FELLES POLARFRONTTOKT 2021

Muhammad Asim, Bloggforfatter nr to frå høgre i lina bakerst.

Fyrstehandserfaring om bord FF Helmer Hanssen

Ein blogg i tre deler om å vere på tokt for fyrste gang

For fyrste gang i mitt liv, vil eg få sjå og oppleve korleis våren og planktonbløminga i Barentshavet vil sjå ut. Fartøyet er snart klar for å ta oss om bord, og vi sitter i isolasjon på vakre Sommarøy i Troms. Mine tankar no er på reisa: Korleis vil det bli?

Bakgrunn:

Muhammad Asim er stipendiat ved UiT og arbeider i Arven etter Nansen. Prosjektet tek sikte på å utdanne framtidas forskarar. Asim arbeidar normalt med matematiske- og jordobservasjonar ved sitt kontor på campus.

No skal skal han få vere med om bord FF Helmer Hanssen på sitt fyrste tokt og få fyrstehandserfaring med korleis dei samlar inn data på tokt som han nyttar i sitt daglege arbeid på land. Han vil fortelje deg om si erfaring han gjer på tokt gjennom tre bloggar frå toktet.

Kva gjer vi om bord? Vi vil studere det marine livet gjennom å overvake vasskvaliteten. Vasskvaliteten, eller dei optiske eigenskapane til vatnet, er avhengig av kva som skjer i vassøyla i havet. I mitt prosjekt skal eg utvikle ein algoritme som konverterer satellitt-data til nøyaktige konsentrasjonar av klorofyll i Barentshavet. Ved å fjernmåle havets optiske eigenskapar, kan vi betre forstå dynamikken i storskala algeblomstringar i regionen.

Ny algoritme for å kunne se algebløminga

I tillegg er eg også interessert i å kalibrere satellittinstrumenter i dette farvatnet så høgt nord, dvs Barentshavet. For å kunne nytte satellittdata), må det nemlig også samlast inn vassprøver saman med tilsvarande radiometriske data. Difor vil eg no delta i prøvetaking i Barentshavet- for å lære meg å samle vassprøver og analysere klorofyll ved hjelp av metoda «High Performance Liquid Chromotagraphy» (HPLC). Vidare vil dei radiometriske målingane over vatn bli samla inn for å validere satellittdata. Basert på desse valdieringane, kan vi utvikla ein regional algoritme som kan oppdage algebløming og estimere klorofyll i Barentshavet.

Isolasjon og førebuingar før tokt

Det er over ei veke sidan vi reiste frå Tromsø og kom til denne vakre plassen som heiter Sommarøy. Ei lita øy omtrent ein times køyretur utanfor Tromsø i Nord-Noreg. Omtrentleg 300 km over den arktiske sirkelen med nydeleg natur og dyreliv. Ein attraktiv plass for turisme og kjend for å kunne observere nordlys om vinteren og midnattssola om sommaren.

Nydeleg dag med sol er ideelt for fjernmåling. Snøen har allereie smelta, og vi kan sjå ein roleg sjø med klart vatn på Sommarøy.

Sakte, men sikkert, førebuar vi oss til toktet som startar opp snart. Vi har dagleg undervisning der studentar presenterer sitt arbeid og diskusjonar. Forskarane deler også sine erfaringar frå felt, både gode og onde, slik at vi kan senke skuldrane og ikkje bekymre oss så mykje over kva som kan skje på tokt. Viss vi ynskjer å lufte hovudet, så har vi tilgang til å gå turar og oppleve eit fasinerande fugleliv rett utanfor hotellet. Det er havørn som flyt i lufta over oss, tjeld som roper høgt, rødstilk og gjess ved strandkanten, ulike måker og sikkert meir å utforske innan fuglelivet.

Rype vart observert kring hotellet akkurat før sola gikk ned

Forventningar og bekymringar før toktet

Eg har vore om bord mindre fartøy, men dette vil vere min fyrste tur på eit stort fartøy som FF Helmer Hanssen. Eg er klar for å vere ein del av eit større team av forskarar får forskjellege fagfelt som skal studere oppvakninga av økosystemet i Barentshavet (April-Mai). Dette toktet vil gi oss høve til å studere algeoppbløminga på nært hald. Eg er nyfiken på korleis dette vil sjå ut. Bilde frå satellittane synar at algebløminga kan dekke eit areal på fleire kilometer. Eg håpar eg vil sjå tidslina og variasjonar i planteplankton under toktoppdraget.

ARCTOS/AeN Polarfronttokt 2021

Hovedideen bak dette fellestoktet er å utføre en detaljert karakterisering av polarfronten ved hjelp av en kombinasjon av fjernmåling, tradisjonelle og autonome prøvetakingsplattformer/teknikker.

Denne studien vil få fram hvordan fysiske prosesser, i forskjellige målestokker, påvirker økosystemtrekk over polarfronten. Dette inkluderer karakterisering av vårblomstringen på begge sider av fronten som forventes å skje i regionen under toktet, i tillegg til bestander av planteplankton, dyreplankton, fisk og bunndyr.

Vi vil også beskrive koblinger mellom biologiske og fysiske prosesser som foregår rundt frontalsystemet. Denne polarfrontstudien tar sikte på å øke vår forståelse av det levende Barentshavet.

Akvaplan-niva har deltatt I dette toktet med 4 gliderfartøy (to havglidere, Hydroid M1, og to seilbøyer). Equinor har sponset denne aktiviteten og deltagelse i toktet for Akvaplan-niva. Planktonsensoren UVP6 inne i glideren M1 er finansiert av EU prosjektet Bioglider (EraNEt MARTERA program).

Det er mange bekymringar før toktet. Utanom røff sjø og å bli sjøsjuk, vi har nøydt å ta omsyn til a) sikkerheit på toktet, slik at vi alt vi gjer på toktet er trygt, b) kalibrere og teste utstyr som skal vere med om bord, c) om været blir fint nok til å drive med fjernmåling (ikkje lågt skydekke) og d) det blir ein satellittovervaking i området når vi tek prøvene frå området (slik at vi kan samanlikne). Og så er det viktig å peike ut at eg aldri før har stått på dekk eller samla inn vassprøver før. Fartøyet Helmer Hanssen vil bli bemanna me det tverrfagleg team av forskarar. Det vil også vere eit høgt nivå på organiseringa og koordineringa for å få alle til jobbe saman i team. Uansett, eg ser fram til å kunne få erfaringa frå teamarbeid og kunnskap frå mine kollegaer. Eg er sikker på at eg vil gjere mitt beste for å auke min kunnskap og få ein betre forståing av feltarbeid og tokt, og eg kan få formidle vidare mitt fagfelt til mine arbeidskollegaer om bord. Kanskje dette vil opne opp for eit framtidig samarbeid? Kven veit?

Følg med Muhammad vidare i neste blogg. Han vil syne fram bilete om korleis dei samlar inn vassprøver, inkludert suksess og feilsteg. Syne fram korleis dei målar vassradiometrisk data med bilete av sensoroppsettet og dele si erfaring med å jobbe i team frå forskjelleg fagleg bakgrunn.

Orignalbloggen vart omsett av Charlotte Stark, UiT og korrekturlest av Camilla Svendsen, UiT.

Powered by Labrador CMS