel setter inn det fyrste glaset med feittekstrakt inn i gasskromatografen
Doreen Kohlbach og Angela Stippkugel setter inn det fyrste glaset med feittekstrakt inn i gasskromatografen

Skriven av: Angela Stippkugel med kommentarar frå Doreen Kohlbach.

Omsett av Charlotte Hauge, Arven etter Nansen