Vinterprosesstoktet 2021

Tore Mo-Bjørkelund, NTNU

Isflakspagaten

Føljetongen om 16 Arven etter Nansen-forskarar på tokt i ishavet held fram. Denne gongen møter vi “Kaptein Vom” og eit trøblete isflak.

Den som trur at koronapandemien stoppar ved landgangen tek feil. Då 16 forskarar gjekk om bord i FF Kronprins Haakon i Longyearbyen 9. februar hadde vi klare formaningar: Ingen skulle på brua før det hadde gått ti dagar, og lugaren måtte vi rydde sjølve.

Å ikkje få gå på brua og prate med kapteinen kan by på problem når ein står og lurer på kva som skjer, og har vi eigentleg tid til å stoppe og sette ut endå ein bølgesensor, og er dei i grunnen mektig irriterte over at vi virrar rundt som hodelause høns på dekk (rett nok høns med hjelm og vernesko).

Slikt kan vere frustrerande, men mykje meir inngripande var at vi heller ikkje fekk lov å gå inn i isen før vi var sikre på at vi hadde lagt alle variantar av SARS-CoV-2 bak oss. Vi skulle nemleg kunne dra til Tromsø så fort båten kunne viss nokon testa positivt. Dermed måtte vi tilbringe ti dagar ytst i den marginale is-sona, som isen nærast ope hav blir kalla. Men dette er der bølgene bryt opp isen, så for dei tre bølgjeforskarane om bord var ikkje dette den verste plassen å henge.

Meteorologisk Insitutt
Foto: Tore Mo-Bjørkelund, NTNU

Men, etter ti dagar var det altså offisielt: Vi er koronafrie og kan gå inn i isen. Toktleiar Frank Nilsen sette kursen mot «det perfekte flaket» litt aust for Nordaustlandet, like nord for Austfonna. Vi fann oss eit prektig flak på omlag ein kvadratkilometer med jamn og fin is, ein god halvmeter tjukk. Her ankra vi båten fast i isen.

Foto: Tore Mo-Bjørkelund, NTNU

No starta ei hissig sjauing. Her skulle alt skje på ein gong: Telt, bøyer, turbulensmålarar, undervassfarkostar, is-sag, isbor, meteorologistasjon. Alt skulle ut på isen. Så skulle det sagast hol, svære isblokker skulle opp og instrument skulle ned.

Lukas Frank, UNIS

Men med så mykje hurlumhei på isen er det ikkje så lett å sjå om vi får besøk av bamsen. Og det går jo ikkje, så seks sjeler stod bjørnevakt og speida utover med kikkert.

Foto: Øyvind Breivik, MET

Det kom aldri bjørn, men vi fekk besøk av ein tjukkas med bart og store framtenner. I tre timar låg det ein svær kvalross framfor baugen. Han kom opp og tok små pustepausar før han dukka eit kvarters tid til 170 meter der han gomla muslingar (trur vi).

Kaptein Vom dreg pusten før han dukkar etter neste måltid med muslingar. Video: Øyvind Breivik, MET.

På flaket gjekk det no i hundre. Gruppa til Ilker Fer målte salt, temperatur og turbulens under sjøisen kvar time. Kvifor driv ein med slikt? Turbulens er miksing – blanding av vatn. Klarer vi å måle kor fort vatnet blandar seg, forstår vi òg meir av korleis det arktiske vatnet frå nord blandar seg med vatnet frå sør.

Øyvind Breivik, MET

Og medan nokre måler turbulensen forsøker andre å sjå korleis det faktisk ser ut der nede. Tore Mo-Bjørkelund drog fram «Blueye» – ein ROV, eller undervannsfarkost i ledning. Med ekstra GoPro montert i panna fekk han filma undersida av isen.

Isbading for robotar. ROVen «Blueye» på veg ned for å filme undersida av isen. Video: Øyvind Breivik, MET.

Så var dette det perfekte flaket? Vår freda plett i Arktis? Vi dreiv nordaust med eit par hundre meter i timen tvers over den renna vi ville måle i, men heilt freda var vi likevel ikkje. Etter nokre timar byrja flaket å knekke. Midt inne i det svære flaket står det ein hundre meter lang båt ankra fast med krokar. Men det er ikkje lett å halde skipet i ro når ein har vinden i ryggen og isen driv av garde. Sakte byrja isen å knekke opp framfor baugen. Etter nokre timar var det klart at vi måtte ta ein pause og få skipet ankra opp att før vi gjekk i spagaten. Men alt i alt var is-stasjonen vellykka.

Foto: Øyvind Breivik, MET.

Så vende vi nasen sørover langs Nordaustlandet for å ta tempen på vatnet der Austfonna kjem ut i havet. Men der hadde den tøffe storebroren til havisen lagt seg til: Små isfjell kalva frå Austfonna låg og skvalpa i vatnet. Denne isen er heilt fersk og mykje hardare enn havisen (som er litt salt). Det vart så gale at vi måtte styre utanom siste stasjonen.

Frank Nilsen, UNIS

No seglar vi mot ope hav att. Og undervegs skal vi sette att ni bølgemålarar til. Jean Rabault har vore oppe litt lengre enn han bør og må sove, så no er det Malte Müller og underteikna som skal ut og reise i korga (sjå førre blogg). Etter kvart som vi nærmar oss ope hav vil det bli stadig høgare bølger. Vi har alt målt fire meter høge bølger i isen på dei første bølgjemålarane vi sette ut for åtte dagar sidan. Vi ser òg tydeleg korleis bølgene minkar innover i isen. For bølgjeforskinga er toktet allereie ein suksess.

Powered by Labrador CMS