MOSAiC-ekspedisjonen

Isflaket MOSAiC-ekspedisjonen hadde segla i Polhavet med sidan ifjor braut opp i juli – no leiter dei etter eit nytt!

Kvifor bryr vi oss om Polhavet?

Zoe Koenig ser nærare på endringane i våre kaldaste havområder.

Zoe Koenig – her frå ein ekspedisjon i det kanadiske Arktis i 2015.

Som fysisk oseanograf er fokuset mitt på havet. Polhavet er delvis dekka av sjøis gjennom heile året. Det er ganske lukka, med to stred som koplar det til resten av hava: Beringstredet er koplinga til Stillehavet, og Framstredet og Barentshavet koplar det til Atlanteren.

Havstraumane rundt Polhavet

Polhavet er viktig på global skala ettersom det er eit «heatsink» – ein stad som sluker varme. Det varme og salthaldige vatnet frå Atlanteren kjem via Framstredet til Polhavet, og renner så mot klokka ved rundt 400 meters under overflata, langs kontinentalskråninga (sjå kartet).

Slik fordeler vatnet seg i Polhavet vanlegvis. Kaldt ferskvatn øverst ved isen, det såkalla halokline laget under det, som isolerar det varme og salte vatnet frå Atlanterhavet lengre nede.

Medan vatnet flyter rundt i djupna, blir det kaldare og ferskare, og forlet Polhavet opp Nordvestpassasjen – mellom Canada og austkysten av Grønland. Slik sluker Polhavet varmen.

Meir blanding fører til meir issmelting

Det varme vatnet frå Atlanterhavet blir i Arktis isolert av eit kaldt ferskvannslag øverst i vassflata, som forhindrar det meste av utvekslinga mellom isen og det varme vatnet (sjå figur).

Men i nokre tilfelle – gjennom vind, tidevann og havstraumar – kan blande havet, og frakte med seg varme frå det varme vatnet i djupet opp til isen og smelte den.

Med klimaendringane vi ser no blir Atlanterhavet varmare, og denne blandingseffekten auker. Som eit resultat når meir av det varme vatnet frå Atlanterhavet opp til sjøisen og smelter den.

MOSAiC-ekspedisjonen er ein fantastisk platform for å dokumentere endringane i Polhavet. No må vi berre finne eit nytt isflak for å setje opp ein camp!

Powered by Labrador CMS