Dubbing av barnefilmar?

(Foto: Colourbox)

Det er vanleg å dubbe barnefilmar. Men eg er ikkje så sikker på at konsekvensane av dubbinga berre er positive – heller ikkje for det norske språket, skriv gjestebloggar førstamanuensis Trude Hoel ved Lesesenteret, Universitetet i Stavanger.

Film og tv er svært viktige medium for barn som veks opp i dag. Lite av det som blir sett, er produsert i Noreg, og det har blitt stadig vanligare å spela inn norske versjonar av lydspora til utanlandske filmar og tv-seriar.

For nokre år sidan var dubbing langt vanlegare i Sentral-Europa enn i dei skandinaviske landa, men eg synest å registrera at denne trenden er i ferd med å snu. Før teksta me, men no dubbar me stadig meir i Noreg òg. Tidlegare var det helst teikne- og animasjonsseriar som blei dubba, særleg dei som retta seg mot barn, men det blir stadig vanligare å dubba filminnspelingar òg.

Trude Hoel er førsteamanuensis ved Lesesenteret. (Foto: Elisabeth Tønnessen)

Som språkinteressert kan ein jo hevda at dubbing er bra – for det å ikle utanlandske filmproduksjonar ei norsk språkdrakt vil jo kunne styrka det norske språket. Dubbinga gjev det norske språket eit betydeleg rom i dei mest populære media. (Mellom anna har det ført til at dotter mi på 7 år er sikker på at alt frå Disney er norsk!)

Mange synest òg det er ein føremon med dubbing fordi sjåarane slepp å lesa teksting og dermed kan konsentrera seg om kva som skjer i biletet. Dette gjeld særleg for mindre barn, som les sakte eller ikkje kan lesa. Men eg er ikkje så sikker på at konsekvensane av dubbinga berre er positive – heller ikkje for det norske språket.

For det fyrste meiner eg at dubbing tar bort ein viktig mulegheit til språklæring. Viljen til å forstå kva som blir sagt i engelske filmar, er ei viktig drivkraft til å læra seg engelsk. Det å høyra engelsk gjer også tilhøyrarane vane med engelsk uttale. Bruk av dubbing har lenge fått skulda for at engelskkunnskapane er dårlegare i mange andre land enn i dei skandinaviske landa, og auka dubbing kan derfor koma til å verka inn på engelskkunnskapane til norske barn òg.

For det andre trur eg teksting av filmar og tv-seriar, som ungane er interesserte i, kan ha ein lesestimulerande effekt. Me skal ikkje undervurdera den driven som ligg i lysta til å forstå kva som blir sagt, og viss du ikkje kjenner språket, må du lesa teksten.

For det tredje meiner eg at dubbinga trugar det språklege mangfaldet som finst i Noreg, for svært mange filmar og tv-seriar blir dubba til austnorsk, der det berre er bøndene som snakkar dialekt (mens skurkane og havfrueprinsessa snakkar bergensk). Eg er redd for at innskrenkinga av det språklege mangfaldet me finn i Noreg – særleg i desse populære media – kan føra til monospråklege ungar. Eit resultat av dubbinga kan kanskje over tid vera at ungane i mindre grad forstår ulike dialektar.

Dette innlegget har tidligere vært publisert på Pirion.

Powered by Labrador CMS