Gløym medienes treningsråd

Denne artikkelen er over ti år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Av Jostein Hallen

På Idrettshøgskulen er vi overtydd om at fysisk aktivitet er bra for helsa vår. Og vi har god støtte både i vår eigen forsking og forsking verda over. Fysisk aktivitet førebygger mange sjukdomar og det aukar levealderen. Forskarar har rekna ut at om alle i verda tilfredsstilte myndighetenes anbefaling til fysisk aktivitet ville alderen til verdas befolkning auke i gjennomsnitt med 0,68 år. Men skal eg være ærleg, når eg leste dette blei eg litt skuffa. Eg hadde trudd effekten var større.

Levealderen i Noreg har auka med 10 år dei siste 50–60 åra. 65 prosent av dei eldre vurderer si eiga helse som god eller svært god. Denne andelen har auka med 10 prosent sidan 1985. Men vi blir stadig mindre aktive. Difor må god ernæring og medisinske framskritt ta ansvaret for at den gjennomsnittlege levealderen nå er nær 80 og 85 år for høvesvis menn og kvinner. Det er sannsynleg lite meir å hente på levealder sjølv om vi blir meir aktiv. Skaparen har ikkje tatt høgde for at vi skulle bli så gamle, og dødelege sjukdommar og organsvikt er vanskeleg å unngå i så høg alder. Dette kan tyde på at biletet av kva inaktivitet påfører oss av sjukdom og plager kanskje er litt overdrive.

Betyr dette at eg tviler på vår bodskap om at vi må være aktive? Nei, det gjer eg ikkje! Kroppen vår er bygd for å være aktive og det bør vi utnytte. Men eg meiner at i staden for å skremme folk med dårlig helse og død bør vi fokusere på gleda av å være aktiv. At det å være aktiv har eigenverdi. At tur i skog og mark gir mykje meir enn god fysisk helse. Det gir ei kjensle av fridom og mestring, og det gir ein variasjon i kvardagen som kan påverke vår psykiske helse like mykje som vår fysiologi. Ein bodskap om at den viktigaste gevinsten av fysisk aktivitet ligg i opplevinga av sjølve aktiviteten, vil kunne ha stor innverknad på korleis vi skal motiverast til å bli meir aktive. Og det vil på sikt føre til at fleire blir aktive. I dag blir mange skremt frå å være aktive meir enn motivert til å bli aktive.

Vi som er spesialistar på feltet veit at det viktigaste er at du er aktiv, ikkje nøyaktig korleis du er aktiv. Ikkje desto mindre har vi, med vårt fokus på fysisk helse, skapa ein marknad for ein meir eller mindre kunnig treningsindustri. Og det er treningsindustrien som dominerer i media. Det dei fokuserer på er kva som gir størst effekt. Eller kor lite ein kan klare seg med og likevel ta ut helsegevinsten. Absurde treningsråd basert på håpelaust feile teoriar florerar og forvirrar. Sjølv dei spesielt interesserte blir forvirra. For eksempel spør ein: intervall eller langkjøring, sykle eller springe? For dei som er opptatt av helsa si vil eg gje eit enkelt svar: gjer det du trives best med, det som gir deg mest lyst og glede. Nokon synes det å presse seg litt gir tilfredsstilling. Andre likar lengre og rolegare turar eller rett og slett berre å gå ein tur rundt i byen, i parken eller skogen. Gjer det! Gjer det du likar. Det er nettopp der helsa ligg, at du trives og føler deg bra. Då aukar sjansen for at du tar deg ei økt seinare i veka. Tren i dag slik at du får lysst til å trene i morgon. Du vil ikkje nødvendigvis bli mykje eldre, men det blir endå meir meiningsfullt å bli gamal.

Powered by Labrador CMS