«Krig minus skytinga» – kan idrett bidra til fred?
Publikumssport vert driven fram av prinsipp der fred og vennskap kjem i bakgrunnen for kampen for siger. Samstundes har me ei gammal førestilling om at ein kan skilja idrett og politikk.
«Serious sport has nothing to do with fair play. It is bound up with
hatred, jealousy, boastfulness, disregard of all rules and sadistic pleasure in
witnessing violence: in other words it is war minus the shooting.»
- George Orwell
Heilt sidan Den internasjonale olympiske komiteen
(IOC) vart oppretta (1894), har den internasjonale idrettsrørsla hatt eit
mandat knytta til fred og forsoning mellom folk og nasjonar. Samstundes vart
førestillinga om at ein kunne skilja idrett og politikk fødd.
Generalforsamlinga i FN vedtok i august 2013 å gjera 6. april til den internasjonale dagen for idrett, utvikling og fred. UNESCO, FN sin organisasjon for utdanning, kultur og vitskap, stod bak forslaget.
På heimesidene deira kan me lese at idretten er ein bærar av verdiar som strekk seg langt utover idrettsarenaene. Her vert idrett sett som eit viktig verktøy for alt frå styrking av ungdommar sine livsval og rett til utdanning til sosial inkludering, sosial og økonomisk utvikling og likestilling.
Instrumentelt
UNESCO sitt sjarter (charter) om kroppsøving og idrett blei vedtatt alt i 1978. Retten til å driva idrett, kroppsøving og fysisk aktivitet blei med det definert som ein menneskerett. Likevel var det ikkje før i 2005 at idrett og fysisk aktivitet for alvor vart løfta inn på den globale politiske dagsorden med FN-året for idrett og kroppsøving.
Med det vart fokuset også retta mot å knytte idrett og utdanning tettare saman. UNESCO ser sport som eit instrument for fred og utvikframståing fordi det foreinar folk på tvers av geografiske, politiske, kulturelle og sosiale skilje. Organisasjonen skal yta assistanse og råd til medlemsland som på ulike vis ønsker å utvikla eller styrka tilrettelegginga for idrett og fysisk aktivitet.
Alt anna enn fred og vennskap
Historisk sett er likevel ikkje alle samde i at idrett er eller har vore eigna til å drive fredsarbeid.
Overskrifta til dette innlegget er henta frå eit berømt fotballreferat, ført i pennen av den engelske forfattaren George Orwell. Han rapporterte frå ein kamp mellom Arsenal og Dynamo Moskva i London i november 1945 for tidsskriftet Tribune.
Som eit teikn på fred og vennskap vart det sovjetiske storlaget invitert av britiske styresmakter til å spela fleire kampar mot britiske lag, kort tid etter Japan sin kapitulasjon og slutten på 2. verdskrig. Orwell såg alt anna enn fred og vennskap i kampen han refererte frå og avslutta rapporten sin på følgande vis:
«As soon as strong feelings of rivalry are aroused, the notion of playing the game according to the rules always vanishes. People want to see one side on top and the other side humiliated, and they forget that victory gained through cheating or through the intervention of the crowd is meaningless. Even when the spectators don’t intervene physically they try to influence the game by cheering their own side and ‘rattling’ opposing players with boos and insults. Serious sport has nothing to do with fair play. It is bound up with hatred, jealousy, boastfulness, disregard of all rules and sadistic pleasure in witnessing violence: in other words it is war minus the shooting.»
Medan enkelte av påstandane til Orwell framstår utdaterte, er det liten tvil om at publikumssport gjerne vert drive fram av prinsipp der fred og vennskap kjem i bakgrunnen for konkurransen og kampen for seier.
Meir enn fredeleg kappestrid
Det sosiale og sportslege dramaet som utfoldar seg i samband med rivaliseringar på idrettsarenaer er for mange også sjølve meininga med spelet.
Idrettslege konkurransar er på mange vis styrte etter ein logikk der kampen for seier til eit «oss» og ditto tap for «dei andre» står heilt sentralt. Av dette er det ikkje veldig merkeleg at til dømes fotballag som står i eit ikonisk forhold til etnopolitiske identitetar bidrar med noko meir og noko anna enn «fredeleg kappestrid».
Historia viser at idrett er uløyseleg vevd inn i politiske prosessar på måtar som gjer at det blir naivt å hevda at idrett i seg sjølv kan skapa fred og sosial utvikling. Idrett utgjer ikkje ei boble på sida av samfunnet, men er ofte ein sentral del av sosiale og kulturelle prosessar.
Observasjonar frå Qatar
Som verdas største idrett er fotball kanskje det beste eksempelet på akkurat dette.
Me som forskar i FORM-prosjektet, og som driv denne bloggen, fekk oppleva korleis fotball kan vera ein drivar i kampen for grunnleggande menneskerettar då me gjorde observasjonar frå VM-kampen mellom Wales og Iran i Qatar i november i fjor.
Fotballens kår og rolle i dei pågåande protestane mot regimet i Iran kjem me tilbake til seinare i denne bloggen.