Kunnskapsløftet gav leseløft – eller?

(Foto: Colourbox)

Fleire elevar har så dårleg lesekompetanse at dei vil få problem med å gjennomføre vidaregåande opplæring. Me treng å bli meir medvitne på kor viktig leseopplæring er – også i vidaregåande opplæring, skriv gjestebloggar og lærar i vidaregåande skule Edit Marie Asperanden.

Av Edit Marie Asperanden, lærar

Edit Asperanden er universitetslektor ved Lesesenteret og lærar i vidaregåande skule. (Foto: Lesesenteret)

Fleire lærarar enn meg har kjent frustrasjon over kor vanskeleg det er å få elevane til å lese fag.  Mange viser motvilje mot å lese, og argumenterer gjerne med at det er vanskeleg å konsentrere seg fordi det er så keisamt.  Merksemda til teksten skal konkurrere med alt anna elevane er opptekne av, og tankane flyg gjerne lett over på meir interessante område i ungdomen sitt liv. Jamleg har eg høyrt elevar seie at dei ikkje lærer noko av å lese, og det er sjølvsagt ikkje noko godt utgangspunkt for lesemotivasjonen. «Kan ikkje heller du førelese og så får me notata?» er motargument elevane har brukt meir enn ein gong! 

Som norsklærar, i tillegg til programfaglærar, skulle eg vel hatt klårt føre meg kva Kunnskapsløftet (LK06) si satsing på lesing i alle fag innebar då ho vart innført i 2006. I alle fall skulle eg ha visst kva lesing og leseopplæring innebar i mine fag. Men slik var det ikkje!  Eg visste lite eller ingenting om kva det ville seie å drive leseopplæring i vidaregåande skule.

Mangel på innsikt

Eg kunne sjølvsagt unnskylde meg med at det hadde gått nokre år (tiår!) sidan eg var ferdig på lærarskulen, og at det tok ytterlegare ti år før eg byrja å praktisere i klasserommet, eller at eg hadde «sove i timen», og etterpå ikkje greidd å tileigne meg kunnskapen ved å lese på eiga hand. Men nei, eg var ikkje den einaste som mangla innsikt. Tilbakemeldingar frå kollegaer ga meg vissheit om at det var mange som hadde «dubba av» når tema var å vidareutvikle lesekompetansen og leseforståinga. 

Er det slik at med Kunnskapsløftet si satsing på grunnleggande dugleikar skulle resten gå av seg sjølv? Med eitt skulle alle lærarar sjå på leseopplæring som ein naturleg del av det å arbeide med fag? Dei skulle evne å forstå kva som var forventa av dei, og kva dei skulle gjere for å svare til forventningane?  

Er det ikkje meiningslaust å tru at lærarane utan vidare tek dei signala læreplanen gir, og beinveges omset dei til praksis i undervisninga si, utan meir forklaring på korleis og kvifor? Er signala verkeleg så klåre at det ikkje herskar tvil om korleis lesing skal utøvast i alle fag, eller er det den einskilde lærar si tolking og forplikting til læreplanen som bestemmer korleis han blir sett i verk i  klasserommet? Som lærar kan det vere frustrerande å kjenne krava og forventningane, men ikkje ha reiskapen som trengs for å nå opp til det forventa!

Utviklinga av dei grunnleggande dugleikane blei no ikkje heilt slik LK06 hadde forventa heller, og i 2013 kom det reviderte læreplanar og rettleiingar i norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnsfag. Rettleiingane inneheld metodar som skulle hjelpe lærarane i arbeidet med dei grunnleggande dugleikane, og det var bra. Men kva med dei andre faga? Programfaga til dømes?  

Det er vel for seint å drive med leseopplæring i vidaregåande?

Resultata frå kartleggingsprøvene i lesing på vg1 yrkesfag viser at fleire elevar har så dårleg lesekompetanse at dei vil få problem med å gjennomføre vidaregåande opplæring. Tradisjonelt tenkjer vi at leseopplæringa høyrer heime i norsktimane, men på yrkesfaglege programområde er det berre to timar norsk per veke, og det vil gi ei mager leseopplæring same kor dyktig læraren er. Og elevane treng leseopplæring!  Dei treng å utvikle lesedugleiken sin slik at han kan nyttast som reiskap til auka kunnskap omkring alle fag og emne. Programfaglæraren er vesentleg i arbeidet med å utvikle elevane sin lesekompetanse fordi han har ein stor del av undervisningstida.

I 2014 leverte eg ei masteroppgåve med tittelen «Leseopplæring på yrkesfag – det toget har vel gått?»  Utgangspunktet var påstanden Lesestrategiar motiverer til lesing, og seks kollegaer, alle programfaglærarar,  prøvde lesestrategiar jamleg og medvite over ei periode på om lag tre månader. Etter prøveperioden skulle me freiste å stadfeste eller avkrefte påstanden min. Deira tilbakemeldingar styrka påstanden. Fleire av dei hadde brukt nokre av strategiane tidlegare, til dømes å aktivere elevane sine forkunnskapar, men dei visste ikkje at det var lesestrategiar. Målet deira hadde vore å variere undervisninga og freiste å gjere fagstoffet meir spanande. Dei meinte at strategiane var verktyet dei trong for å skape både variasjon og motivasjon. Lærarane opplevde og at dei sjølve vart inspirerte når dei brukte lesestrategiar,  fordi metodane auka aktivitetsnivået, engasjementet og motivasjonen hjå elevane.

Eg trur me treng å bli enda meir medvitne på kor viktig leseopplæring er – også i vidaregåande opplæring. Me treng å vite at med lesinga skal det følgje ei bestilling som hjelper elevane å søke etter gitt informasjon i teksten! Aldri meir seie: «Les frå side 46-52», utan at det følgjer eit konkret leseoppdrag med oppgåva.

FYR opp og la elden spreie seg

I FYR-skuleringane som Utdanningsdirektoratet har gjennomført for alle vidaregåande skular med yrkesfaglege utdanningsprogram, har kvart einskild programområde hatt ei økt med lesing og leseopplæring. Tilbakemeldingane frå programfaglærarane har vore at denne skuleringa var nyttig. I utgangen av 2016 vil lærarar frå alle yrkesfaglege utdanningsprogram i landet vore med på FYR-skulering. Forhåpentleg har denne FYR-satsinga ført til at det verkeleg tek fyr, og at strategiflammane får gode vilkår til å bli spreidd når lærarane kjem tilbake til eigen skule. Eller brenn elden ut litt etter litt?

Powered by Labrador CMS