MOSAiC-ekspedisjonen

Fra karantene til isødet

Forskarar møter nye utfordringar i koronatider, skriver Zoe Koenig.

Publisert

Medan eg skriv dette, sit eg i karantene i Bremerhaven i Tyskland. I august bordar eg den russiske isbrytaren Tryoshnikov for å møte det tyske forskingsskipet Polarstern ein stad rundt Svalbard og Framstredet.

Forskarar i karantene kikker ut frå kvart sitt hotellrom

Eg er deltakar på den siste mannskapsrotasjonen til MOSAIC, ein internasjonal ekspedisjon der Polarstern i løpet av eit heilt år driver gjennom Arktis. Målet er å sjå på endringane i Arktis som følgjer av klimaendringane, i atmosfære, i havet, i sjøisen, og for det biologiske.

Som følgjer av klimaendringane og den atmosfæriske oppvarminga smeltar sjøisen, og 2020 vil mest truleg bli ein ny rekord for utbreiinga av sjøis i September.

Andel av Polhavet med minst 15 % sjøis – den blå streken visar årets utbreiing.

Polarstern starta ferden sin i oktober 2019, på den siberiske sida av Arktis, og dreiv med eit isflak til seint i juli, då flaket braut opp i småbitar i Framstredet!

Rotasjonen på mannskapet skjer kvar andre til tredje månad, og vi er no på det siste teamet – vi erstattar Morven og Oliver, som har skrive i denne bloggen tidlegare.

Ettersom isflaket vårt ikkje eksisterar lengre, går våre arbeidsoppgåver no ut på å setje opp ein ny stasjon på isen lengre nord for å studere haustsesongen fram til byrjinga av oktober, når isen fryser på igjen.

Grunna koronasituasjonen måtte vi gjennom ei tovekers karantineperiode i Bremerhaven, og tre neseprøver. Heldigvis var alle testane negative, og vi fikk alle lov til å dra nordover.

Karantenetida blei brukt på å bli kjende med alle instrumenta vi kjem til å bruke i løpet av ekspedisjonen (altså las vi mange brukarmanualar), å bli kjend med forskarane vi skal bu med dei neste tre månadane, og sikkerheitstrening – korleis kommunisere på sjøisen, eller korleis vi oppfører oss når ein isbjørn besøker isflaket...

No er vi alle førebudde på å arbeide på sjøisen, og vi utnytter det varme sumarværet så lenge vi kan før vi drar mot Arktis!

Eit overblikk over kva som skal hende ombord på Polarstern.

Powered by Labrador CMS