Født til å løpe?

Av Øyvind Førland Standal

Eg er glad i å springe. Sjølv om Born to run av Christopher McDougall kom ut i 2009 har eg lete vere å lese den, delvis fordi eg ikkje heilt har forstått hypen rundt det å springe barbeint og fordi eg er skeptisk til folk som tener pengar på å lære folk å springe. Likevel, eg er også eit tilfelle av det McDougall skildrar seg sjølv som: «a guy in his forties with busted-up legs».

På tide å gjere noko med det, tenkte eg, og gjennom googling av løping, skadar og skadeførebygging dukka det stadig vekk opp referansar til McDougall og barbeintløping. Så, eg plukka opp boka på flyplassen, og sjølv om eg burde ha jobba på flyturen blei eg sittande å lese Born to run. Boka var rett og slett spennande og eg måtte fleire gonger minne meg sjølv på at det ikkje var ein roman eg las. Trass i at det han skriv skal vere fakta, så er det også klare element av dramatisering og fiksjon. Literary non-fiction, heiter vel sjangeren.

Eg hadde ikkje fått med meg at boka eigentleg handla om McDougall si leiting etter Tarahumara-indianarane, som han peikar ut til å vere verdas best løparar. Eller at den er historia om eit opplegg med å arrangere ein konkurranse mellom dei fremste ultra-løparane frå USA og Tarahumar-indianarar. I grunnen er det berre ein mindre del av boka som handlar om barbeintløping.

Det er Bill Bowerman, Nike-gründeren, som er den store stygge ulven, og det er den moderne (vel, etter Born to run, umoderne) joggeskoen med oppbygd hel og støtdemping som får skulda for dei mange skadane som oppstår blant løparar. Argumenta om at føtene vår mistar styrke og fleksibilitet ved å bli pakka inn og beskytta av støtdemping verkar overtydande. Likevel er det vanskeleg å bli heilt overtydd av at joggeskoen er ond og barbeint er svaret. For det første er det sikkert rett at samstundes som joggeskoen med støtdemping har blitt innført, så har talet på skadar auka. Dette er likevel ein korrelasjon (samvariasjon) og ikkje ei årsaksforklaring. Det kan vere ei mengde andre grunnar som spelar inn. Til dømes at vi er alt for mange som vil altfor mykje på altfor kort tid når vi skal springe. Vi tar oss ikkje tid til å bygge oss opp til å venne oss til springing etter lang tids stillesitting, og skadar er konsekvensen. I tillegg: McDougalls gode hjelpar, løpeguruen Eric Orton råder han til å bruke sko.

Det kan godt hende at vi har for dårleg teknikk og at det bør vere like naturleg å ta kurs i å spring som det er å ta timar hos ein golf-pro for å få ein skikkeleg sving, slik som McDougall påstår. Men denne samanlikninga haltar: påstanden er at vi er fødde til å springe og at å springe er naturleg, men det er ingenting naturleg med ein golfsvingen. Utfordringa med kurs for å lære å springe er i tillegg at det er endå eit område der såkalla treningsekspertar skal selge tenestene sine. Dermed blir også det å springe, naturleg som det er, noko vi ikkje kan gjere før vi har konsultert ein ekspert: terskelen for å bevege seg blir høgare og høgare.

Det som verkeleg interesserte meg i denne boka var altså ikkje kor vidt vi bør springe barbeint eller ikkje. For meg er boka er ikkje eit manifest for korleis vi skal springe, men kvifor vi skal springe. Og då tenkjer eg ikkje på det evolusjonære argumentet, om at vi er fødde til å springe. Nei, det som vekte interessa mi var dei partia der McDougall skildrar gleda ved å springe, både hos Tarahumarfolket, men også hos løparar som Emil Zatopek, som tilsynelatande ikkje kunne late vere å springe. Eit uttrykk for dette er i forteljinga om den fantastiske ultra-løparen Ann Trason som stiller i ein konkurranse der også ein gjeng Tarahumara-indianarar er med. Etter å ha piska seg sjølv gjennom nesten heile løpet i ei klar leiing blir Ann tatt igjen på oppløpet (eit oppløp på ca 16 km…):

He didn’t even look tired! It’s like he was just… having fun! Ann was so crushed, she decided to quit. … the Tarahumara joyfulness… had totally disheartened her. Here she was, absolutely killing herself to hold the lead, and this guy looked like he could have snatched it any time he pleased

Glede sett opp mot å ta livet av seg sjølv. Å springe handlar grunnleggande sett ikkje om å piske kroppen inn i smerte. McDougall minner også på at barn heller vil springe enn å gå: Vi er fødde til å springe, heilt til vi lærer oss å sitte stille.

Boka skildrar ei innstilling til det å springe som eg likar: å vere til stades i bevegelsen, å spring av rein lyst. Å vere sentrert. Denne tilnærminga til å springe er noko heilt anne enn eit helsetiltak der springing er eit middel for å nå eit anna mål (McDougall er rett nok overtydd om omtrent alle problem i samfunnet frå overvekt og kreft til vald og krig ville forsvinne om vi alle sprang) .

Den Kanadiske idrettssosiologen Michael Atkinson har forska på fjell-løparar og yogautøvarar. Det han finn at dei har til felles er at utøvinga av bevegelsespraksisane kan fangast med omgrepet post-sport (altså: post som i noko som følgjer etter, som ein reaksjon – ikkje orientering om du skulle vere i tvil):

Post-sports are sinewy and connected athletic practices that are decisively anticommercial, co-operative over competitive, rejectionist of advanced material technology, socially inclusionary rather than hierarchical, process-oriented, holistic and internally differentiated in their orientation and engagement. A post-sport physical culture values human spiritual, physical and emotional expression through athleticism beyond medical-technical or power and performance terms (Atkinsion, 2010, s. 1251)

Fjell-løping delar mange likskapar med tradisjonelle løpe-konkurransar, men til liks med andre livsstilsaktivitetar som surfing og parkour, skil dei seg frå tradisjonell sport ved å vere mindre regelstyrt og meir retta mot samarbeid. Dei er eksistensielle og sjølvutviklande prosjekt.

Kanskje var vi fødde til å springe, men vi er fødde alt for seint i evolusjonshistoria til å måtte springe. Spørsmålet er i liten grad kva du skal ha på beina dine. Det er heller ikkje så mykje om korleis du skal springe, men mest av alt kvifor du vil springe.

Referanse:

Michael Atkinson (2010) Entering scapeland: yoga, fell and post-sport physical cultures, Sport in Society: Cultures, Commerce, Media, Politics, 13:7-8, 1249-1267 DOI: http://dx.doi.org/10.1080/17430431003780260

(Forsidefoto: Andreas B. Johansen)

Powered by Labrador CMS