Sesongtokt første kvartal 2021

Isbjørnen sjekkar ut instrumentet forsiktig

Mikroliv i Arktis er òg viktig

Hei frå nok ein fin dag på det største forskingsfartøyet i Noreg – Kronprins Haakon. Etter å ha ete ein nydeleg pizzalunsj, kom eg opp på sjuande dekk (ja, stemmer, denne båten har 10 dekk!), for å skrive denne bloggen til deg frå konferanserommet. Eit hyggjeleg, koseleg rom med flott utsikt. Så korleis hamna og overlever ei jente frå sør i India der vinteren er 20 grader varm, her oppe i Arktis, spør du?

Det er vanskeleg å tru for mange, inkludert mi mor, at eg lever og andar for vinteren. Og det lenge før Game of Thrones og Starkane sitt slagord «vinteren kjem» gjekk på skjermen.

I dag er det dag 11 på havet, og me er på stasjon 5 (P5) av totalt 7 stasjonar som me skal vitja av Arven etter Nansen sitt transekt i det nordlege Barentshavet. Det er vår andre dag her, og me ventar på å få opp sedimentfellen til Yasemin – ein annan doktorgradsstudent frå UiT. Så då er vel tida inne for å introdusere meg sjølv: Eg er ein doktorgradsstudent frå Universitetssenteret på Svalbard (UNIS).

Eg heiter Cheshtaa og arbeider med små organismar, så små at ein treng mikroskop for å bestemme kven og kva dei er for noko. Eg er her dessutan for å svare på eit viktig spørsmål: Kva gjer eg her på dette store fartøyet i tre veker og fell sjøsjuk kvar gang det er litt vel mykje dårleg vêr? Eg er tilknytt eit prosjekt som heiter Arven etter Nansen, som er eitt av dei største samarbeidsprosjekta på havet nokosinne. Prosjektet samlar universitetar og institusjonar over heile landet, med forskarar både tidleg og seint i karrieren som tek sikte på – saman – å forstå Barentshavet betre.

Cheshtaa (til høgre) arbeidar på isen og hentar opp vassprøver.

Men kvifor så mykje om havet, spør du? Viss eg held mi eiga meining utanfor, så kan ein seie, at om det ikkje var for havet, korleis trur du at livet elles ville ha vekse på denne planeten? Havet dekker over 70 % av jordas overflate.

Me har eit breitt spekter av ulik forsking dekt her på fartøyet. Frå dei minste organismane som er ansvarlege for livet i havet til å forstå effekten av giftig forureining vil ha på dei. Vidare studerer me endringar i kor tjukk havisen er og samanliknar dette med dei målingane som er gjort dei siste åra. Me kartlegg for å sjå om me kan føresjå framtida med desse tala.

Dette er mitt aller fyrste tokt i dette prosjektet, og eg er ikkje sikker på kor nøyaktig eg kan formidle alle delar av dette prosjektet perfekt, men eg skal gjere mitt beste for det som er mitt fagfelt og område.

Noko av det viktigaste eg fann ut med å arbeide her, er at du alltid må vere i beredskap. Det er ikkje noko latmannsliv om bord. På eit slikt stort nasjonalt prosjekt må du jobbe, jobbe og jobbe – med kvilepausar sjølvsagt. Det spelar ikkje noko rolle kva dag eller tid på dagen det er. Fredagar er ikkje starta på helga likevel, berre nok ein arbeidsdag for å fullføre arbeidet. Eg lærte det ganske raskt den fyrste veka mi då eg stod opp kl. 01:45 for å starte opp med forskinga mi.

Endeleg kjem eg til kva eg gjer her om bord. På kvar stasjon filtrerer eg nærare 100 liter vatn. Du tenkjer at det ikkje er så glamorøst som fiskebiologane er dei som me kallar dyreplanktonfolket, men me er viktige, me òg. I ein samtale med fyrsteoffiser om bord, då eg skulle fortelje han kva me gjer på dekk 3 (der alle laboratoria og lugarar er), sa han straks «Sjølvsagt, det du gjer er veldig relevant, for viss me ikkje hadde hatt organismar, kva skulle fisken ha ete?» På dette tidspunktet er eg sikker på at auga mine funkla og strålte ut minst 1000 lumen (skin sterkare enn noko hovudlykt) og eg kika på han med eit blikk som sikkert såg merkeleg ut, for han spurde «har du det bra?». Med eit smil svara eg at eg hadde det heilt fint. Nokre gongar kan det vere vanskeleg å forklare at noko me ikkje kan sjå, kan vere så viktig. Små ting betyr noko.

Mitt arbeid om bord er å samle vassprøver for ein type analyse som kallas metatranscriptomics, som me nyttar for å få eit «in medias res»-bilete av ein mindre brøkdel av eit pelagisk samfunn.

I vitskapelege termar gir eit slikt genutrykk av dette samfunnet ein ide om kva som skjer. Eg filtrerer òg vatn for ein annan type analyse som heiter metabarcoding, som er å sjekke mangfaldet av mikrobielle samfunn og korleis det endrar seg basert på dei ulike tilhøva i miljøa.

Det gir ein ide om kva typar og forskjellige storleiksorden organismar me kan sjå i tverrsnittet av havet. Etter filtrering frys me filtera raskt til minus 80 gradar celsius for å ta det med til land for vidare laboratorieanalyse. Filtera går då gjennom ein prosess som kallast DNA-ekstraksjon. DNA er som dei fleste veit livets byggestein; det er det som vidareførast som genetisk materiale frå ein foreldre til eit avkom. Denne lange prosessen som tek 5-6 timar gir oss ein liten mengde gjennomsiktig væske, som inneheld DNA frå mikrobielle organismar. Dette DNA-et har all den informasjonen me treng for å vite kven er frå dei ulike miljøa frå dei ulike stasjonane me har til havs. Me sendar vidare dette til eit selskap for å vidarebehandle vår gjennomsiktige væske til datastyret resultat, som me igjen prøver å tolke.

Ei teikning av havisgruppa og instrument nytta på isstasjonen.

Me tek ikkje berre prøver av vatn, me tek også prøver av havisen og tek opp kjerner av is. Den fyrste isstasjonen vår var P4. Dette har eg ikkje vore ein del av før. For isstasjonen på P4 måtte me planlegge minst 24 timar før kva me skulle gjere. Dette var for å vere mest effektiv på kortast mogleg tid.

På denne stasjonen fekk eg jobben med å vere isbjørnvakt fyrste halvdel av dagen, ikkje veldig overraskande då eg er busett på Svalbard på andre året og har erfaring med slik type arbeid. Det er ikkje så kaldt utanfor då eg gjekk ut på dekk i regattadressen min med 2 lag ull under. Eg vart heit og sveitta veldig før eg starta på vakta mi. Isbjørnvaktene fekk ein sikkerheitsgjennomgang av Jørn frå Norsk Polarinstitutt (NP), før me tok riflene med oss og sver på å beskytte kameratane våre. Som ei rett line med maur, gjekk me ut på isen og fordelte oss i fire mindre grupper. Den fyrste var gruppa for havisfysikk, som gjekk lengst unna båten for å måle isen sin tjukkleik og andre eigenskapar langs tverrsnitt. Den andre gruppa er leia av min veldig gode ven Robynne (UNIS) som hadde ansvaret for vassholet der me skulle ta vassprøver urørt av skipet. Den tredje og den fjerde gruppa var begge iskjernegrupper som eg stod isbjørnvakt for, og desse tok ut heile 44 iskjernar! Dette er eit enormt stykke arbeid ute på isen. Medan dei målte lengda, saga dei opp i passelege seksjonar, måle vassnivået dei kom ut ifrå og sørgje for at alle iskjernane kom om bord FF Kronprins Haakon for å starte med smeltinga. Dette hadde ikkje vore mogleg utan planlegginga frå dei tre mest effektive menneska eg har møtt i mitt liv; vår toktleiarar Sebastian og Anette (NP) og Miriam (AeN-ingeniør, UiT). Miriam planla arbeidet og delte alle inn i team for å samle og behandle iskjernar, medan våre toktleiarar sørgje for at alt gjekk som planlagt frå brua om bord. Toktleiarane hadde også isbjørnvakt og hadde auga på horisonten for å sjå etter innkomande fare.

Like etter lunsj vart eg flytta til iskjerneteamet for å lære meg å hente opp kjernar utan å forureine prøva. Eg lærde raskt at å ta opp iskjernar er ein ferdigheit ein burde ha på tokt i Arktis, spesielt viss ein tek prøver kvar månad for doktorgraden sin. Min andre veldig gode Svalbardbuande ven, Vanessa, lærde meg å ta opp iskjernar. Eg vil gjerne kalle ho for iskjernedronninga, for ho tek opp den eine perfekte kjernen etter den andre. Og viss du lærer av dei beste, då har du starta bra. Og det har eg verkeleg gjort! Den andre iskjernen eg tok opp var ikkje knekt og rettare enn Natalie sitt hår (NTNU – nok ein ph.d. i prosjektet med veldig rett hår). PERFEKSJON! Kanskje litt mykje for ein kjerne, men Vanessa sa «wow, Cheshtaa! Dette var verkeleg bra!». Eg hugsar til og med lengda på denne kjernen som var heile 54 cm. Me målte temperaturen på kvar 10 cm og noterte det ned. Medan me var opptekne med å ta opp dei perfekte iskjernane våre, fekk me ordre frå brua om å kome tilbake om bord fordi dei hadde sett ein isbjørn vandre mot skipet. Heldigvis var me ferdig med arbeidet og kunne pakke saman og snu nasa mot forskingsfartøyet vårt.

Ein isbjørn undersøkjar forsiktig ei GPS-antenne.

Alle kom trygt tilbake og fekk tid til å kike på isbjørnen frå ein av dei større opphaldsroma som er om bord. Dei store vindauga på sida av båten var nok eit syn for bamsefar, der 35 par auge var limt til glaset for å sjå kva han gjorde. Dette er det eg lever for, nysgjerrigheit, som òg er ein grunn til at eg i det heile held på med forsking. Isbjørnen kom seg til amfipodefellene som var sette ut, og han starta å tygge på den. Sannsynlegvis på grunn av den fryktelege lukta av død polartorsk som er agn på fellene. Visste du at isbjørnar kan lukte maten sin sjølv om dei er 30 km ifrå den? Det er noko eg visste, men som eg fekk sjå med eigne auge denne dagen. Då isbjørnen vart lei av å tygge på amfipodefella, gjekk han vidare til oppsettet gjort av havfysikarane og sette seg for å gnafsa på instrumentbagen. Med eit lite HD-kamera kunne me sjå kva den togg på medan den satt der som ein søt liten kvalp. Ja, eg syns dei er søte, og eg ser ikkje på dei som dei rovdyra dei eigentleg er.

Dagen vår enda med å finne ut om instrumenta var øydelagde av bamsefar, men alle var intakte. Berre noko av beskyttelsen/emballasjen var litt reven. Alt i alt ein veldig god dag.

Powered by Labrador CMS