Forskningsskipet Polarstern i Weddellhavet

Frå dekket på forskingsskipet Polarstern

Ein legoninja rekrutterar seler til overvåkningsarbeid

Forskar Elin Darelius og hennar nysgjerrige kompanjong skal ut og møte nye vitskaplege assistentar.

Legoninja på forskerferd

I 2019 var legoninjaen med Dr. Petra Langebroek til EastGRIP-stasjonen på Grønland. I år er han med Polarstern til Weddellhavet.

Elin: I dag får vi bli med Mia og Horst i helikopteret for å tagge selar! Ninja: Tagge selar???
Elin: Vi limer ein liten sensorhatt med ei antenne på selen sitt hovud – når den dykker ned til botnen for å ete, samlar sensorane data, og når selane kviler på isen blir dataene sendt tilbake til oss via satelitt. Ninja: Så selane jobbar for deg?
Elin: Ja, men dei har berre eitt-års-kontrakt. Når dei skifter pels om sumaren fell sensoren av.
Ninja: Det er jo ein skokk med selar her, kvifor landar vi ikkje og taggar dei? Elin: Desse er "krabbe-etarar". Dei går sjeldan lengre ned enn 20 meter, så dei er ikkje så gode oseanografar… Vi treng Weddell-selar! Der borte er ein Weddell-sel! Vi går inn for landing!
Bilete av ein veldig søt sel. Ninja: Eg er ikkje sikker på om ein ninja kan bruke ordet "søt"?
Ninja: …men eg veit ikkje kva anna ord eg kan bruke! Elin: Veldig søt, men for liten for oss. Me må finne ein større!
Elin: Denne, ser du, er mykje større! Horst har fått den til å sove, og no festar dei taggen.
Elin: Så måler dei kor lang selen er, kor tjukk den er, og så kappar dei av eit værhår! Ninja: Eit værhår? Kvifor det?
Elin: Fordi værhåra veks litt kvart år, og ved å analysere dei kan Mia finne ut korleis matvanene til selen har endra seg. Ganske kult! Ninja: No ser det ut som selen er tagga og klar!
Elin: Ja, no gir Horst den eit middel så den våknar opp, og i morgon når selen svømmer ned for å ete frukost, får vi dei første dataene på saltinnhold og temperatur!
Elin: Helikopteret plukkar oss ikkje opp før om ein time…
Dei to stirer ut i isødet
Dei to kosar seg med kvar sin legokopp med kakao
Ninja: Eg trur eg klatrar opp på den kanten der for å få eit fint bilete!
Elin: Vær forsiktig! Ninja: Eg er ein ninja, eg kan ikkje faaaaaa…!
Elin: Går det bra, ninja?
Ninja: Ja – eg er ein ninja, det går alltid bra! Og endeleg, eg ser helikopteret kome!

Alle bileter: Elin Darelius

Merking av selar

Selar kjem lett til der forskarar, båtar og instrument kan ha vanskeleg for å nå fram, spesielt om vinteren når sjøisen er på sitt tjukkaste. Fortøyningar kan ha same funksjonen, men dei måler frå havbotnen og opp, der selar kan bevege seg friare og måle overalt.

Powered by Labrador CMS